Disneyfikasjon.



Dersom du har barn, kan du ikkje unngå Disneys verd. Uansett om du lar vere å kjøpe tskjorter og videoar, er einkvar TV-stasjon med barneprogram langt på veg fylt av Disney.

a. Det koloniserte sinn.

Amerikanske media-konglomerat som Disney og Time-Warner, tyske mediegigantar som Bertelsmann og Australias Murdoch har nær på global kontroll med nyheiter og underhaldning. Dei har ikkje berre råderett over sendeutstyret, men også over innhaldet.

Resultatet er nærmast full kontroll ( i hovudsak amrikansk) med TV, bøker, musikk og film. Betyr det at vi alle før eller seinare blir amerikanarar?

Ikkje utan vidare. Men det betyr at lokalsamfunna blir ute av stand til å nære og skape sine eigne identitetar. Hundrevis av års tradisjon forvitrar gjennom eit globalt maktspråk av felles identifikasjon, stelt i stand av den multinasjonale underhaldningsindustrien. Det blir eit sårt farvel til hinduiske klassikarar som Ramayana og dei gamle folke-eventyra frå Afrika. l staden får vi - Baywatch og Sesam Stasjon.

b. Døden for mangfaldet.

Kulturelt mangfald avspeglar det biologiske og geografiske mangfaldet på planeten vår. "Disneyfikasjon", akkurat som økonomisk globalisering, tenderer mot full overkjøring av lokale kulturar. Derfor vil baseball-luer, blå jeans og joggesko bli uniform for tenåringar både i Budapest og Bangalore, mens vestlege TV-show propaganderer for ein grenselaus velstand.

Denne prosessen har ingen ting til felles med at ulike kulturar og kunstnarlege tradisjonar deler idear på fritt grunnlag. "Kryssbefruktning" og innbyrdes lån mellom kulturar har styrka kunsten både i Vesten og Den tredje verda. Tenk på Gauguins tid på Tahiti, og på den ghanesiske musikktypen High-Life, inspirert av amerikansk jazz.

Stor kunst er avhengig av impulsar utanfrå. Men korporasjons-kulturen er ulik: Den har berre effektivitet og profitt som berande prinsipp, og for å nå desse måla kjører den som ein dampvegvals over alle tendensar til mangfald og ulikhet.

c. Marknadskulturen.

Kulturell einsretting høver som hand i hanske for den frimarknads-heiagjengen ein møter i organisasjonar som World Trade Organization (WTO) og International Monetary Fund (IMF). Strevet for å opne grensene for "kulturell eksport" har blitt eit hjertebarn for dei. Vestlege land som Frankrike og Canada, og nasjonar i Den tredje verda som Malaysia har kjempa hardt for restriksjonar på import av filmar, bøker og magasin for å verne sin eigen kulturelle arv. Og kulturelle nasjonalistar over heile verda er redde for at internasjonale handelsordningar som Multinational Treaty on Investments (MAI) vil bli ein ny kraftig katalysator for amerikanisering av den globale kulturen.

Dersom avtalen går gjennom, vil MAI avgrense retten til nasjonal styring med både form og innhald i kulturen.

d. Naturen under kontroll.

Framveksten av ein korporasjonsstyrt monokultur vil skunde på den utviklinga som fører menneska bort frå naturen. Otten for øydelegginga av miljøet blir brukt som "salsfremjande faktor" av lure PR-toppfolk, samstundes som fokusering på friast muleg val av konsumvarer heid fram med å tyne meir og meir ut av dei begrensa ressursane på jorda.

Trass i alle forsøk på å framstille seg sjølv som eit samfunnsbevisst konsern, doserer Disney-konsernet det dogmatiske synet at alle miljøproblem kan bli løyst med teknisk fiksfaks.

Høres det kjent ut? Sjølvsagt. Det er det samme ønsketenkinga som oppmuntrar industrisamfunnet generelt, og i siste instans trugar heile den levande verda med katastrofe.

Omsett frå "New Internasjonalist"
av Hartvig Sætra



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.