- Noreg er med i Schengen-systemet frå 25. mars 2001, men ja-sidas kronargument om passfridom har synt seg uriktig. Gjelsvik dokumenterte dette med presseklipp, m.a. frå Dagsavisen, Friheten, Klassekampen og Bergens Tidende. Sistnemnde påpeiker at registrering av utlendingar blir pålagt overnattingsstadene. Direktør John Grieg ved Hotel Norge "lurer på om det er hotellene som har overtatt Statens rolle." - Reglane om "pillepass" (kontroll av medbrakte medikament) har utarta til byråkratisk dill som ingen bryr seg om. Men andre føresegner vil forsure livet for dei som reiser, t.d. kontroll frå "baklandspatruljer". - SIS (Schengen Information System) med senter i Strasbourg er eit gigantisk apparat for personkontroll og etterretning, der over 840 000 personar er innførte og ialt 10 millionar opplysningar/objekt. Om formålet sa Gjelsvik at dette er "framandkontroll retta mot dei mindre privilegerte". Kontrollorganet Joint Supervisory Authority i Brüssel er sterkt underbemanna (ei deltidsstilling og ei nettside) og kan umuleg føre kontroll med 50 000 dataterminalar. Endeleg er det praksais i fleire EU-land å samle opp meir persondata enn dei nordiske land. Norden vert kritisert for unnasluntring og dårleg utnytting av politidatanettet SIS.
|
Denne regulerer asylretten i EU- og Schengenland, er godtatt nærast uten debatt av Stortinget. Dublin-konvensjonen vart vidare sendt på høyring etter (!) stortingsvedtaket, og sett i kraft 1. april 2001. NOAS har kritisert sterkt at individuell asylvurdering nå er umuleg i Noreg. Dei som treng vern aller mest, vert rettslause. Eurodac-forordningane Dette er et sentralt register over fingeravtrykk som Noreg medverkar i. Redd Barna har protestert mot at born ned til 14 år blir innlemma her. Det er mot FN sin Barnekonvensjon. Visumtvang for bistandsland M.a. alle afrikanske land avkrevjast visum etter 25. mars, jamvel om dei i mange år har vore hovudsamarbeidsland, t.d. Botswana, Namibia og Zimbabwe. Visumtvangen har allereie ført til absurde situasjonar, som at somaliske kvinner, inviterte av norske instansar til ein konferanse om kjønns-lemlesting, måtte melde avbod grunna visumnekt. Diskusjon Forsamlinga var oppteken av skjerpa politiovervaking også innanfor Norden. Ein hadde hørt om overreaksjon frå svensk politi som overvakar opinionen foran Göteborg-møtet 15.-17. juni. Med kjennskap til aktivismen i det svenske tryggingspolitiet SÄPO, vart det reist spørsmål Göteborg-deltaking kunne føre til svartelisting i Schengen-systemet. Ein debattant oppmoda Nei til EU sentralt å gå etter i saumane stortingsrepresentantane sine standpunkt og stemmegjeving i samband med Schengen. Stortingskandidatar må få høyre dette i valkampen.
Torstein Engelskjøn, |