Media er mikrofonstativ for Forsvaret i Mauken-Blåtind saka.



    Dei reindriftsfaglege utgreiingane om Mauken-Blåtind vart slått opp i Nordlys og andre media som fullt mulig å drive reindrift videre i Mauken-Blåtind.
    Ein del overflatiske merknader om rapportane skulle støtte opp om dette; men det einaste desse artiklane viser, er at journalistane ikkje har hatt tid til og interesse for å sette seg inn i saka. Det er inga akseptabel orsaking for å fungere som mikrofonstativ for 6. divisjon.
    Redaktør Sverre Monssen i Nye Troms har gått gjennom rapportane. Og hans referat av innhaldet gir eit ganske anna bilde.
    Han bygger spesielt på den reindriftsfaglege rapporten frå Danell og Danielsen.
    Den andre rapporten, frå Johan Klemet Kalstad, går meir på dei sosio-kulturelle spørsmåla.

    D/D slår fast at Mauken Blåtind i utgangspunktet er eit godt reindriftsområde, som kan gi plass for 2000 rein på vinterbeite.
    Sommarbeitet i Tromsdalen gir plass for 3500 rein. Det er to siidaer som brukar området, Oskal, som er størst, og Sokki.

    Dei to forskarane meiner at den auka militære aktiviteten vil forsterke ulempene for reindrifta. Kjøring vil forringe beitet kraftig - i Mauken kan opptil 50% av vinterbeitet bli øydelagt.
    Om vinteren vil hardtrampinga av snøen hindre reinen i å komme ned til laven. I Mauken vil manøver-aksen gå gjennom det beste vinterbeitet og samlingsplassane.
    Det betyr at ved alle øvingar vil reinen bli jaga vekk frå det beste beitet. I staden for å få tak i nødvendig mat vil reinen i staden tære på muskelmassen på grunn av øvingane.

    Forskarane meiner at Forsvaret i beste hensikt har laga planer for at øvingar og reindrift kan leve side om side. Hensikten har vore å styre øvingane til område med lite rein.
    Men dei meiner at sonane er for små, og at det er altfor mange øvingsdøgn i året. Og dersom Forsvaret hadde meint noko med å legge til rette for reindrifta, ville dei unngått utbygging og øvingar i sentrale beiteområde.

    Forskarane var pålagt å finne alternativ som kunne gjere reindrifta skadeslaus. Dei alternativa D/D har peika på, er ganske dramatiske. Og dei to forskarane har nok oppfatta dei som urealistiske.

    I staden er det desse framlegga som både Forsvaret og media henger seg opp i. Begge partar veit betre.

    Derfor er det snakk om bevisst misbruk av forskar-rapporten frå både Forsvaret, NRK, Nordlys og andre media. Nye Troms peikar seg ut som den einaste med vilje til objektivitet.

    Framlegga går ut på at heilt nye område skal takast i bruk som erstatning for det tapte beitet i Mauken-Blåtind.
    Det er snakk om Lenvik-halvøya, Fagerfjell og Andsfjellet.
    I desse områda er det ikkje hevd på reindrift, slik at det er usikkert om det reint juridisk er muleg å bruke områda i det heile. I tillegg til dette er det foreslått subsidiert foring i vår-sesongen og under kalvingstida.

    Kommentarane frå Forsvarets representantar er i beste fall patetiske. Eg må vedgå at eg har problem med å tru at dei er ærlege når dei seier at rapportene peker på løsninger som sikrer framtidig reindrift.
    I følgje det som Nye Troms refererer frå rapportane, finst det ikkje grunnlag for dette.
    Da verkar Ole Mathis Oskals kommentarar meir realistiske. Han seier at rapporten støttar opp om det som vi har sagt heile tida.
    Til dels er konklusjonane verre enn vi har hevda, spesielt når det gjeld Mauken. Løysingane er tatt ut av lause lufta.
    Det finst ingen alternative beiteområde som vi utan vidare kan overta, og forslaga om foring i vår-halvåret endrar reindrifta totalt frå å vere hausting av naturen til å bli farming.
    Det er heller ikkje grunnlag for å lage kombinasjonar med andre næringar for å kompensere tilbakegangen for reindrifta.
    Det vil redusere reindrifta til hobby-bruk, og det er jo dette landbruksministeren på død og liv vil bort frå.
    I dag blir det lagt stor vekt på at reindriftssamane lever på statsstøtte.
    Med dei framlegga som Forsvaret går inn for her, vil denne tendensen bli forsterka, seier han.
    Og han fryktar med rette propagandaen frå Hagen, VG og andre reaksjonære kretsar som vil begynne å snakke om skattebetalernes penger.

    Oskals syn om at forskarane i realiteten støttar reindriftas syn, er heilt åpenbart riktig.
    Når Forsvaret hevdar at det er muleg med eit samliv mellom reindrifta og Forsvaret, talar dei mot betre vitande.
    Men opplegget er taktisk: Ein tar ein bit om gongen.
    Dersom det systemet forskarane går inn for, blir sett i verk, vil reindrifta veldig snart møte veggen og gå til grunne.
    Og da vil heile området ligge opent for total utnytting av NATO.

    Kanskje til utprøving av NATOs nye favorittvåpen: Granatar med utarma uran?
    Er det dette dei forsvars-frelste politikarane i Målselv ønskar?

    Hartvig Sætra, NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.