Milosevic turnerer si eiga sak heilt riktig.



    a. Milosevic valde heilt korrekt - å avvise Haag-domstolens legalitet.

    Med si avvisning av Haag-domstolens legalitet og objektivitet, har Milosevic valt ein heilt riktig strategi. Det er ikkje berre han sjølv, hans advokatar og det serbiske sosialistpartiet som står på den linja. Den russiske Dumaen fordømte 3. juli med stort fleirtal - 272 mot 77 - deportasjonen av Milosevic. Det samme gjorde 80 av 100 tilgjengelege greske parlamentsmedlemmer i ein underskriftsaksjon til den serbiske ambassaden i Aten 2. juli.

    Underskrivne har gått inn på heimesidene til Emperor´s Clothes og funne omkring femten artiklar som dreg Haag-domstolen sterkt i tvil. Det er artiklar frå juristar, folkerettsekspertar, fredsforskarar og journalistar, frå USA, Canada, England, Tyskland, Nederland. Desse artiklane har til dels stått i viktige presseorgan og tidsskrift i desse landa. Konklusjonane er nokså eintydige:

    1. Domstolen er ein særdomstol for Jugoslavia; USA har nekta å opprette ein allmenn internasjonal domstol for krigsbrotsverk, fordi dei aldri vil akseptere at USA-borgarar (f.eks. løytnant Calley eller Henry Kissinger) skal bli tvinga til å møte for domstolen. Dette poenget er i og for seg nok til å torpedere habiliteten ved domstolen.

    2. I servil lydnad mot USAs veto avslo domstolen eit velbegrunna saksframlegg frå ei prestisjetung forsamling av internasjonale juristar om å ta opp etterforsking av NATOs krig mot Jugoslavia.

    3. Bevismaterialet mot Milosevic bygger i store trekk på undersøkingar som vestleg etterretning har utført. FN-undersøkingar som ikkje stemmer med det bildet ein ønskar å lage, blir ikkje tatt med. I og med at Milosevic ikkje kjem til å kalle inn forsvarsvitne i saka, vil desse saksopplysningane ikkje bli lagt fram for retten. Men dei vil vere tilgjengelege i media og på IT. Det vil svekke truverdet av domstolen kraftig; spesielt dersom media driv samme politikk som NRK: Å lyge om Racak- massakren, Rambouillet-tillegg B og den spanske undersøkingskommisjonens konklusjonar om Kosovo. Media undervurderer folks intelligens; det vil svekke domstolen dersom ein held fast ved slike opplagte løgner.

    4. I og med at dei krigsforbrytartiltalte i Bosnia er Djindjics partifeller, mens Milosevics mann i Bosnia, Dodik, blir rekna som moderat, utgjer tiltalen mot td. Karadzic ei udetonert bombe for Vestens mann i Beograd, statsminister Zoran Djindjic. Derfor blir det spennande å sjå om NATO bit i det sure eplet og arresterer Karadzic. Også dette momentet blir bevisst juksa vekk av NRK.

    5. Den beste konklusjonen i denne sanmanhengen er gitt av den serbiske professoren i nordisk, Ljubisa Rajic, i Dagbladet 02.06: Milosevic blir formelt dømt for krigsforbrytelser, men i realiteten for oppsetsighet mot USA og NATO.

    b. Milosevic i forhold til vestlege krigsforbrytarar.

    Det blir i desse dagar fokusert sterkt på at Milosevic er øverste ansvarlege for dei statlege sikkerheitsstyrkane som har drepe 340 menneske i Kosovo. Det er stort sett tale om geriljamedlemmer som er tekne til fange og avretta. Det kan hende dette talet stig etter nye likfunn.

    La oss gå ut frå at desse tala stemmer, og at talet nå er oppe i 420. Men da blir dilemmaet dette: Berre i ein av mange hundre USA-massakrar og bombeterror mot sivile i Vietnam - den som skjedde 16. feb. 1968 i My Lai vart 520 uvæpna sivile - barn, kvinner og gamle - slakta ned av ei amerikansk hæravdeling under løytnant Calley, og med president Lyndon B. Johnson som øvste ansvarlege. Calley fekk ei symbolsk straff; Johnson kom aldri for nokon krigsforbrytardomstol. Hadde han gjort det, og det var blitt brukt samme målestokk som den NATO-finansierte domstolen i Haag vil bruke på Milosevic, ville tala på massakrerte for Johnsons vedkomande under heile Vietnam-krigen vore meir enn hundre gonger større enn for Milosevic.

    Av nålevande statsmenn i samme klasse som Johnson kan vi nemne den israelske statsministeren Ariel Sharon (omkring 5000 massakrert til saman i Tel al Zaatar i 1976 og Sabra/Shatila 1982). Diverse tyrkiske leiarar har eit liknande synderegister i Kurdistan. Men den verste av alle er den indonesiske ekspresidenten Suharto, som drap 500 000 landsmenn i 1965, på mistanke om at dei var kommunistar, og som seinare står ansvarleg for 220 000 liv i Aust-Timor fram mot frigjeringa for tre år sidan. Den siste massakren gav, i følgje oppgåver i fleire internasjonale presseorgan, Henry Kissinger klarsignal for i 1975. Alle desse personane kan supplerast med Augusto Pinochet og andre amerikanske marionettar i Latin-Amerika, som ligg på linje med dagens versting, Milosevic.

    c. Rettssaka mot Milosevic skal brukast for å kneble vestleg opposisjon.

    Med utleveringa og seinare rettssaka mot Milosevic håpar NATO at dei skal legge død den interne og internasjonale kritikken mot den folkerettsstridige krigen i 1999. Som betaling for dette vil altså NATO glømme Djindjics eigen ekstrem-nasjonalistiske periode, den tida da han var partifelle med og samarbeidde med folk som Karadzic og Mladic.

    Den kritiske opposisjonen i Vest har avkledd eit utal av løgner, folkerettsstridig bruk av våpen, brot på FN-vedtak og på demokratisk skikk. Dess sterkare og betre dokumentert kritikken har vore dess større har frustrasjonen blitt både i NATO og i dei konforme media. Nå skal kritikarane stoppast ved å slå dei i hartkorn med syndebukken Milosevic. Som betaling har Djindjic fått i pose og sekk: Han slepp å få sjå sine gamle venner og partifeller i Haag. Og han får 12 mrd. kroner til å stoppe kritikken i heimlandet. Mens dei eigentlege ansvarlege for serbiske overgrep går fri: Karadzic og Mladic i Bosnia, Seselj i Kosovo. Pluss alle dei ansvarlege for kroatiske drap på omkring 15 000 og etnisk utreinsing av over ein halv million serberar frå Kroatia.

    Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.