Utarma uran (DU) brukt både i Somalia og Tyskland.



    Der Spiegel for 23. jan. i år kan melde at opplysningar om både DU og reaktoravfall har lege på Internett sidan januar i fjor. Da vedgjekk den amerikanske energiministeren at det vil både finnast DU og spor av plutonium (Pu) i ammunisjonen. Men han legg til at mengdene av Pu er svært små.

    Uansett kor små dei er, må vi ha tre fakta i tankane: 1) Pu er 57 000 gonger meir radioaktivt enn DU, 2) Pu der den sterkaste gifta vi kjenner, og 3) Pu finst ikkje i DU som stammar frå naturen, berre i reaktoravfall. (Dette vil også innehalde andre giftige og radioaktive isotopar som er nedbrytingsprodukt av uran: aktinium, protaktinium, thorium, bly og vismut. Farlegast er likevel Pu. HS).

    Den tyske forsvarsministeren Scharping har insistert på at han ikkje har visst noko om bruken av DU. Men ein militær-kritikar, Otfried Nassauer, oppdaga ved NATOs Informasjonssenter i Berlin (BITS) at DU vart brukt i Somalia. I ein telex til amerikanske tropper i Mogadishu oktober 1993 blir amerikanske soldatar åtvara mot område der det var brukt DU-ammunisjon. Samtidig vart dei forsikra om at normal kontakt med DU er ufarleg.

    Men instruksen var ein dekk-operasjon; for ein annan instruks påla saniteten at soldatar som hadde hatt kontakt med DU - ved inhalering eller eksponerte sår - skulle få medisinsk særbehandling. Og slik var instruksen for urinprøvene frå slike soldatar:

    Kvar urinprøve skal lukkast inne i ein absolutt sikker litersboks. Denne skal igjen lukkast inne i ein container med absorberande materiale, i tilfelle lekkasje. Til slutt skal containeren pakkast i ein sikker pappkartong og merkast Biohazard.

    Trass i desse rigorøse sikringstiltaka gav USA aldri slike opplysningar til sine NATO-allierte, verken i Somalia eller under NATO-øvingar i Europa. Heller ikkje vart bruk av DU drøfta før Kosovo-krigen braut ut. Det var først da krigen var slutt, i juni 1999, at slike opplysningar kom i NATO-dokument, bortgjømt blant store mengder anna stoff om krigen.

    Men Spiegel har enda meir alarmerande nyheiter: Ein rapport som beskriv 149 hendingar som involverer DU-ammunisjon mellom 1989 og 2000. Det tyske forsvarsdepartementet visste om dette; Spiegels kjelde var ein konfidensiell rapport som lekka ut.

    Det er også godtgjort at DU-ammunisjon er testa på tysk jord. Ein professor i Göttingen meldte til Spiegel at han hadde vore med på testing av DU for selskapet Rheinmetall allereie i 1972-73. Desse testane gjekk for seg i Niedersachsen. Og i Schrobenhausen i Øvre Bayern vart slike våpen testa i 17 år inntil 1996. Det har til dels vore skote mot utrangerte tanks, med uranstøv som uavvendeleg resultat.

    Hartvig Sætra,
    NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.