Michel Chossudovsky er kanadisk økonomiprofessor, og ein forgrunnsfigur i kampen mot WTO og MAI). Ei nyleg høring hos den kanadiske forsvarsministeren, sommaren 1999, peikar mot ei muleg forgiftning av kanadiske fredsbevarande styrkar i Kroatia i åra 1993-95. Ministeren påsto at fredsstyrkane hadde blitt eksponert for PCB og bauxitt(!), og hadde blitt sjuke på grunn av gifter i den jorda som vart brukt i sandsekkar. Den ofisielle rapporten frå Forsvarsdepartementet (DND) refererer også til muleg forgiftning frå forureina jord i Medak-området i 1993. Dette fell saman med ein større massakre av serberar som kroatiske tropper utførte i dette området under Operasjon Brent Jord. Var det forgifta jord eller var det noko meir alvorleg? Det som følgte etterpå, kan tyde på det. Det kanadiske ridande politiet, som etterforska saka, meldte at sjukejournalane til mange tidlegare kanadiske fredsbevarande soldatar var blitt sletta etter ordre frå DND! Dei militære dokumenta som beskreiv dei kjemiske verknadene på soldatane, var fjerna frå journalane til dei tidlegare fredsbevarande soldatane. (National Post aug. 1999). National Post skreiv vidare: Det låg blodlukt i lufta forrige veke, da media forsto at dei hadde ein skandale under opprulling innanfor Forsvarsdepartementet på grunn av dei medsinske journalane til dei kanadiske fredsstyrkane i Kroatia 1993. Påstandar om øydelagte dokument, ein klar dekkoperasjon, og ein forsvarsminister og høgare offiserar ... Politiets etterforsking hadde avslørt at langt fleire kanadiske soldatar hadde blitt råka av uforklarlege sjukdomssymptom.
|
Den saka som er uavklart, er kva slag prosjektil og ammunisjon som vart brukt av dei kroatiske styrkane i den kanadiske sektoren. Bruken av forbodne prosjektil, granatar og ammunisjon i det tidlegare Jugoslavia er blitt dokumentert i mange reportasjar. (Sjå BBC Summary of World Broadcasts juni 1994, og Bosniske styrkar har truleg brukt kjemiske granatar i krigen, Reuters okt. 1993). Vart kjemiske våpen brukt mot serbiske sivile - og som ein følgje av dette, også mot kanadiske fredsstyrkar - i Krajina og Medak-området? I dag kan vi føye til ein forsterka mistanke: Hadde kroatane og muslimane fått tilgang til DU-ammunisjon frå USA, trass i FNs våpenblokade av alle partar i krigane i Bosnia og Kroatia? Vi veit at kroatiske fascist-styrkar under Tudjman hadde tilgang på rikeleg med amerikanske våpen i den tida som Chossudovskys artikkel omhandlar. Dette trass i at FN hadde vedtatt våpenboikott av både kroatiske, muslimske og serbiske separatist-styrkar. Det nye er at dei kroatiske fascistane truleg også hadde tilgang på ammunisjon med utarma uran. Til og med muslimske separatist-styrkar kan ha fått slike våpen. Dette er ein våpenkategori som heilt klart er ulovleg i kraft av Geneve-konvensjonen. USA har altså gjort seg skuldig i eit dobbelt brot på folkeretten i dette tilfellet. Men i praksis kan USA bryte alle konvensjonar og lovar utan konsekvensar. Og uansett kor alvorlege USAs krigsbrotsverk er, så er Norge blant dei landa som er ivrigast til å dekke over det som skjer. Dessutan er vi ofte så ivrige at vi sjølve tar del i brotsverka med opne auge. Det gjeld ikkje berre dei tradisjonelle regjeringskonstellasjonane. Det nye når det gjeld Balkan-krigen er at også SV følgjer USA slavisk. Når skal folkeretten igjen bli gyldig? Går vi inn i ei tid da lov og rett må vike for økonomisk og militær styrke? Kva vil vi kalle eit slikt samfunn?
Hartvig Sætra, |