Dei to har mange gode poeng i sine premissar, men går for langt. Ingen har moralsk rett til å ta uskuldige liv. Det er brei aksept for at åtaket på amerikanske institusjonar var ei form for hemn eller motterror. Men heller ikkje for motterror gjeld det nokon moralsk rett. Gilberts og Husums tabbe lar seg lettast avsløre ved at dei dermed gir Bush moralsk rett til hemnkrig mot Afghanistan. Og Israel har brukt denne tankegangen i alle år for å rettferdiggjere sine hemnaksjonar, der dei konsekvent har drepe omkring femdobbelt så mange uskuldige som dei palestinske aksjonane krevde. Ved sin uforsiktige moralske aksept av motterror mot uskuldige, har Husum og Gilbert indirekte støtta israelsk propaganda. Det var vel ikkje meininga? Dessutan har vel ikkje mujaheddin alltid vore så kjekke og greie som Gilbert påstår. Under Tarakis kommunist - regjering bygde Afghanistans fremste kvinnelege intellektuelle, Anahita Rahtebzad, opp ein folkeskole etter moderne prinsipp, der også jenter fekk skolegang, riktig nok i kjønnsdelte klassar. Men heller ikkje det godtok mujaheddin. Jenter utan slør og med abc under armen, var gudlaus kommunisme. Enkelte stader gjekk dei så langt som til å drepe både skolejentene og lærarinnene deira.
|
På den andre sida er denne episoden pinleg avslørande for fleirtalet av politikarar og media - for eksempel Nordlys, Dagbladet og NRK - når dei omtalar Israels gjengjeldelsesaksjoner. Det riktige namnet er sjølvsagt terror eller motterror. Begrepet terror har ein objektiv definisjon: Aksjonar som drep uskuldige, eller set deira liv i fare, med det føremålet å hente inn ein politisk gevinst. Men ein slik definisjon brukar ikkje dei nemnte media. Dei tolkar det nærmast slik at terror er dei handlingane som Nordlys, Dagbladet, NRK og andre større media definerer som terror. Det er ein tendensiøs ringslutning som alle dei nemnte media brukar når dei lagar unntak for USA og Israel. Deira terror-begrep får dermed ei rasistisk slagside. Definisjonsmessig kan aldri herske tvil om at både israelske jordokkupasjonar, busettingar og hemnaksjonar er terror, eventuelt motterror. Ved å bruke eufemismer (forskjønnande språk) legg dei dominerande media opp til akkurat den samme tankegangen som Husum og Gilbert brukar: Israel har rett til å gjengjelde, eller: Bush må hevne terroren i New York og Washington. Altså: USA har moralsk rett til motterro - det er faktisk det Ole Torp temmeleg direkte gir uttrykk for på NRK TV. Nordlys, Dagbladet, NRK m.fl. brukar i realiteten samme argumentasjon som Husum og Gilbert. Derfor er det grunn til å minne om det gode nordnorske ordtaket: Gryta finn åt kjelen, men dei er like svarte begge to.
Hartvig Sætra, |