Samtidig fekk vi også meldingar om bruk av utarma uran under Kroatias Operasjon Storm i Krajina og Slavonia i 1995, og under NATOs krig mot Republika Srpska samme året. Ved å bla tilbake i arkivet finn eg ut at Friheten allereie hadde ei kort melding i 1997 om bruk av utarma uran og Golfkrigs-syndrom i Srpska i samband med krigen i 1995. Meldinga bygde på stoff frå det tyske byrået Balkan Press (BP) - det einaste som den gongen forsøkte å publisere nyheitsstoff frå Balkan som ikkje var manipulert av vestlege pro-NATO-kjelder. Som kjent vart BP tvinga i kne økonomisk, og måtte gi opp i 1998. Underskrivne var den gongen i ein viss tvil om meldingane kunne vere rette. Derfor vart dette stoffet presentert ganske kort i Friheten. Men som eg fekk erfare fleire gonger under krigane på Balkan, var det nettopp det som vart framstilt som grov serbisk propaganda, som var det mest korrekte. Racak- massakren er det klassiske eksemplet på dette, og underskrivne har tidlegare tatt sjølvkritikk på at eg mistrudde serbiske kjelder den gongen. Men ingen andre i norsk presse har tatt slik sjølvkritikk. Tvert om: Desse meldingane har ingen andre norske aviser tatt inn til denne dag - heller ikkje Klassekampen og Dag og Tid. BP fortalde i 1997 om at vestlege soldatar med oppdrag i Srpska fekk absolutt forbod mot å drikke vatn, sitte på bakken, eller røre ved jord og gras. I fleire regionar i Srpska brukte NATO- (SFOR-) soldatane gassmasker når dei gjekk omkring blant befolkninga. Ganske snart etter krigen i 1995 vart det meldt om Golfkrigs-symptom i den serbiske befolkninga. Også nederlandske soldatar i Krajina vart råka av slik sjukdom, og det vart ein (uønska?) avisdebatt i Nederland om dette. (Jfr. Friheten i desember 2000). Det vart laga ein rapport av serbiske sakkunnige. Denne var såpass veldokumentert og alarmerande at det vekte oppsikt i det internasjonale atomenergibyrået IAEA. Men vestlege regjeringar hemmelegstempla denne rapporten, og vestlege media tagde. Ikkje berre dei: Også Milosevic-regimet gjorde det samme! Og den intellektuelle opposisjonen, som elles var svært aktiv, la saka død.
|
Den einaste gruppa som tok saka alvorleg, var dei grønne i Serbia. Dei skreiv eit brev med dokumentasjon til det velrenommerte Max Planck-instituttet i München. Men derfrå fekk dei aldri svar. Det opposisjonelle serbiske tidsskriftet NIN skreiv 30. oktober 1997: Ein statleg komité for undersøking av krigsbrotsverk har funne ut at NATO har brukt utarma uran under bombardementet av både i Srpska og Krajina. Men rapporten er hemmelegstempla av regimet (Milosevic). Denne rapporten burde vore sendt straks til domstolen i Haag. Seinare har dei serbiske sosialistane tatt saka fram igjen. Men i dag er det jo opposisjonen (DOS) som styrer Jugoslavia, og nå er det dei som teier om rapporten, for å tekkes sine nye venner og oppdragsgivarar i Vest. Derfor er ennå ikkje desse opplysningane komne til domstolen i Haag. Ei anna sak er det at denne domstolen gir blaffen i alt som ikkje passar NATOs overkommando. Så det ville knapt gjort noko frå eller til om domstolen hadde fått dei veldokumenterte prova på at NATO gjorde seg skuldige i krigsbrotsverk i Srpska i 1995, og i lag med Kroatia i Krajina samme året. Framleis, i 2001, gir samtlege vestlege land og samtlege norske stortingsparti si fulle tilslutning til NATOs krigsbrotsverk i Srpska i 1995. Det gjeld også SV. Underskrivne har fått dette stadfesta så nyleg som den 9. juni i år, i skarpe ordelag frå ein representant for Troms SV. Det er heilt utenkeleg at ikkje norske presse- og kringkastingsfolk visste om bruken av utarma uran alt i 1997. Men dei meldte aldri noko om det. Det gjeld både folk frå NTB, NRK og dei store avisene. I andre land har både aviser, radio og TV meldt om dette for lenge sidan. Dette føyer seg inn i eit mønster av systematisk skeivvinkling av nyheitsbildet frå Balkan, som set Norge i ei lite smigrande særstilling. Heldigvis har vi nå fått Hammond & Hermans bok Under evne på norsk. Der blir ein del av løgnene og vridningane avslørt. ISBN 82-92293-00-0.
Hartvig Sætra |