Det finst derimot eit anna eksempel, som eg trur Dagbladet godt kjenner til, men som ingen større norske aviser til denne tid har villa skrive om. Det gjeld manipuleringa med TV-bilda frå den såkalla "serbiske konsentrasjonsleiren" i Trnopolje hausten 1992. Det var eit engelsk TV-team frå ITN som var der, og dei viste fram eit opptak der ein del mannfolk sto bakom eit piggtrådgjerde. Den fremste av dei var svært mager. Det heile kunne reint overflatisk minne om bilete frå andre verdskrig, bortsett frå at dei personane som var halvt gjømt bak den magre, var i bra hold. Reportasjen vekte voldsom oppsikt, og førte til at NATO etter kort tid tok til å bombe serbiske byar og stillingar. Bombinga kosta omlag 2000 serbiske liv, og svekka bosnia-serberane kraftig. I 1996 studerte den tyske journalisten Thomas Deichmann bileta frå denne reportasjen; det var eitt eller anna som var galt med bildet, men han forsto først ikkje kva det var. Så oppdaga han det: Piggtråden gjekk feil veg kring stolpane. Altså måtte TV-teamet stå inne i piggtråd-innhegninga, og "fangane" utafor! Han drog til Trnopolje, og fekk dette stadfesta, også frå dei muslimske Røde Kors-representantane på staden: TV-teamet sto inne i ei piggtråd-innhegning i ein tidlegare handel for landbruksmaskinar, mens "fangane" var ei gruppe muslimar som var flykta frå andre landsbyar og heilt frivillig var komne til Trnopolje. ITNs team fekk ideen da dei såg den svært magre Fikret Alic. Dei stilte han fremst av mennene, og fotograferte på ein slik måte at sjåarane blir lurt til å tru at dei andre mennene også er nesten like magre. |
Og ei heil verd vart lurt. Overskriftene var enorme og svært fordømmande overfor serberane; ikkje minst i Dagbladet.Affæra kosta mange serbiske liv. Og det som var viktigast for PR-bedriftene var dette: Dei klarte å overbevise dei sterke jødiske lobbyane om at dei burde oppgi solidariteten med serberane, som var sterk på grunn av 2. verdskrig. Thomas Deichmann offentleggjorde saka i det tyske tidsskriftet NOVO, med eit knusande bildemateriale. Blant anna fekk han tak i resten av ITNs eigne bilete, (som dei sjølvsagt berre sendte vidare til "pålitelege redaksjonar"). Dei viste at Deichmanns teori var heilt korrekt. I Tyskland vart det oppvask om saka, og enkelte aviser ba dei bosniske serberane om orsaking. Men saka kom aldri opp i større media i Norge. Den einaste avisa som dekte Deichmanns reportasje, var NKPs avis "Friheten". I Storbritannia vart Deichmanns reportasje trykt i magasinet "Living Marxism". Sjølv om bevisa var ugjendrivelege, vart det hevda at "den var sann fordi det fanst andre leirar som var slik". Og LM vart dømt til erstatningsansvar, slik at magasinet rauk over ende. Det skjedde utan at norsk presse, Norsk Journalistlag og Norsk Presseforbund la realitetane i saka fram for norske avislesarar. Og ingen reagerte mot det svært grove overgrepet mot trykkefridomen i Storbritannia. Slik er situasjonen framleis i året 2001. Enda Dagbladets redaksjon har fått kopi av Thomas Deichmanns reportasje frå meg, har ikkje avisa lagt fram realitetane i saka, berre kome med tåkeleggande omkringsnakk. Feigt, Dagbladet!
Hartvig Sætra, |