Og medias behandling av småpartia var verre før i tida. for eksempel da SF blei stifta i 1961. Leiarartikkelen i KK den 23.08. påstår: Uten Finn Gustavsen i ruta, med hodet på skakke, pipa i kjeften og snakketøyet i orden, ville SF neppe fått valgt sine to første stortingsrepresentanter i 1961. Dette er sprøyt. For det første fekk aldri SF sleppe til i TV i 1961; knapt nok i radio. Så vidt eg minnest var eit ganske kort radioprogram med Knut Løfsnes det einaste som eit NATO- og DNA-dominert NRK gav SF.
|
Få av dei kjente Finn G., og da verken hodestillinga, pipa eller snakketøyet, men dei såg hans namn i avisa Orientering. Langt fleire visste av Nordlands-kandidaten, redningsskøyte-skipperen Asbjørn Holm. For folk i Velfjord og andre kystbygder sto han som ein reinkarnasjon av Nygaardsvold-æraen, og som ein representant for det tredje standpunkt og NATO-motstanden. Den tida telte faktisk politikken meir enn trynet på politikaren.
Hartvig Sætra, |