Pro-jugoslavisk muslimsk leiar dregen til domstolane.



    Den populære bosnisk-muslimske leiaren Fikret Abdic blir nå framstilt for retten i Kroatia, i følgje ein reportasje frå den serbiske avisa "Politika" *) Rettssaka mot Abdic, som nå er kroatisk borgar, har vore pressa fram av Bosnia og USA.

    Abdic har vore ein ytterst plagsam person for USAs regjering. Han var utan samanlikning den mest populære muslimske leiaren i Bosnia, og fekk flest stemmer under dei bosniske vala i 1990. USAs problem var at han støtta ein multi-etnisk jugoslavisk stat, mens USAs yndling Alija Izetbegowitz ville har eit uavhengig muslimsk-dominert Bosnia.

    Izetbegowitz vart installert i Sarajevo med hjelp frå USA. I følgje propagandaen vart han framstilt som ein god demokrat, trass i at han tok over den posisjonen i landet som retteleg tilkom Abdic etter normale demokratiske prinsipp.

    Abdic valte i denne situasjonen å satse på at Bosnia fortsatt skulle høyre til Jugoslavia. Og fordi han vart motarbeidd av muslimske fundamentalistar og sjåvinistar, måtte han alliere seg med det som var att av den all-jugoslaviske hæren, og med serberane i regionen. Den posisjonen Abdic hadde, og den plattforma han valde å stå på, motseier dei vestlege påstandane om at motsetninga mellom serberar og muslimar var årsak til krigen i Bosnia.

    Abdic og hans folk etablerte seg i ein autonom region i det vestlege Bosnia (Bihac). Denne delen av Bosnia var gjennomsyra av ein sterk antifascistisk tradisjon frå den andre verdskrigen, i motsetning til resten av landet, der kroatiske Ustasja og muslimske Handjar gjekk nazistane til hande, og til dels var verre enn SS. I Bihac vart 7000 menneske, flest serberar, men også mange muslimar, massakrert i ein aksjon som er blitt kjent fordi tidlegare generalsekretær i FN, Kurt Waldheim, var implisert.

    Muslimar blei etnisk reinsa av muslimar.

    Den autonome regionen, som omfatta område både på bosnisk og kroatisk side (Krajina), hadde i hovudsak blanda muslimsk og serbisk befolkning, med nokre få kroatar. Dei aller fleste heldt seg til dei all-jugoslaviske ideala om etnisk solidaritet. Abdic og hans tilhengarar støtta dei serberane som ville vareta det samla Jugoslavia, og frykta ei gjenoppliving av lokal fascisme ved inngrep frå stormaktene, først og fremst Tyskland. Det er viktig å merke seg at dei lokale serberane ikkje ville følgje Karadzics Serbiske Demokratiske Parti, Kostunicas og Djindjics partifeller, i å etablere ein bosnisk-serbisk stat. Dermed sto både Abdic og hans serbiske allierte utanom dei handlingane som den krigsforbrytar-ettersøkte Karadzic sto bak.

    På grunn av Izetbegowitz´ knallharde reaksjonar vart Abdic tvinga til å alliere seg med den serbiske sida. Abdics tropper kjempa mot Izetbegowitz´ hær inntil både Krajina og hans eigen autonome region vart knust av ein samordna aksjon mellom NATOs flyåtak, den kroatiske hæren og Izetbegowitz´ 5. korps (Den islamske hæren). Den kroatiske hæren var trent og leia av CIA og det privatiserte våpenkjøp-kompaniet MPRI, som var under CIAs kontroll. Vi skal merke oss at FN hadde vedtatt å forby all opprusting utanfrå av både Kroatia, Bosnia og Serbia.

    Offensiven mot Krajina og Bihac førte til etnisk reinsing av 250 000 serberar. Men det som vestlege media har underslått, er at også 50 - 80 000 muslimar vart jaga frå heimane sine. Altså: muslimar vart etnisk utreinsa av muslimar!

    Alijas regime kunne ikkje tilgi Abdic hans opprør mot den muslimske staten. Og skal ein dømme etter folkeopinionen i Cazinska Krajina og resten av Vest-Bosnia, er han framleis populær der. Vi skal også hugse at Abdic fekk flest stemmer i heile Bosnia i 1990; like fullt tok altså Izetbegowitz over president-embetet. Izetbegowitz har derfor mykje å hemne. Og ein lang strid mellom Bosnia og Kroatia om utlevering har resultert i at Kroatia har bøygd seg og starta rettssak mot Abdic.

    *) "Politika" var tidlegare organ for Det serbiske sosialistpartiet. Nå er det, som alle andre aviser i landet, overtatt av regjeringspartia under Djindjic og Kostunica.

    Hartvig Sætra,
    Troms NKP.




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.