Godt nok Men bør ikkje det norske Establishment sjå på sine eigne gjerningar dei siste åra, og spørje seg sjølve: Har også vi svin på skogen? La oss sjå på den krigføringa som norske politikarar frå Hagen til Halvorsen har vore med på. I den samanhengen bør alle lese ein artikkel av Ulf Andenæs i Aftenposten 30.01. Der blir det fortalt om bruken av utarma uran og det som verre er, reaktoravfall, i alle NATOs krigar etter 1990: Golfen, Somalia, Srpska/Bosnia og Rest-Jugoslavia. Det rammar spesielle etniske grupper som USA/NATO oppfattar som ulydige. Dermed skal dei straffast med forgiftningar, kreft og genetisk misdanning. Kan ikkje det kallast rasisme? Dei menneska som har vore utsett for atomkrig Light, vil oppfatte Bøler som ein svært trygg plass i forhold til sitt heimland. Vi likar ikkje nazi-symbol. Nei vel. Men vi var overivrige til å anerkjenne den nyfascistiske staten Kroatia i 1992. Dei kroatiske nasjonalistane brukte det gamle flagget frå nazi-staten 1941-45, og samme myntsort, nasjonalsang og andre viktige symbol. Gamle nazistar vart rehabiliterrt, og gater og plassar vart oppkalla etter dei. Tudjman benekta Auschwitz. Det var han klandra for. Men da han bagatelliserte Balkans Auschwitz, Jasenovac, var det nesten ingen her i landet som reagerte. I Jasenovac utrydda det kroatiske fascist-regimet 600 000 serberar, 60 000 jødar og 20 000 romani. Kva har Norge gjort med det? Jo, alt om serbiske lidingar under siste krig er tatt bort frå norske lærebøker. Også Store Norske Leksikon har fjerna Jasenovac som oppslagsord. Kva ville vi sagt dersom det hadde blitt gjort med Sachsenhausen og Dachau, som kravde langt færre offer enn Balkans Auschwitz? Da kroatane foretok etnisk utreinsing av ein halv million serberar i 1995, hadde NTBs reporter vore på "historieseminar" hos Tudjman. Han utbasunerte i ein NTB-artikkel at berre 30 000 døde i Jasenovac. Avisene tok denne løgnen for god fisk. Mens dei ikkje ville ta inn dementi. Og overfor Europas verste etniske reinsing i etterkrigstida tagde dei tvert. Korleis kan vi fordømme nazi-symbol på Bøler og akseptere det i Zagreb? Denne opprekninga kunne gjerast lengre, og utdjupast med stoff frå Irak. På bakgrunn av dette er det stadig fleire her i landet som spør: Står norske politikarar og media for halningar og gjerningar som kan forvirre norsk ungdom? Bør vi ikkje snart gjere opp rekneskapen for den brutaliteten som USA har stått bak i det siste tiåret, og som det norske Establishment har støtta 110% opp om?
Hartvig Sætra, |
|