Men eg har heller ikkje fått nærmare opplysningar om den mest kuriøse delen av overvakinga av meg. Den skjedde i Nordreisa frå 1978 og utover. Da kom det AKP-folk som sjølproletariserte seg frå universitetet til grunnskolen. Dei viste påfallande stor interesse for det botaniske forskingsarbeidet eg sto i spissen for i Reisadalen. Først seinare fekk eg vite at det i fleire år gekk rykte i bygda om denne overvakinga. I 1987 sprang bomba: Dagbladet hadde fått eit notat frå avdøde ekspedisjonssjef ved statsministerens kontor, Andreas Andersen., som avslørte det han visste om ulovleg overvaking. Eit av momenta i dette notatet - som Dagbladet knapt nemnte - var at også AKP dreiv overvaking av NKP og andre venstreorienterte. NTB sendte ut ei oppsiktsvekkande melding med slik overskrift, og denne vart gjengitt i Friheten 13.10.87, mens nesten ingen andre aviser gjekk inn på dei sensasjonelle opplysningane. Denne overvakinga blei sett i verk etter eit hemmelig møte i sentralkomiteen i AKP, i et lokale som ellers aldri ble brukt til politiske aktiviteter (kanskje eit rom stilt til rådighet av POT?). Eg har fått dette vedtaket bekrefta av folk som var med i AKP den tida. Det er også omtala av forfattaren Tor Obrestad i Dag og Tid (25.10.95). Teorien bak vedtaket var i følgje Obrestad dette: Vi meinte at Sovjet kom til å invadere Nord-Noreg i 1978/79. Sentralkomiteen i AKP meinte i følgje NTB at det pågår et undergravingsarbeid fra pro-sovjetiske krefter. Derfor skulle opplysninger om NKP-ere og andre Sovjet-sympatisører samles inn og overlates til sentralkomiteen. |
Nettopp i 1977 kom det minst ein framståande AKPar til Nordreisa for å følgje med på kva som skjedde der. Saka var, slik eg har fått forklart i ettertid av tidlegare AKP-medlemmer, at AKP meinte den sovjetiske innmarsjen ville komme over Finland via Njállaávzi i Reisadalen, Goulas i Kåfjord og mot Skibotn.Dei hadde teikna kart over innmarsjruta! Og nettopp i Njállaávzi dreiv ein såkalla pro-sovjetisk SVar (underskrivne) med botaniske undersøkingar, til dels med assistanse av eit tidlegare NKP-medlem (Knut Engelskjøn). Dette var sjølvsagt god mat for AKPs mest paranoide Sovjet-hatarar. Eg veit ikkje kva den/dei som var kikadorar gjorde med det stoffet dei ordna til. Kanskje kom det til POT; men det vil sjølvsagt ikkje POT vedstå seg i dag. Men kva med AKP/RV? Kor lenge skal denne saka få lov å forgifte stemninga på norsk venstreside? Er RV så stakkarslige at dei ikkje kan vedstå seg det som har skjedd, og skvære opp med NKP og andre som dei overvaka kring 1980; det er jo trass i alt tjue år sia? Mossad vil neppe fylle tomrommet i mi mappe. Men kanskje RV vil det? Eg spør formannen Aslak Sira Myhre, og andrekandidaten i Troms, Hanne Johansen: Vil de to hjelpe til med dette?
Hartvig Sætra, |