Utleveringa av Milosevic i historisk perspektiv.



    a. De facto statskupp frå statsminister Zoran Djindjic. Utleveringa av Milosevic var ein aksjon styrt av Zoran Djindjic, og av han åleine. President Kostunica ble orientert om saken etter at den var et faktum, i følgje Aftenposten. Statsminister Djindjic, som har mindre enn 10% av stemmene bak seg, har tatt makta frå president Kostunica, som i alle fall etter offisielle oppgåver har 50,2%. Meiningsmålingane før valet viste heilt klart at han aldri ville fått så mange stemmer dersom han ikkje kategorisk hadde lovt veljarane aldri å utlevere Milosevic.

    Jugoslaviske media, som alle er underlagt enten regjeringa (DOS) eller vestlege investorar, har den siste tida hevda å sitte inne med meiningsmålingar som viser at eit fleirtal nå støttar utlevering av Milosevic. Dette blir klart motsagt av dei suppleringsvala til det serbiske parlamentet som har foregått i april-mai 2001. Av sju krinsar har sosialistpartiet vunne alle. Nest største parti vart over alt Vuk Draskovics Nytt Demokrati, som er i strid med sosialistpartiet, men ikkje er med i regjeringa. Regjeringspartia i DOS kom på tredjeplass over alt. Årsaka til dette er sjølvsagt dei forverringane i levekåra som folk opplever under økonomisk diktat frå Verdsbanken og Pengefondet.

    Zoran Djindjics brot på demokratiske spelereglar gjeld også hans tilsidesetting av Høgsterett i Jugoslavia. Dei kravde utsetting av utleveringsspørsmålet for å få høve til å vurdere saka opp mot den jugoslaviske grunnlova. Det er eit vedtak som er heilt normalt i eit kvart demokratisk land i slike saker.

    At Djindjic i tillegg heilt suverent har sett seg ut over både det serbiske og det jugoslaviske parlamentets vilje, er berre ei stadfesting av at hans aksjon er eit totalitært statskupp, og at Zoran Djindjic med dette i realiteten er innsett som diktator i Jugoslavia, med vestleg støtte. Det ligg nær å dra parallellar med USAs aksjonar i fleire latinamerikanske land.

    b. Milosevic i forhold til vestlege krigsforbrytarar. Det blir i desse dagar fokusert sterkt på at Milosevic er øverste ansvarlege for dei statlege sikkerheitsstyrkane som har drepe 340 menneske i Kosovo. Det kan hende dette talet stig etter nye likfunn.

    La oss gå ut frå at desse tala stemmer, og at talet nå er oppe i 420. Men da blir dilemmaet dette: Berre i ein av mange hundre USA-massakrar og bombeterroraksjonar mot sivile i Vietnam - den som skjedde 16. feb. 1968 i My Lai vart 520 uvæpna sivile slakta ned av ei amerikansk hæravdeling under løytnant Calley, og med president Lyndon B. Johnson som øvste ansvarlege.

    Calley fekk ei symbolsk straff; Johnson kom aldri for nokon krigsforbrytardomstol. Hadde han gjort det, og det var blitt brukt samme målestokk som den NATO-finansierte domstolen i Haag vil bruke på Milosevic, ville tala på massakrerte under Vietnam-krigen for Johnsons vedkomande vore meir enn hundre gonger større enn for Milosevic.

    Av nålevande statsmenn i samme klasse som Johnson kan vi nemne den israelske statsministeren Ariel Sharon(omkring 5000 massakrert til saman i Tel al Zaatar i 1976 og Sabra/Shatila 1982). Diverse tyrkiske leiarar har eit liknande synderegister i Kurdistan. Men den verste av alle er den indonesiske ekspresidenten Suharto, som drap 500 000 landsmenn i 1965, på mistanke om at dei var kommunistar, og som seinare står ansvarleg for 220 000 liv i Aust-Timor fram mot frigjeringa for tre år sidan. Alle desse personane kan supplerast med Augusto Pinochet og andre amerikanske marionettar i Latin-Amerika, som ligg på linje med dagens versting, Milosevic.

    c. Rettssaka mot Milosevic skal brukast for å kneble vestleg opposisjon. Med utleveringa og seinare rettssaka mot Milosevic håpar NATO at dei skal legge død den interne og internasjonale kritikken mot den folkerettsstridige krigen i 1999. Som betaling for dette vil altså NATO glømme Djindjics eigen ekstrem-nasjonalistiske periode, den tida da han var partifelle med og samarbeidde med folk som Karadzic og Mladic.

    Den kritiske opposisjonen i Vest har avkledd eit utal av løgner, folkerettsstridig bruk av våpen, brot på FN-vedtak og på demokratisk skikk. Dess sterkare og betre dokumentert kritikken har vore dess større har frustrasjonen blitt både i NATO og i dei konforme media. Nå skal kritikarane stoppast ved å slå dei i hartkorn med syndebukken Milosevic. Som betaling slepp Djindjic å få sjå sine gamle venner og partifeller i Haag. Og han får 12 mrd. kroner som blodpengar for å stoppe kritikken i heimlandet. Mens dei eigentlege ansvarlege for serbiske overgrep går fri: Karadzic og Mladic i Bosnia, Seselj i Kosovo. Pluss alle dei ansvarlege for kroatiske drap på omkring 15 000 og etnisk utreinsing av over ein halv million serberar frå Kroatia. Pluss dei NATO-politikarane som var ansvarlege for den folkerettsstridige krigen i 1999.

    Full pott for både Djindjic og NATO!

    Hartvig Sætra
    NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.