Under kidnappinga av Milosevic vart det hevda at 40 albanske lik var funne i ei massegrav i sjølve Serbia. Påstandar går nå ut på at serberane har ført mange albanarar til Serbia og torturert og drepe dei der. La oss, for å vere forsiktige, anta at dette funnet er riktig. Og la oss samanlikne det med dei massegravene - dei reelle massegravene - som etter kvart er blitt funne i Kosovo. Dei inneheld ikkje albanske lik, men tvert om serberar og roma (sigøynerar). Meldingar om to av dei største er nettopp komne inn gjennom EC. Andre media i Vesten teier bom still om sakene, enda dei må ha visst om dei i lang tid. Sak 1. Frå Blic, Beograd 21.08.00, med UNIMIK/KFOR som motvillig kjelde: I bydelen Dragon i Pristina har 160 lik blitt funne. Det er mistanke om at det er offer for albanske teroristar gjennom det siste året - altså medan UNIMIK og KFOR har styrt provinsen. Blic har fått kjennskap til at familiemedlemmer av kidnappa serberar og romani er blitt kalla inn for å identifisere lika. Vesna Mulici har for eksempel gjenkjent mannen Ramo Mulici blant lika frå Dragodan. Eg såg mange serbiske identitetskort og fotos på den tida eg brukte for å identifisere mannen min, sa ho til Blic. I UNIMIK-hovudkvarteret vil dei verken benekte eller bekrefte opplysningane. Men organisasjonen har invitert Kosovo- flyktningar i Serbia til identifikasjonane. Sterke KFOR-styrkar vaktar gravplassen, slik at ikkje media får sleppe til. Sak 2. Frå det tyske byrået DPA, 20.07.01: Enda ei massegrav er oppdaga i sørvestre Kosovo. Den kan innehalde opp mot 900 lik, sa FNs kommisjon for Kosovo, UNIMIK, torsdag. Talskvinne Monique Finnberg fortalde radio B 92 i Beograd at dette kan vere ein del av dei 1300 serberane som er sakna i provinsen etter krigen i 1999. Massakren ser ut til å ha foregått etter at dei internasjonale fredsbevarande styrkane KFOR kom inn i landet for å avverje ytterlegare etniske drap av etniske albanarar av serbiske tropper. Oppgraving av lika vil først begynne ved nyttår, sa Finnberg.(Dvs. i 2002).
|
Indirekte vedgår KFOR og UNIMIK at dei ikkje gjorde jobben sin da dei rykka inn i provinsen. Og ettersom fleire NATO-styrte kommisjonar ikkje har klart å påvise ei einaste større massegrav med albanske offer for serbisk terror , blir deira rolle enda meir grotesk. Truleg er det dei såkalla Kosovo Protection Corps som står bak massakrane. KPC vart etablert av UNIMIK ved eit hamskifte av UCK, og leiaren er den krigsforbrytar-ettersøkte Agim Ceku, som altså står på FNs lønningsliste i staden for å sitte på benken i Haag. Dette er svært avslørande både for NATO, UNIMIK, og ikkje minst for domstolen i Haag. Det var for øvrig USAs utanriksminister Madeleine Albright som våren 2000 gav domstolen i Haag ordre(!) om å stryke Ceku av krigsforbrytar-lista. NKPs nyheitsnettverk og Friheten vil gi norsk opinion høve til å vite om kva som har skjedd og skjer. Vårt parti er det einaste som har vore konsekvent mot NATOs diverse krigar på Balkan, og mot norsk engasjement i desse. Denne politikken kan ha store negative konsekvensar for landet vårt i lengda. Vi gjer merksam på at den øverstkommanderande i Kosovo er norsk - Torstein Skiaker - og Norge har mange soldatar i provinsen. Akkurat nå har USA/NATO strupetak på FN. Men det er ikkje utenkeleg at ein gong i framtida kan FN endre karakter og bli demokratisert. I eit demokratisk FN risikerer norske borgarar som er medansvarlege for det som skjer, å bli sett under tiltale for krigsbrotsverk. Det er inga orsaking at USA prøver å diktere europeiske nasjonar og troppekontingentar. Prinsipielt er norske soldatar underlagt NATO i Bryssel, ikkje Pentagon i Washington DC. Å legge norske soldatar direkte under utanlandsk kommando, er dessutan i strid med Grunnloven, meiner mange. Derfor må det komme ein diskusjon her i landet om det som skjer i den okkuperte serbiske provinsen, med Norge som ein av okkupantane.
Hartvig Sætra, |