Bakkekontakt?



    Leiaren i Nordlys 19. april ytrar seg om kva haldning 1. maikomiteen i Tromsø har til EU og EØS.
    Først vil vi vise til at den hovedparolen som blei vedtatt, m.a. etter framlegg frå Tromsø Nei til EU, er uriktig sitert.
    Den skal vere "Forsvar folkets nei.
    Ut av EØS.
    Nei til WTO".

    Vi kan ikkje sjå nokon grunn til at Nordlys sin leiarskribent blir så oppskaka av denne parolen.
    Ei nær-historisk oppfrisking kan vere på sin plass.

    I 1994 - året for folkerøystinga - var ein av hovedparolane "Tromsø Samorg sier Nei til EU".
    Hallvard Bakke frå Sosialdemokrater mot EU (SME) var hovedtalar saman med Lisbeth Holand frå SV.
    Deretter har formuleringa "Ut av EØS" vore med i hovedparolane i Tromsø kvar einaste 1. mai frå 1996 til og med i år.

    Vi i Nei til EU, og mange med oss, grunngir dette med at EØS har gitt landet stadig større plikter overfor EU.
    Det gjeld til dømes utvidinga av EØS-avtalen til det veterinære området, noe vi fekk merke i samband med munn- og klauvsjuka.
    Det siste er at EU vil sikre seg kontroll over nordsjø-olja ved ei eventuell forsyningskrise, også dette etter eit EØS-direktiv som er under førebuing.

    Nei til EU ser ei mengd problem ved fortsatt norsk EU-tilpassing.
    Tromsø Nei til EU har derfor også fått med følgande parolar i tillegg:
    "Nei til snikinnmelding i EU", "Ut av Schengen", og "Forby import av dyr og kjøtt nå".
    Så her er det nok å velge i, og vel møtt bak desse parolane den 1. mai!

    Anna Margrete Flåm,
    Tromsø Nei til EU




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.