Rasisme, diskriminering eller andre former for undertrykking kan ikkje teiast i hel, verken lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Det er vår felles plikt å hindre at rasisme og diskriminering på grunnlag av kjønn, religion og etnisitet får stå uimotsagt.
Nord-Norge har alltid vore ein møteplass for folk med ulik kultur og ulik etnisitet. Det gjev dagens nordlendingar eit særskilt ansvar for å forsvare og leggje til rette for kulturelt mangfald.
Nei til all rasisme, diskriminering og kulturell einsretting. Ja til eit fleirkulturelt samfunn.
Ketil Zachariassen