URETTFERDIG KØYREFORBOD URETTFERDIG KØYREFORBOD

URETTFERDIG KØYREFORBOD



Samferdselsminister Odd Einar Dørum føreslår at det vert innført eit køyreforbod i norske storbyar på sterkt forureina dagar. Forbodet skal gjelde for personbilar som er eldre enn ni år.

Det er prisverdig at Dørum vil iverksetje konkrete tiltak for å redusere forureininga. Forslaget hans må likevel avvisast ut frå sosiale rettferdsomsyn. Som gammal sosialarbeidar burde Dørum ha tenkt nærare over kven som vert ramma av dette køyreforbodet, og kven som går fri. Når menneske køyrer rundt i eldre bilar, skyldast dette sjeldan nostalgi eller sær smak, men snarare at vedkommande ikkje har råd til å skaffe seg nyare årsmodellar. Difor vil lågtløna, trygda, sosialklientar, studentar og unge i etableringsfasen bli offera for denne politikken - altså dei som har minst frå før.

Dørum er gammal nok til å minnast ei tid då bilen var eit eksklusivt leikety for rikfolk. Vi må ikkje ta steg som fører oss tilbake til ein slik tilstand. Sjølv om det må vere eit viktig mål å redusere privatbilismen, må ikkje dette skje på ein slik måte at det forsterkar klasseskilla i det norske samfunnet. Dersom samferdselsministeren absolutt vil innføre særordningar som inneber sosial skeivfordeling, burde han heller ramme rikfolk. Kva med eit køyreforbod for store og kostbare Mercedesar og BMW-ar på sterkt forureina dagar? Det vil likevel vere ei langt betre løysing å byggje ut det kollektive transportnettet og raskt setje ned takstane på reiser med buss og bane!

Vi kjenner Odd Einar Dørum som ein mann med hjartet på rett stad og med eit sterkt sosialpolitisk engasjement, og vonar difor at sosialliberalaren revurderer forslaget sitt. I dette tilfellet har samferdsels- og miljøpolitikken også ein sosialpolitisk dimensjon som ein ikkje bør sjå bort frå. Kvifor er det alltid fattigfolk som må svi, medan dei meir velståande ikkje vert ramma?

Kjell Underlid

sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)




TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.