Dette er omtrent alt som både tilhengarar og motstandarar av krigen vil seie seg samde om. Resten av det såkalla faktagrunnlaget er omstridd. Men det skjer alltid når det gjeld ein krig. Det som er særeigent for denne, er dei mange løgnene som er avslørt både i forkant og i ettertid hos dei som starta krigen. Underskrivne har strevd oppriktig med å finne eksempel på verkeleg grove løgner frå hi sida, men har ikkje klart å finne dei. Derimot er det fleire eksempel på at NATOs løgner var meir massive enn til og med krigsmotstandarane kunne forestille seg. Underskrivne må vedgå at eg ei stund trudde på Racak-massakren og på ein del andre NATO-oppgaver om serbiske drap som verka relativt nøkterne. I ettertid må eg med skam melde at heller ikkje dette var riktig. Det var faktisk den fæle Milosevic og hans folk som gav dei tilnærma mest pålitelege informasjonane. Sjølvsagt var jugoslaviske media fylt av krigspatos mens landet vart bomba; men det er vel ikkje noko uvanleg i vestlege land heller? NATOs pressekonferansar under denne krigen har i ettertid blitt avslørt som litt av eit redselskabinett i så måte. La oss opne skåpdørene til NATOs skjelettsamling ei for ei. Førebels kan løgnene frå Bosnia og Kroatia kvile i kingelveven, så vi startar med den såkalla massakren i Racak. Der vart vestleg presse tilkalla av albanske opprørarar som kunne vise fram 45 lik på eit kampområde som serberane hadde trekt seg ut av. Dei hevda at serberane hadde avretta alle saman, og fekk støtte av den amerikanske OSSE-kommandanten, general William Walker - ein mann som har eit svart rulleblad som notorisk løgnar frå Mellom-Amerika. Den serbiske og den kviterussiske legekommisjonen sa at det var ingen massaker; det samme sa franske journalistar som var i området. Men alle vart feidd til side. Den finske legekommisjonen tagde, og det vart utlagt som at dei støtta Walker. Først to år etter, i januar 2001, avslørte finnane at dei vart steinhardt pressa av NATO. Også dei reinvaska serberane for massakren, og sa at likskuet var arrangert. Men nå er krigen som denne løgna gav opphav til, allereie utkjempa; løgnen har vunne sin siger, som ikkje kan gjerast om. Norske politikarar frå Hagen til Halvorsen har gått på svindelen med begge beina. Det kan tilgjevast, dersom dei gjer sjølvkritikk. Men to månader etter avsløringa er Hagen opptatt av sex og Halvorsen av taburettar. Så til neste manipulasjon frå krigs-mafiaen: Rambouillet-forhandlingane. NATO sa at Milosevic var ubøyelig, derfor kom krigen. Og aksen Hagen-Halvorsen godtok dette utan å undersøke realitetane. Seinare kom fakta for ein dag: USA ville ha krig med Serbia (vedgått av Madeleine Albright). Da serberane mot alle førehandstips ville akseptere grunnprotokollen i Rambouillet, såg det ut til at denne sjansen glapp for USA. I all hast vart det hengt på eit tillegg B, utarbeidd av den amerikanske og den kosovo-albanske delegasjonen i fellesskap. I følgje tillegget blir NATO gitt rett til å bruke makt, ikkje berre i Kosovo, men i heile Serbia. Den svenske fredsforskaren Jan Öberg seier om dette: Hundrevis av journalistar, tusenvis av ekspertar, opinionsdannarar og politikarar oppdaga det ikkje. Dei las ikkje avtalen. (Information 12.04.99). Blant desse var utanriksminister Vollebæk, statsminister Bondevik, og DNAs og SVs utanrikspolitiske talsmenn, Jagland og Solheim. Dette punktet, som var det avgjerande skillet mellom krig og fred, var ukjent for dei politikarane som avgjorde Norges medvirkning til krigen! Men var det ikkje eit folkemord i gang i Kosovo; det måtte ein vel stoppe uansett? Det gjekk samme vegen med folkemordet som med Racak-bløffen og tilsvarande svindelprosjekt i Bosnia tidlegare. Den spanske etterforskingskommisjonen seier i slutten av september 1999: Først opererte NATO og FN med 44 000 offer. Seinare vart det redusert til 22 000. Nå er det igjen halvert til 11 000. Vi undrast kva det endelege resultatet vil bli. Sett opp mot dei ville overdrivingane verka 11 000 nokså sannsynleg, også for mange av dei som var mot krigen. Men vi vart lurt igjen. Den spanske kommisjonen var stilt i utsikt å finne minst 2000 lik. Dei fann 187. Av desse var dei aller fleste skotne i kroppen og gravlagt individuelt. Og ikkje berre det: Dei låg vendt mot Mekka. Serberane hadde neppe brukt muslimske gravskikkar når dei gravla henretta fiendar.
|
Så til bruken av utarma uran. Alt under sjølve krigshandlingane skreiv den over 80 år gamle bestemora på Stortingsplassen, Jenny Mosland, at NATO brukar A 10 Warthog og Apache helikopter. Disse er armert med DU-ammunisjon, skriv ho, og legg fram fakta om kreftutviklinga etter at slik ammunisjon vart brukt i Irak. I 1999 vart ho ignorert, både som kvinne og som gamling. Mindre enn to år etterpå vart det stadfesta at ho hadde rett. Ikkje berre var DU brukt i Serbia-krigen, men også i Srpska og Krajina. Da italienske soldatar tok til å døy av kreft, let det seg ikkje skjule lenger. Vi kan også ta for oss typiske daglegtale-løgner, som dette at Milosevic ikkje var demokratisk valt, eller at han einsretta media. Den britiske Helsingforskomitéen har undersøkt dette, og seier at einsrettinga av serbiske media er langt sterkare i dag enn under Milosevic. Komitéen, som normalt er sterkt antikommunistisk, feller ein hard dom over DOS-alliansen i sin rapport om valet i desember 2000 og tida etterpå. (Gjengitt i Friheten 02.03.01). Dette betyr ikkje at M. var nokon god demokrat; men det er heller ikkje etterfølgjarane. For eksempel held Kostunica si hand over vennen Karadzic i Bosnia, og prøver å overføre Karadzics brotsverk til Milosevics ansvarsområde. Med vestlege medias støtte. Når hørte du sist om at Karadzic skal arresterast? Dette er eit utval av dei mest opplagte skrønene. Mange av dei er avslørt; fleire står nok att å rydde opp i. - Men er ikkje alle krigar bygd på løgner? Det er rett. Men under dei fleste krigar i moderne tid har det funnest kritiske og sanningssøkande grupper av intellektuelle og politikarar - i dei fleste tilfella folk på venstre fløy. På den måten har dei verste løgnene nokså snart blitt avkledd. Det skjedde for eksempel med Vietnam-krigen, og etter kvart også med Golf-krigen. I kontrast til dette har vi under heile krigen i Jugoslavia opplevd at delar av venstresida, som vanlegvis er mest skeptisk til Vesten og NATO, har vore blant dei mest ukritiske og NATO-frelste. For å finne folk som har tatt vare på den kritiske dimensjonen, må vi gå til to kategoriar som vi vanlegvis ser på som motpolar: Dei reviderte kommunistpartia i Europa, og framståande militære i FN-teneste. Dette er forsåvidt ikkje nytt: Det skjedde også da Norge hadde FN-styrkar i Libanon. Da landa mange av offiserande i FN-styrken på eit Israel-kritisk standpunkt - og fekk ros av SV. Men dei mange FN-offiserane som har prøvd å opptre upartisk i Balkan-konfliktane, spesielt i Bosnia og Kroatia, blir ikkje godt mottatt verken på høgre- eller storparten av venstresida. På denne bakgrunnen var den 24. mars 1999 ein særmerkt dag. Vi som var mot krigen sto hjelpelaust åleine mot ein massiv propagandamaskin. Og sviket frå venstresida svei spesielt vondt. Inntil telefonane tok til å ringe, og eit heilt nytt nettverk tok til å avteikne seg. Dette fellesskapet vart seinare utkrystallisert i organisasjonen Nei til nye NATO. Etter dette går det store skillet i norsk politikk ikkje lenger gjennom DNA, men tvers gjennom SV. For det er utan tvil ein skjebnens ironi at NATO kasta maska og vart ein åtaks-allianse samtidig som SV bøygde kne for alliansen. Det er verre enn DNA i 1949. Da var NATO tilsynelatande ein forsvarsorganisasjon. Det er den avgjort ikkje i dag. På grunn av alliansens omfattande løgner står slagordet Nei til nye NATO langt sterkare i dag både statsrettsleg og moralsk enn Nei til NATO gjorde i det forrige hundreåret. Hartvig Sætra. |