Krigen vann valet i 1997. Kva nå, i 2001?



    Da valkampen til det sittande Stortinget var i gang i 1997, stilte ikkje Krigen til val. Likevel viste det seg to år etterpå at det i realiteten var Krigen som vann valet. Alle parti stilte opp for Krigens parti - også SV.

    Den krigen som alle partia sto bak, var folkerettsstridig. Den førte til drap av 2500 sivile i Serbia, og enorme skadar på industri og miljø. Utarma uran vart brukt, og vi veit at det gir store, uavklarte helseskadar. Men verst er det at 250 000 sivile er etnisk utreinsa frå Kosovo. Det som krigen var sagt å skulla unngå, vart ein realitet,

    sjølv om det heile tida sto KFOR/NATO-styrkar i landet - også norske. For ein eventuell framtidig upartisk krigsforbrytardomstol kan også nordmenn bli gjort ansvarlege for deportasjon av nærmare 200 000 serberar, romani og andre folkeslag. I tillegg har også albanske ekstremistar drive ut moderate albanarar i titusental, og drepe fleire av dei.

    Uansett kven det er som stiller opp på partileiardebatten fredag 7. sept., er dei medskuldige i dette. Dei var alle forkledde medlemmer av Krigens parti - også Kristin Halvorsen. Hugs det når du skal stemme!

    Hartvig Sætra,
    3. kand. for Troms NKP.




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.