NY MAKTDELING l KAMBODSJA
DÅRLEG NYTT I VESTEN?



Så lenge det var strid etter valet i Kambodsja i fjor, var det stadig reportasjar i aviser og NRK. Men brått tok alt slutt. Forklaringa er nok at dei to største partia vart einige den 23. november i fjor, om at Hun Sen skulle vere statsminister i landet, og at Norodom Ranariddh skulle vere president for parlamentet. Hun Sens sosialistparti får med sine 64 parlamentsmedlemmer 12 medlemmer i regjeringa. FUNCINPEC har 43 representantar, og får 11, bl.a. for finans, handel, landbruk og undervisning.

Det har irritert både Vesten, Kina og AKP/RV at Hun Sens parti har stått sterkt i befolkninga heilt sidan CPP saman med Vietnam fjerna Pol Pots redselsstyre. Vestlege media, bl.a. NRK, har det stadig travelt med å fortelle at "Hun Sen var ein gong medlem av Røde Khmer". Men han braut med RK allereie i 1978, før Vesten, norske styresmakter og AKP omfamna den samme Pol Pots eksilregjering.

Det er nok årsaka til at alt som er godt nytt for Kambodsjas befolkning, er dårleg nytt for norske og vestlege media.

Etter at slumpen av Røde Khmer-soldatar nyleg av overgitt seg, bestemmer regjeringa i Pnom Penh i nærmaste framtid kva slags rettargang dei ansvarlege for massakrane under Pol Pot skal få. Det gjeld spesielt FN-ambassadøren (og Jan Myrdals venn) Khieu Samphan, og "hærsjefen" Nuon Chea, som overgav seg i juletida. Først var det snakk om amnesti for dei to, men etter protestar vart dette ikkje gjennomført. I staden vil regjeringa vurdere om dei skal stillast for nasjonal eller internasjonal domstol.

Seth Myciarns frå New York Times skriv om dette at "dersom det blir ein internasjonal domstol, vil den ikkje berre ta for seg ein av dei største ugjerningane i vår tid, men også sette søkelys på USAs medvirkning til dette." Det er snakk om "200 dagar og 200 netter med massiv bombing av landet. Anslagsvis kosta dette ein stad mellom 300 000 og 500 000 menneskeliv, når ein reknar med ugjerningane til USAs marionett-regime under Lon Nol fram til 1975.

Frå Beijing har kong Sihanouk erklært at han vil stille opp og anklage RK for å ha tatt livet av fem av barna, 14 barnebarn, fire fetterar, ein svigerbror og ein halv-onkel under redselsregimet. Det ein kan undrast over i den samanhengen, er at Sihanouk let seg presse av Kina, ASEAN- og NATO-landa til å samarbeide med massemordarane på åttitalet, i den RK- dominerte eksilregjeringa. Det var denne regjeringa som både AP og dei borgarlege regjeringane godkjente som "Kambodsjas lovlege regjering" på åtti- og første delen av nittitalet. Den gongen da Bondevik var utanriksminister og Vollebæk hans statssekretær, forsvarte begge sterkt denne politikken, som vi i ettertid finn både opprørande og uforståeleg. Aldri har Norge anerkjent eit meir blodbestenkt regime enn dette.

Hartvig Sætra,

"Misjonshuset",

9220 Moen,

Tlf.77831440




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.