Speilvedt Kosovo" i Srpska.



Det er ikkje berre i Kosovo og Kurdistan at regionar med eit anna fleirtal enn majoritetsbefolkninga er problematiske. Rett over grensa til Bosnia ligg den serbiske delen av Bosnia, republikken Srpska, som må kallast eit NATO-okkupert land. I Srpska føljer NATO heilt anna reglar enn i resten av Bosnia. Alliansen har brote alle reglar for demokratiske val. Under valkampen vart dei nasjonal-radikale partia fråtatt aviser, radio- og TV-stasjonar, mens befolkninga vart lokka og pressa til å stemme på dei såkalla "moderate". Den "moderate" Dodik vart statsminister, mens folket i presidentvalet stemte på den radikale Nikola Poplasen.

Det er mangt negativt som kan seiast om den nokså operette-aktige Poplasen, men han har demokratisk fullmakt av folket sitt til å gå mot dei audmjukande og den etnisk betinga sjikanen av den serbiske republikken. På grunn av hans motstand mot underordning vart han nyleg avsett av NATOs "stattholder" Carlos Westendorp. Like ettterpå kom beskjeden om at ein USA-styrt "internasjonal voldgiftdomstol" har gitt Izetbegowitz-regimet kontroll over byen Brcko. Det betyr at muslimane vil kunne kontrollere all trafikk mellom dei to delane av Srpska, den søraustre rundt Pale, og den nordvestre omkring Banja Luka.

Det som NATO knapt hadde rekna med, var at heile den folkevaltde forsamlinga, også dei såkalla "moderate", legg ned alt arbeid i felles-bosninske styringsorgan. I dag finns det ikkje ein einaste serber som kan legitimere Izetbegowitz´ såkalla "mulitkulturelle" muslimske stat.

Izetbegowitz´ mål er å ta Søraust-Srpska og Sandsjak.

Tildelinga av Brcko betyr at Izetbegowitz´ regime vil kunne "dele" Srpska med ein enkel manøver. Og det er nettopp det muslimske regimets plan å gjere dette. For den søraustre delen av Srpska ligg mellom den muslimske staten og Sandsjak-regionen i Serbia, der det er eit lite muslimsk flertall. Izetbegowitz´ parti har programfesta at Sandsjak skal bli ein del av Bosnia. Men for å gjennomføre dette, må regimet okkupere Sørvest-Srpska. Og mangt tyder på at aksjonane i Srpska og Kosovo nå blir "samkjørt" frå NATOs side: Ei eventuell bombing av Serbia og okkupasjon av Kosovo skal kombinerast med at muslimane okkuperer Sørvest-Srpska.

Neste steg blir da å presse fram ein oppstand i Sandsjak, og slik førebu ei muslimsk-bosnisk overtaking av dette området. Izetbegowitz vil truleg forsøke å smi mens jernet er varmt: Mens Serbia blir bomba i sønder og i tillegg oversvømt av nye flyktningestraumar, vil det ikkje vere i stand til å forsvare Sandsjak mot å bli eit "nytt Kososvo".

Saudi-Arabia og andre velståande olje-despoti vil stå klar med å levere våpen, og muslimske mujaheddin får enda ei ny europeisk slagmark, etter Bosnia og Kososvo. Og dersom Sandsjak fell, kan domino-effekten skyte fart: Montenegro blir eigen stat, delar av Vojvodina bryt ut, og Serbia blir ein ministat, eit "europeisk Gaza", med eit enormt flyktning- og befolkningsproblem - ein slags europeisk konsentrasonsleir for serbiske "untermenschen".

Ein muslimsk okkupasjon av Søraust-Srpska og Sandsjak vil utløyse ein ny straum av minst fire hundre tusen utreinsa serberar. Saman med 200 000 frå Kosovo vil Serbias nåverande flyktningeproblem på 650 000 i så fall bli fordobla. Og allereide før dette har Serbia det største flyktningeproblemet i dagens verden.

Srpska har nøyaktig like stor rett til sjølvstyre som Kosovo!

I den stormaktskonstruerte staten Bosnia er det i dag formelt tre uavhengige delstatar: Ein muslimak, ein kroatisk og ein serbisk. Eller vi kunne seie to, for den kroatiske delen fungerer de facto som ein del av "Stor-Kroatia", med amerikansk velsigning. I denne delen må du bruke kroatisk valuta, og politiet har kroatiske uniformar. Den muslimske delen rår over nesten alle gode jordbruksområde og mineralressursar. Det har alltid vore muslimanes privilegium å vere byfolk og eige den beste jorda. I mange hundreår var det eit særsyn at serberar fekk lov å eige jord. Men dersom ein serbar gjekk over til islam, var det ok!

Serberane er stort sett utkantbefolkning, men har majoritet i enkelte store byar, som Banja Luka og Visegrad. Republikken Srpska er derfor den fattigaste delen av området. Srpska er i realiteten eit bosnisk Kosovo. Det veit både Izetbegowitz og hans hjelparar i NATO. Derfor er det om å gjere å "knekke nakken" på Srpska, og det skal skje ved å overdra Brcko til muslimane, med etterfølgande okkupasjon av Søraust-Srpska.

NATO-aksjonane i Srpska ser derfor ut til å vere samkjørte med opplegget for okkupasjon av Kosovo. Det vil forsterke den rasistiske forskjellsbehandlinga av serbiske regioner, og gjere flyktningeproblema og fattigdommen i Serbia enda alvorlegare. Kanskje går vi mot ein situasjon med svolt og barnedød i Serbia, slik vi har sett i Irak etter USAs bombing og boikott. Offisielle tal går ut på eit tap på 1,2 millionar menneskeliv i Irak sidan 1990. Det er ein massakre på linje med Pol Pot. Kor mange tapte serbiske menneskeliv vil norske politikarar akseptere medansvar for, i Kosovo, Srpska, Sandsjak og sjølve Serbia? Vil Jagland angi eit akseptabelt tal på offer for at vesten skal få stilt sin hemntørst? Kva med Bondevik og Solheim? Er f.eks. 600 000 nok? Det var det antallet som kroatiske fascistar myrda i "Balkans Auschwitz", Jasenovac.

Hartvig Sætra



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.