Også det danske SF tar opp saka: Dansk støtte til terror?, spør dei. Den borgerlige regering gav i 1988 5,8 millioner til et feltlazaret i områder der var kontrolleret af mujaheddin. I SF er vi bekymrede for at pengene er gået til at støtte de fundamentalistiske kræfter i landet. Det står klart at folk som Pia Kjærsgaard (Dansk Folkeparti) og Løkke Rasmussen(V) har givet private penge til mujaheddinere. Vi håber fra SFs side at pengene er gået til humanitære formål. Information peikar på at da Operasjon Dagsverk skulle gå til ANC i Sør-Afrika i 1988, arrangerte dei høgreorienterte ungdomsorganisasjonane eit mot-OD til inntekt for kjønns-segregerte skolar i mujaheddin-kontrollert område. Ingen veit om det vart bygd skolar for pengane.( Neppe for jenter. Motstanden mot at jenter skulle gå på skole var ei viktig årsak til mujaheddins krig mot Tarakis kommunistiske styre). Dette kritiske søkelyset på Afghanistan-komiteen i Danmark verkar overraskande og uventa for oss her i Norge. Det er som om danskane har levd i ei anna verd enn oss når det gjeld Afghanistan. Og det har dei så absolutt. Årsaka er at Norge hadde ei stor ml-rørsle, mens den i Danmark var nesten fråverande. Derfor vart Afghanistan-komiteen ei sak for ytre høgre-partia (V, K og FRP) i Danmark, mens AKPs kjørte hardt ut og pressa alle norske parti og ungdomsorganisasjonar, med unntak av NKP og NKU, inn i dette arbeidet. |
Det er også typisk at mens den danske Afghanistan-komiteen vart danna så seint som i 1984, gjekk det berre nokre få dagar etter den sovjetiske innmarsjen før AKP/RV/Klassekampen hadde stilt seg i spissen for ein norsk Afghanistan-komite, like over nyttår 1980. Så vidt eg minnest hadde Norge før 1988 allereie hatt to OD til fordel for mujaheddin, og dei tala som gjeld dansk hjelp til fundamentalistane, er småtteri mot det som vart innsamla i Norge og løyvt av styresmaktene. På dei vel tjue åra som har gått, har det nok dreidd seg om minst det tidobbelte av dei danske tilskota til mujaheddin. Ein skylder her å gjere merksam på at ein stor del av desse pengane gjekk til humanitære føremål under forholdsvis kontrollerte former. Men det er ganske klart at av vesteuropeiske land var Norge eit av dei få som leverte millionbeløp direkte til geriljaen. Og mens dei danske høgrepartia, i alle fall tilsynelatande, berre gav pengar til humanitære føremål, samla den norske Kvinnefronten openlyst inn pengar til våpen for geriljaen. Sjølvsagt vart det berre eit musepiss i forhold til dei milliardane som CIA og Saudi-Arabia spytta inn; men prinsipielt var det på kanten av norsk lov, og det var unekteleg ei ganske bisarr hending at ein radikal feminist - organisasjon samla inn pengar til våpen for ein sterkt fundamentalistisk islamsk gerilja. Ein kan undrast på kva danske media ville sagt i dag, dersom dei fekk greie på denne innsamlinga. Norske media teier høfleg om saka. Hartvig Sætra, Troms NKP. |