Skandaløst dårleg Brennpunkt om samiske urfolksrettar.



    Så har vi opplevd det også: Eit program om samiske rettar til land og vatn der det ikkje er nemnt at det eksisterer ein ILO-konvensjon 169 som Norge både har gått i spissen for og seinare ratifisert. Saman med den generelle slagsida mot den norske kystbefolkningas interesser, vart programmet ei klar (og bevisst?) tåkelegging av denne saka overfor ein allnorsk opinion. Eigentleg er desse rettane juridisk opplagte og greie. Vel å merke dersom folk med kunnskap om saka, får lov til å sleppe til. For eksempel vår høgsterettsjustitisrius Carsten Smith, eller formannen i det juridiske utvalget for urfolksrettar, professor Jens Edvin Skoghøy. At ingen av desse vart spurt om å uttale seg i programmet, seier sitt om nivået. Ein får også ein mistanke om at dei samiske representantane hadde fått slike moment klipt vekk.

    Til ein viss grad kan ein frita reporteren for ansvaret. Det ligg hos Alf R. Jacobsen. Og det er ikkje tilfeldig at Alf R. Jacobsen er hammerfesting, og dermed tungt belasta med Finnmarkskystens fordommar mot samisk eigedomsrett. Han burde vore oppfatta som inhabil i denne saka.

    Det ligg eit svært tungt ansvar på NRK for å rette opp den skandalen som er skjedd med dette programmet, som langt på veg var utforma på kystbefolkningas premissar. Og det er ikkje første gongen slikt skjer; det har blitt regel meir enn unntak Når har NRK tenkt å lage eit program som på objektivt vis konfronterer det norske folk med dei internasjonale konvensjonane vårt Storting har ratifisert?

    I staden har vi fått fleire program som bevisst forsøker å tåkelegge heile saka for sørnorsk opinion. Poenget er at dersom sørnorsk opinion får objektiv informasjon om denne saka, vil nordmenn flest ikkje finne seg i at den århundrelange trakasseringa av samane skal halde fram.Dette har også med Norges gode namn og rykte å gjere.

    Og denne saka har ganske andre og meir alvorlege dimensjonar enn både kvalfangst og ulvejakt. Spørsmålet er: Finn nordmenn flest seg i at Norge blir ståande i skammekråa i lag med dei verste bananrepublikkar i Latin-Amerika når det gjeld behandling av vår urbefolkning?

    For faktum er at dei fleste siviliserte land har gitt urbefolkningane eigendomsrett til sine leveområde.
    Til og med Brasil har gjort det - i alle fall formelt.
    Det har ikkje Norge gjort - i lag med Honduras og Bolivia.

    La meg til slutt arrestere to faktiske feil som belyser den manglande kvaliteten ved programmet:

    1. Det vart sagt i programmet at samane krev eigendomsrett over heile Finnmark. Det er blank løgn. Det er det samiske kjernelandet på Finnmarksvidda striden står om. Dette er eit moment som gjør folk i Sør-Norge forvirra, og det kan brukast til å konstruere ein viss sympati med kystbefolkninga. Men dersom folk i Sør-Norge får vite at striden står om det samiske kjernelandet, vil sympatien snu i motsett lei. Derfor er det ikkje ein tilfeldig forsnakkelse at det blir snakka om heile Finnmark. Det er bevisst manipulasjon med fakta for å svekke samanes sak.

    2. Programleiaren fann ein knaus inne på Vidda med lav på, og tolka det slik at her hadde ikkje reinen nådd til, slik at reinlaven var intakt. Men det var ikkje reinlav ho fann; det var kvitkrull, som er sjelden på Vidda, og eit dårleg beitegrunnlag. Da reineigar Per A. Bær fekk sjå kvitkrullen, sa han:Jeg har aldri sett slik reinlav. Og det hadde han heilt rett i.

    Det var programleiaren som bokstaveleg talt var på vidda.

    Mitt spørsmål er enda ein gong: Når skal NRK la denne saka få ei kvalifisert og objektiv behandling i vår landsdekkande TV? Må vi alarmere TV-folk frå andre europeiske land for at dette skal skje?

    Harvig Sætra,
    NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.