Mange av oss på venstresida trur ikkje at den politiske overvakinga tok slutt med Lund-rapporten. Ikkje ein einaste overvakar har blitt oppsagt, og det er liten grunn til at staben no tvinnar tommeltottar og driv med samfunnsgagnleg arbeid. Indikasjonane på at uvesenet lever vidare i same omfang, men kanskje noko betre kamuflert, er mange og sterke. I mai månad d.å. vart det lagt fram ein EU-rapport som viser at det amerikanske etterretningssystemet Echelon vert brukt til å overvake privat elektronisk kommunikasjon i Europa. Denne aktiviteten er så omfattande og så ille at rapporten oppfordrar alle borgarar og verksemder om å bruke kryptering! Dette er særs oppsiktsvekkande opplysningar som det må vere vanskeleg å avvise for det etablerte maktapparatet i Noreg, og som reiser ei rekke ulike spørsmål som vi no må krevje svar på, til dømes:
|
· Kvifor bruker USA så store ressursar på denne verksemda? (er det for å kunne slå ned på framtidig opposisjon mot interessene til amerikansk monopolkapital?) · Kva kan slik informasjon bli brukt til i framtida? (yrkesforbod og anna diskriminering, internering og avretting i krisesituasjonar?) · Kvifor er EU og USA tilsynelatande så sterkt på kollisjonskurs i dette spørsmålet? · Kvifor vert ikkje denne illegale overvakinga på framand territorium umiddelbart stoppa? · Kva er Echelon? Kven står bak denne organisasjonen? Er det råd å gje dei ansvarlege namn og andlet og be dei svare for verksemda?
Kjell Underlid |