For første gong i norsk historie er vi direkte innblanda i å erklære krig mot en stat med parlamentarisk styre, og vi blir også direkte krigførende med materiell og mannskap. Dette avdekker to heilt sentrale skilnader frå Golfkrigen. Den gongen var det ein autokratisk stat som vart angripen, og Norge tok berre del med passiv assistanse, ikkje i direkte krigshandlingar.
Dersom vi aksepterar at ein stat med parlamentarisk styre også er ein demokratisk stat.- og dette er ein definisjon som både Norge og ikkje minst våre allierte tviheld på når det gjeld "vennligsinna" statar -, da er Serbia eit demokrati,- skrøpeleg og kritisabelt, men like fullt eit demokrati, i vel så stor grad som vår NATO-allierte Tyrkia.
Serbias president Milutinovic og Rest-Jugoslavias president Milosevic har begge fått sine verv som resultat av ein demokratisk prosess. Vi kan vere gnistrende ueinige med serbisk opinion, men dei er i sin fulle demokratiske rett til å velje kven dei vil til parlamentet og presidentvervet.
Så seier mange: "Milosevic har jo fullstendig makt over alle media, så folk får ikkje velje fritt."
Dette gjeld faktisk berre statleg fjernsyn. Andre media - radio, aviser, løpesedlar og bøker er langt linnare sensuret i Serbia enn f.eks Tyrkia. I Tyrkia kan ein demokratisk valt representant dømmast til fjorten års fengsel for å ha snakka kurdisk frå parlamentets talarstol, og ein forleggjar har fått 200 - to hundre! - års fengsel for å gi ut litteratur om kurdisk historie og identitet, jfr. kronikk i Dagbladet av Thv. Steen og Karsten Alnæs 19.03.99. Dei fortel også at dei to kan vere glade for at dei lever. Det er vanleg å myrde opposisjonelle, eller torturere dei til døde.
Denne politikken er godtatt av eit flertal av den tyrkiske befolkninga, som har valt torturistane i frie val. I NATO-forstand er Tyrkia derfor eit "demokrati".
Det er mykje galt å seie om Serbia når det gjeld ytringsfridom. der førekjem både fengslingar, tortur og restriksjonar på media. Men det er aldri påvist at landet nokon gong har gått så langt som det "demokratiske" Tyrkia. Og i motsetning til til mange andre land vi kan sammenlikne med, står Serbia i dag i ein krigssituasjon. Da har alle land restriksjonar på media. Også norske berdskapslover går temmelig langt i så måte. Å bli med på aktive krigshandlingar mot Serbia stiller oss framfor eit dilemma som både styresmakter og media i vårt land gjerne vil flykte vekk frå. Derfor veit eg at det er både einsamt og personleg belastande å ta til orde for alternative synsmåtar. Ikkje minst er eg klar over at det kostar her i Norge å stå nokså åleine om å legge fram visse fakta som eigentleg er velkjente for politikarar og media, men som ein helst ikkje vil snakke om.
La oss enda ein gong slå fast: Serbia er ikkje eit diktatur, slik som f.eks Irak og Burma. Det er eit parlamentarisk statssystem der vi ikkje likar dei haldningane som er framherskande i landet, og der vi ikkje kan fordra dei personane som folk har valt til å styre seg. I så måte liknar landet ikkje berre på Tyrkia, men også på NATO-yndlingen Kroatia, som har rehabilitert nazistiske krigsforbrytarar, øydelagt minnesmerket over "Balkans Auschwitz", Jasenovac, og ikkje mist foretatt etnisk utrensing av 500 000 serbarar fra sine "kosovos", Krajina og Slavonia. Alt med stillteiande velsigning av NATO, Norge og alle parti i Stortinget.
Serbia liknar også på Iran, der folk har valt mullaher med ulik grad av fundamentalisme. Landet liknar på Sri Lanka, der dei singhalesiske partia kappast om veljaranes gunst ved å gå inn for mest muleg brutalitet mot tamilane,- utan at Vesten er inne på tanken om å bombe Colombo. dersom vi undersøker alle FNs medlemsland med parlamentarisk styre, vil vi finne minst to-tre tylfter av statar som har dei samme kjenneteikna som Serbia. Svært mange av desse er i avhengighetsforhold til USA, Verdensbanken og Pengefondet, og er i realiteten marionetter under den multinasjonale kapitalen. Dei har alle ein eller fleire minoritetar som blir brutalt undertrykt av fleirtalsbefolkninga. Og ingen tenkar på at Norge skulle vere med på å bombe desse statane.
Kva er det som er så spesielt med serberane, når dei er komne i ei internasjonal særstilling utan presedens frå liknande statar rundt på kloden?
Det har med tre forhold å gjere. Det eine er Serbias historie, som er så nært knytta til vår eigen, men likevel så underkjent. Blant anna fordi vi prøver å radere ut serbisk krigshistorie frå vår historiebøker i beste Stalin-stil. Store Norske Leksikon har ikkje eit ord om Jasenovac, der minst 500 000 serberar, 60 000 jødar og 20 000 romani vart myrda av kroatiske fascister mellom 1941 og 45!
Det andre forholdet botnar i at Serbia og Montenegro, i motsetning til dei andre jugoslaviske delstatane, gav kommunistpartiet fleirtal i frie val. Mange av dei mest anti-serbiske talsmennene, serleg innanfor fransk høgreside, har åpent gått ut og sagt at dette var ein viktig grunn til at dei slutta å støtte serberane. Dette har sjøvlsagt også påverka stemningen i det kommunist-hysteriske USA veldig sterkt. Det førte blant anna til at amerikanske PR-firma i stor grad vart brukt som "nyheitsprodusentar" i første delen av borgerkrigen i Bosnia og Kroatia. Og alt dei kom med vart godtatt av store delar av pressa (sjølv om det utan tvil finns heiderlege unntak, også i USA).
Det tredje forhold har med dei serbiske ugjerningane å gjere. Sjølv om alle partar var brutale, og sjølv om det er lett å påvise tallmessige overdrivningar av dimensjonar, så er det uomtvisteleg at ein del serbarar meinte at dei hadde "lov" til å ta igjen for tidlegare ugjerningar frå dei andre partane. Dette botnar nok blant anna i balkanske hemntradisjonar som verkar framande for oss. Derfor vart dei eit lett bytte både for sine eigne ekstremistar, og enda meir for ei verdspresse som utnytta ugjerningane maksimalt, og dekte til det dei andre gjorde.
Uansett kven som var "verst" så var dei serbiske ugjerningane store og utilgjevelige. Det er ingen tvil om at ein del serberar fortener merkelappen "krigsforbrytar", uansett kor gode orsakingar den serbiske befolkninga meiner å ha.
Kva hadde skjed dersom befolkninga i Serbia hadde vore taktisk nok til å velje nasjonalister i staden for kommunistar til å styre omkring 1990?
Først og fremst er det sansynleg at Tyskland som hadde (og har) store økonomiske interesser i Kroatia, ikkje ville fått andre land med seg på den anerkjenninga som var så brutal og utaktisk, og som i realiten starta krigen. Da ville også anerkjenninga av Bosnia stoppa opp. Dermed ville "Verdenssamfunnet" fåt tid på seg til å vurdere både landegrenser og befolkningfordeling i området.
I så fall kunne ingen unngå å kontatere følgjande:
1. Det "etniske Serbia", dvs. det området der den serbiske befolkninga reelt har budd fram til 1992, er heilt forskjellig frå den serbiske staten vi har i dag. Dette er ikkje ei ordning som er innstifta av Vårherre, slik ein ofte får inntrykk av ved å følgje med i vestlege media. Grensene for Serbia er med vilje lagt slik av stormaktene Tyrkia og Østerrike-Ungarn for at det skulle vere "lett å hanskes med serberane". Derfor blei store serbisk-befolka område lagt under andre statar, mens Serbia "til gjengjeld" fekk område som hadde eit ganske anna folkefleital. Det var nemleg viktig for stormaktene å splitte eit anna "brysamt" folk: Albanarane.
2. Dersom ein skulle kunne få fred i regionen, måtte første steg vere å sjå heilt bort frå delstatsgrensene. Det er nemleg dei som i første rekke har vore krigsårsak dei siste hundre åra. Folkeavstemningar der eit delstats-fleirtal undertrykker eit stort mindretal med fleirtal i enkelte regionar, var den absolutt verste løysinga som tenkast kunne. Og akkurat den løysinga vart valt. Først og fremst for at Tyskland skulle få full uttelling for sine meir enn tvilsame "tilgodehavender" i området.
Denne "statsgrense-fundamentalismen" vart gjor nærmast til ein religion gjennom vestlege politikarar og media. Desse "glømte" ganske behendig at dei hadde gitt klarsignal til ein FN-konvensjon som skulle tillate regionar med eit anna fleirtal å bryte ut av nasjonalstatar som dei ikkje ønska å høre til.
Det scenariet vi kunne tenke oss, dersom Serbia hadde valt annleis i 1990, var altså at denne FN-konvensjonen ville bli brukt på Jugoslavia, slik at kvar region etter visse reglar fekk velje statstilknytning. Og da ville krigen vore unngått.
Dessutan ville vi dag hatt ein FN-konvensjon å bygge på når Kosovo krev å bli fri frå Serbia! Presset på Serbia for å la albanarane velje sjølve ville stått både politisk og moralsk sterkare dersom dei serbiske fleirtalsregionane i Kroatia hadde fått lov å bestemme sin lagnad ved frie val. I staden vart Kroatia trufa gjennom som "udeleleg" stat, med akkurat samme grenser som det fascistiske Kroatia 1941-45. Kroatia var den einaste nazi-staten i Europa som ikkje måtte avgi landområde i krigsoppgjeret.
Prinsippielt har serbiske fleirtalsregioner i Kroatia og Bosnia akkurat den samme retten som Kosovo til å få sjølstyre. Men vestmaktene valte frå første stund kynisk å sjå bort frå serbiske rettigheiter, og har støtta etnisk utreinsing av meir enn 600 000 serberar, dei fleste frå Kroatia. Dette gjer at serberane er spesielt bitre over dagens brutale aksjoner. Dei føler, med stor rett, at Vesten brukar ein moral for serbiske fleirtalsregionar, og ein heilt annan for albanske, muslimske og kroatiske. Denne etniske forskjellsbehandlinga (om vi skal bruke forsiktige ordelag) er bakgrunnen for at Norge nå vil gå til krig mot ein parlamentarisk stat i Europa, der styret har sterkare oppslutning enn kanskje nokon gong før.
Det finns ikkje noko "vestorientert" alternativ til Milosevic i dag. Dersom Milosevic fell, vil ein koalisjon av Seselj og Vuk Draskovic vere meir sannsynleg. Begge dei to er meir hatske og uforsonlege overfor albanarane i Kosovo enn Milosovic er. Med ein viss rett kan den serbiske befolkninga hevde at Vesten kynisk driv og fullfører dei grensedragingane i området som Hitler gjekk inn for, men ikkje klarte å halde på. Ønsker vi verkeleg at Norge skal gi seg ut på dette? Og kva ender det med; vil det utvikle seg til eit langsamt massemord på serberar, etter modell av Irak?