Fortsatt tåkelegging av atom-nedfallet over Nord-Norge?



Den 06.02.99 melder Nordlys at "fakta om atomnedfallet over Nord-Norge er nå nedgradert, etter at det i mange år var holdt skjult for norsk opinion."

Etter artikkelen i Nordlys kan ein undrast på om det framleis er mangt og mykje som skal haldast skjult for norsk opinion. Dei kjeldene som Nordlys gjengir, fokuserer einsidig på sovjetiske atompråver ved Novaja Semlia, og i eitt tilfelle på Semipalatinsk (Kasakstan).

Dette må åpenbart vere ein stor bløff. Alle veit jo at vinden nesten aldri fører frå Novaja Semija og hit. Både fysikarar og meteorologar som underskrivne har snakka med, seier at det er vel så sannsynleg at nedfall i Norge er ført hit med vestlege vindar frå prøvefelta i Nevada, og i visse tilfelle frå Stillehavet.

Når det gjeld Semipalatinsk, er det faktisk større sjanse for at avfallet derfrå skal hamne i Sør- og Midt-Norge enn frå Novaia Semlja.

Mine kjelder antar at dersom nedfall frå Novaja Semija skal nå Vest- og Nord-Norge, vil det først skje etter at skyene har tatt ein runde rundt jorda! Direkte nedfall ved at vinden bles frå Novaja Semija mot Norge, er urealistisk, og grensar til rein bløff.

Derimot er det ikkje urimeleg at det er blitt målt høge verdiar i Vadsø etter utslepp frå Kasakstan. Alle som har reist gjennom Nikel, veit kor konsekvent nedfallet slår austover på grunn av vinden som følgjer Golfstraumen. Derfor er det nok dei arktiske områda i Sovjet som heile tida har måtta døye nedfallet frå Novaja Semija. Og Alaska har vore meir utsett enn Finnmark. Mens Midt- og Vest-Norge av soleklare klimatiske årsaker har vore meir eksponert for amerikanske enn for russiske atomprøver.

At NATO ikkje har villa sleppe ut slike opplysningar under Den kalde krigen, kan ein til ein viss grad forstå, utan derfor å godta det. Men kva slags hensikt har det i eit nytt årtusen å bløffe om nedfallet frå vest?

Harvig Sætra.



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.