Dørums hykleri om arbeidsinnvandring.



    I Dagbladet 06.09. argumenterer Odd Einar Dørum og Erling Lae for auka arbeidsinnvandring i Norge.

    I 1998-99 kom det nesten 4000 serbiske asylsøkarar til Norge. Dei var etnisk utreinsa av det einaste folkevalde nynazistiske styret i Europa: Tudjman-regimet i Kroatia. Tilbake til Kroatia kunne dei ikkje dra; det ville vere omlag som å sende jødar tilbake til Tyskland i 1938. Storparten av serberane var høgt utdanna; dei var lærarar, lektorar, legar, ingeniørar og sjukepleiarar. I forhold til andre asylsøkar-grupper lærte dei norsk på rekordtid.

    Vi skulle tru at det norske samfunnet ville ha bruk for dei aller fleste av desse menneska, og at det ikkje var ringaste tvil om deira behov for politisk asyl. Men statsråden var uvanleg steinhard: Ingen nåde for serberar!

    Mange lokalsamfunn ba for serberane da statsråden gav sitt nådelause svar: Ingen serberar i Norge, takk! Alle vart kasta ut, meir brutalt enn andre folkeslag. Fordi dei var serberar.

    Det hjelpte ikkje om dei var kompetente til å ta jobbar i Norge; det hjelpte heller ikkje at det var umuleg for dei å vende tilbake til det såkalla heimlandet.

    Under krigen 1940-45 vart ein tredel av serberane i Kroatia massakrert. I 1998 var dei på flukt frå etnisk utreinsing. Den som skal dra tilbake til eit slikt land, må vere overstadig dumdristig.

    Derfor hamna ingeniørane og legane som flyktningar i eit utarma Serbia, da dei vart kasta ut av Norge av ein nesten avsindig negativ statsråd. Det hjelpte ikkje at Norge her hadde fått den utdanningsmessig best kvalifiserte asylsøkargruppa som vi nokon gong har hatt. Men serberar står i ei særstilling.

    Ei særstilling av den typen som det akkurat nå pågår ein konferanse om i Durban i Sør-Afrika. Underskrivne var ein sentral aktør i Aksjon Rettferdighet som skulle skaffe desse menneska opphald i Norge.

    Vi fekk ein rasistisk ryggmargsreaksjon servert midt i fleisen av ein svært så opphissa statsråd. Den statsråden det her er snakk om, var Odd Einar Dørum (V).

    Hartvig Sætra,
    Troms NKP.




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.