Her er sentrale innvendingar illustrert ved sitat av framståande representantar for ITCY og Nato: NATO spekulerer kynisk i at folk blandar ICTY saman med den allment aksepterte Internasjonale Domstolen i Haag. Men sanninga er at Tribunalet er oppretta etter initiativ frå NATO, er finansiert av NATO og USA, og tvinga gjennom i Tryggingsrådet ved hjelp av press. Denne bevisste samanblandinga har fått medlemmer av Den internasjonale domstolen til å reagere. Den første hovudanklagaren i ICTY, Gabrielle Kirk McDonald, sa det slik i ein tale til USAs Høgsterett 05.04.99: Madeleine Albright er domstolens mor. I talen takka ho amerikanske finansinstitusjonar, blant dei George Soros´ OSI, som er kjent for å ha finansiert fleire CIA-aksjonar. Seinare takka ho i eit brev av 19.04.99 USAs regjering for ein donasjon på $500 000 (nærmare 4 mrd kr). I takkeskrivet står det: Denne gava vil gjere Tribunalet i stand til å formidle bodskapen om vår upartiske justis(!) ikkje berre til regjeringar, men også til familiane til ofra. At NATO oppfattar seg som eigar av domstolen vart stadfesta på ein pressekonferanse med NATOs talsmann Jamie Shea 17.05.99. Han blei spurt om NATO frivillig vil underlegge seg domstolens jurisdiksjon, og tillate ein eventuell tiltale mot NATO-statar. Shea: La oss skille mellom det teoretiske og det praktiske. Når (sjefsanklagar) Arbour startar sine undersøkingar, er det fordi vi lar henne få gjere det....Det er fordi NATO er ein venn av Tribunalet. |
Det gjekk sjølvsagt akkurat slik. Midt under bombinga vart tiltalen mot Milosevic forkynt nærmast i form av ein førehandsdom. Indirekte gav ICTY dermed signal om at den bombinga som pågjekk akkurat da, var folkerettsleg akseptabel. Det skjedde trass i at NATO på det tidspunktet hadde bomba mengdevis av sivile mål med såkalla klasebomber (anti-personell-miner) som drap mange sivile (over 500). Dei bomba også eit tog med flyktningar, ein serbisk TV-stasjon og den kinesiske ambassaden, forutan ei rekke ikkje-krigsviktige industriar og kjemiske fabrikkar; det siste førte til miljøkatastrofar. Alt dette er gjerningar som ligg godt innanfor begrepet krigsbrotsverk. Da ein stor juristkommisjon med den kanadiske jus-professoren Chris Black som leiar melde NATO til ICTY, var det sjølvsagt ikkje overraskande at den samme Arbour ikkje fann grunn for anklagen. Som tilsvar har Black skulda Arbour for å vere medskuldig i krigsbrotsverk - i dei bombingane som følgte i kjølvatnet av hennar påtale. Meiningsmålingar viser at motstanden mot Balkan-krigen og skepsisen til Tribunalet er stor i mange vestlege land - i Hellas opptil 80%. Norge er det landet i Vesten utanom USA der nasjonalforsamlinga har flest nikkedokker for NATO. Til og med i SV er det berre eit par representantar som er skeptiske. Det blir interessant å sjå om norske media lar folk få vite om den debatten som går føre seg i andre vestlege land, eller om dei ikkje stolar på at vi vil utvikle riktige meiningar om denne saka, og derfor sensurerer debatten vekk frå den norske valkampen. Hartvig Sætra, Troms NKP. |