I sterk kontrast til meiningsmålingane på førehand, vart det nesten dødt
løp mellom Djukanovics høgreparti SDS og venstrepartia i alliansen SNP (35
mot 33 representantar). I tillegg er det eit liberalt parti på ytre høgre
med 6 og eit albansk parti med 3 som er tilhengarar av Montenegro som
sjølvstendig stat. I og med at eit slikt vedtak krev to tredels fleirtal, er
ein slik utgang av valet totalt blokkert. Dermed har i realiteten
motstandarane av lausriving vunne ein stor siger.
Samtidig er også dette valet ei sterk oppmuntring til venstresida i sjølve
Serbia. SNP er tidlegare støtteparti til SPS. Sjølv om ein del av SNP for
tida er støtteparti for Kostunica i det føderale parlamentet, har dette
partiet ei klart negativ innstilling til både privatiseringa i føderasjonen
og ikkje minst til domstolen i Haag. Det er derfor galt av Håkon Børde i NRK
når han seier at Milosevics folk fikk bare tre mandater, og er slått for
bestandig i Montenegro. Aftenpostens reporter, og kommentatoren Ulf
Andenæs, seier noko ganske anna: Både Milosevic og kona har framleis sterk
innverknad i Montenegro, langt sterkare enn nokon hadde drømt om. Kvar Børde
tar dei tre mandatane frå, er umuleg å finne ut av dei valoversiktene. Har
han tatt sjansen på ein bløff, og rekna med at ingen undersøker saka?
Valresultatet i Montenegro er desto meir gledeleg når vi veit at media er
totalt einsretta, der som i sjølve Serbia under DOS-regimet.
|
Opinionen veit
likevel kva som skjer; dei veit at Djukanovics regime truleg er det mest
korrupte i heile det post-kommunistiske Aust-Europa - og det vil ikkje
seie så lite!
Djukanovic har eit privat politi på 20 000 i følgje
Aftenposten - altså meir enn ein politimann pr 300 innbyggarar. Det er
verdsrekord; ikkje ein gong slått av land som Burma og Saudi-Arabia.
Aftenposten melder også om mange folk som seier at dei har mista jobbane
sine under Djukanovic fordi dei hadde stemt på SNP. Trass i dette presset
frå makthavarane har altså folk stått med rak rygg under valet.
Alt dette gjer at det er grunn til å feste lit til meldingar om valfusk frå
styresmaktene. I realiteten kan SNP (Sosialistisk Folkeparti) ha vunne
fleirtal ved valet. I følgje oppgaver som Emperor´s Clothes sit inne med,
var det heller ikkje fleirtal for Kostunica ved første valomgang i Serbia.
DOS hevda først at han fekk 56%, deretter 53, og landa på mistenkelege 50.2%
til slutt. Det er altså, trass i internasjonale observatørar, grunn til å
sette eit spørsmålsteikn ved om Djukanovic verkeleg har oppnådd det knepne
fleirtalet han hevdar å ha fått.
Uansett kva som er tilfellet, var valet i Montenegro ei påminning om at den
vestlege innblandinga og manipuleringa i jugoslavisk politikk ikkje vekker
den begeistringa som våre media ropar så høgt om. Vonbrotet hos NRKs og NTBs
reporterar vitnar om at dei kan få seg fleire sjokk. Det nyttar ikkje å
bløffe i lengda.
Hartvig Sætra, NKP
|