Vi har hatt ei sak gåande der representantar for Miljøverndepartementet sit
i styret for ulvemotstandarane i World Wildlife Fund (WWF) Norge. Det er
ille nok.
Men saka er verre enn som så. Det går fram av Nationen 23.02 at årsaka er
denne: WWF er ein såkalla stiftelse med rett til å ta mot skattefrie
gaver!
Når eg sit her og ser på sjølvmeldinga for i år, er det to typar gaver eg
får skattefritak for: Til Landsforeningen mot kreft, og til UNICEF. Det
siste gjeld humanitært arbeid.Men eg betaler kvart år fleire tusen kroner
til helsefond for Latin-Amerika og Palestina. Det er også humanitært arbeid,
men for det får eg ikkje eit øre i skattefritak, av ein eller annan grunn.
|
Eg veddar ein tusenlapp på at den er politisk.
Det er altså ikkje nok at rikfolk med store bedrifter kan sette inn
støtteannonsar og gi andre former for sponsor-støtte skattefritt. Dei kan
også skattefritt støtte ein kampanje for å behalde ulv utanfor den
offisielle ulvesonen som demokratiske styresmakter har vedtatt.
Det må vere på sin plass å peike på at manglande skattlegging av WWF ikkje
berre er eit klart brot på demokratiske spelereglar, slik at det grensar nær
opptil korrupsjon. Det er også ei klar prioritering frå AP-regjeringa: Dei
støttar ulvemotstand framfor korridorpasientar og skolebarn.
Hartvig Sætra, NKP
|