Ei rundspørring som er oppsummert i "Standpunkt" syner stort fleirtall mot framlegget om grunnlovsendring frå Høyre; d. e. at 2/3 flertall skal være nok for ratifikasjon av ein medlemskapsavtale. Høyre markerer seg påny som det mest konsekvente ja-partiet. Dette og andre spørsmål til stortingskandidatane er opplysande for dei som ønsker fleire EU- og EØS-motstandarar på Stortinget.
|
I Fremskrittspartiet ser vi at dei som svarar, i stor grad er mot EU, men dei gir mindre støtte til utmelding av EØS. KrF stiller seg stort sett samla bak EØS-avtalen. Slik eg kan lese rundspørringa, er det bare tre parti som er konsekvent mot EU/EØS: Miljøpartiet De Grønne, Noregs Kommunistiske Parti og Raud Valallianse. Tre andre partier står klårt på nei-sida: Kystpartiet (minus ein for EØS), Senterpartiet (minus to for EØS, tre veit ikkje), Sosialistisk Venstreparti (minus tre for EØS, ein veit ikkje).
Torstein Engelskjøn, |