Redslane i Afghanistan

- aktuelle i norsk valkamp?



    I heile etterkrigstida måtte NKP svare for alt som gjekk for seg i såkalla kommunistiske statar, både i samtida og for 25 og 50 år sidan. Alle NKPs valsendingar var fylt opp med dette. Ikkje minst var Afghanistan eit ynda tema i åttiåra. NKP fekk knapt nemne eit ord om norsk politikk. Afghanistan vart kverna om att og om att i valsendingane.

    Akkurat under den norske valkampen 2001 er nettopp Afghanistan prega av redslar som set åttiåra i skyggen. Og denne gongen kan ingen skylde på Sovjetunionen. Dei drog seg ut i 1989.

    Men mot alle odds heldt det kommunistiske styret under Najibullah stand i lang tid etter dette, og mange vestlege aviser begynte å skrive om at Najibullah truleg ville vinne eit fritt val landet - ikkje fordi han var så populær, men på grunn av alternativet. Alle som ikkje sjølve var fundamentalistar, visste at det ville bli eit helvete. Ikkje minst visste kvinnene kva som venta.

    I lengda kunne ikkje Najibullah stå mot fundamentalistane. Han vart torturert og hengt. Dei som hadde arbeidd for hans styre, vart anten torturerte og drepne eller flykta frå landet. Dermed skjedde ei enorm tapping av landets intellektuelle elite. Og av dei innbyrdes stridande fundamentalistane, vann dei mest ekstreme: Taliban. Resultatet ser vi nå.

    Vi ser altså at dei voldsomme åtaka på NKP i samanheng med Afghanistan var grovt forfeila, ut frå dei redslane som afghanarane gjennomgår i dag. Dette må både NRK, stortingspartia og RV- politikarar ta ansvar for, elles blir dobbeltmoralen påtrengande. Deira tidlegare yndlingar i Taliban brukar krefter og ressursar på krig med rivalane, sprenging av statuer og religiøs terror, spesielt mot kvinner. Dei bryr seg ikkje om kvinnene svelt i hel, berre dei dør med burqaen på.
    Kanskje det er på tide at både stortingspartia og RV blir konfrontert med nåtid og fortid i Afghanistan?
    Men det skjer neppe i NRK.
    Til det har institusjonen litt for mykje å svare for sjølv.
    Harvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.