Som så mange andre hadde han lurt på at vi hører så lite om ettervirkningar av DU frå Srpska, enda det var der dei italienske soldatane som fekk leukemi hadde tenestegjort. Og NATO har vedgått at dei har brukt uran-ammunisjon der, truleg både DU og det som verre er: Reaktoravfall. Fisk drog dit, og fekk oppleve i fleire byar at både innbyggarar og styresmakter snakka om til dels stor auke i krefttilfella, opptil femdobling enkelte stader. Doboj og hovudstaden Banja Luka er blant dei verst råka områda. Men utanverda har ikkje hørt noko. Korfor? Det går rykte om ein omfattande hestehandel mellom dei styrande borgarlege partia - Karadzics SDS pluss Plavsics utbrytarparti. |
Dette høver veldig bra både for NATO og for Karadzics gamle partifeller Kostunica og Djindjic, som nå er Vestens yndlingar i Beograd. Målet med det heile er å velte all skuld over på Milosevic. Dette gir for det første stor psykologisk gevinst for NATO i ei tid da nettet snører seg saman om dei som leidde krigen, i alle fall i folkerettsleg samanheng, på grunn av bombinga med utarma uran. For det andre vil ein kunna sette jugoslavisk opinion under konstant tvang, slik at dei ikkje vil tore å stemme på Sosialistpartiet når det nye regimet viser sitt sanne andlet, og Vesten strammar inn økonomien gjennom Verdensbanken og Pengefondet..
Hartvig Sætra, |