Italiensk politi utfører blodbad og hyrer nyfascistiske povokatørar!



    Det kjem inn meldingar frå alternative nyheitskjelder som står i sterk strid med framstillinga i offisielle media. Meldingane liknar det vi har fått vite om politibrutaliteten i Gøteborg; men detaljane er enda meir groteske.

    Sterkt opprørande er det også at norske aviser følgjer opp reportasjane i dei konforme media med åtak på de voldelige demonstrantene som det heiter. I denne saka skriv både Dagbladet og Aftenposten ting på leiarplass som dei må vite ikkje stemmer. Underskrivne har fått to augevitneskildringar frå det som skjedde i Genova 22. juli, den eine direkte frå dei ikkje-valdelege demonstrantanes nettverk Indymedia, den andre frå Emperor´s Clothes. Begge stemmer overeins i alle viktige detaljar. Dei fortel:

    Vi har nettopp vore vitne til dei verste krenkingar av menneskerettane som vi har opplevd i vår tid som ikkje-valdeleg protestrørsle. Tre menneske er drepne av politiet; to den 20. juli (ein mann på gata og ei fransk jente på grensa), og vi har nettopp nå sett politiet bere ein likpose ut av Diaz-skolen beint over gata, der den ikkje-valdelege GSF-rørsla har sine seminarrom, kafear og nattkvarter. Politiet braut seg inn i skolen i natt medan folk sov; dei banka opp alle som var der, slik at over halvparten var ute av stand til å gå. Vi har sett over 30 menneske ført ut på bårer og kjørt til sjukehus etter den grove mishandlinga frå politiets side.

    I følgje eit augevitne som slapp unna, låg folk på golva og ropte ikkjevald , mens politiet slo laus på dei i avsindig raseri. Bilete som vart berga unna blodbadet, kan finnast på http://italy.indymedia.org

    Men dei fleste dokumentasjonane er systematisk øydelagt av politiet. Dei braut seg etterpå inn i Indymedias hovudkvarter. Der var det fleire internasjonale akkrediterte journalistar,

    så politiet torde ikkje banke dei opp; men dei gjennomsøkte bygningen systematisk - ikkje for å finne våpen og svarte masker, men for å øydelegge alle PC-ar, kameraer, notisbøker og dokument som kunne avsløre politiets blodbad på andre sida av gata.

    Indymedia fortel om liknande episodar som norske demonstrantar opplevde i Göteborg: At fascistiske provokatørar fekk fritt leide til å mishandle fredelege demonstrantar. Eit italiensk TV-team har tatt opp ein film som viser svartkledde personar med maske på veg ut av ein politibil. Dei slår laus på glasruter og bilar, og gir inntrykk av å høre til demonstrantane. I og med at denne episoden er vist på italiensk TV, skal det vere veldig vanskeleg for Dagbladet og Aftenposten å avfeie det. Folk som vart slått ned av politiet, vart arrestert straks dei hadde fått førstehjelp på sjukehuset, utan omsyn til helsetilstanden. Deretter vart dei torturert vidare på politistasjonane, og blant anna tvinga til å rope viva il Duce ( leve Mussolini ).

    Politi - provokasjonane starta lenge før demonstrasjonane. Det var ransakingar over heile Italia og på alle grenseovergangar. Politiet hevda at det var sendt brevbomber - men av kven? Alle demonstrantgrupper, også IS og andre militante grupper, nektar kategorisk for å ha sendt dei, og politiet har ikkje ført eit fnugg av bevis.

    Indymedias augevitnerapport konkluderer slik: Denne brutaliteten avslører stigande panikk hos dei rike og mektige, fordi dei merkar at verdsopinionen har tatt til å lytte til oss.

    For å ære våre døde - ikkje eit minutts stille, men ein livslang kamp!

    Kan norske media leve med å teie still eller lyge om det som har skjedd i Genova?

    Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.