Det var ein oppsiktsvekkande reportasje på Schrödingers Katt den 18.01. I
følgje ein tysk militær forskar hadde han tatt med seg restar av
uran-prosjektil frå Irak, og levert dei til analyse ved eit tysk institutt.
Til hans store sjokk kom det etter nokre dagar ein veritabel politistyrke
heim til han, og dei hadde tungt verneutstyr mot radioaktivitet. Dei
beslagla resten av dei prosjektila han hadde med seg, og sjølv vart han
arrestert og dømt til fengselsstraff for import av farleg kjernefysisk
materiale.
Det viste seg at dei prosjektila han hadde tatt med, var slike som små barn
i Basra i Irak leika med. Seinare hadde ungane fått leukemi. Desse
prosjektila hadde ein ganske høg gehalt av U 236. Det er ein kunstig isotop
som er langt meir strålingsfarleg enn U 238, som er hovedkomponenten i
utarma uran (DU).
Problemet er dette: U236 finst nesten ikkje i naturleg uran, og dermed
heller ikkje i DU. Dei prosjektila han hadde tatt med seg frå Irak, må
derfor innehalde materiale av eit anna opphav enn DU.
Problemet er kanskje løyst av ein kvinneleg amerikansk forskar. Ho seier at
U236 er eit produkt av reaksjonane i ein kjernefysisk reaktor. Det hører
altså til kategorien farleg problem-avfall. Men U236 har dei samme fysiske
eigenskapane som U238, derfor kan også det brukast til panserbrytande
rakettar.
Ved å bruke problemavfall frå kjernefysiske reaktorar, løyser den
amerikanske regjeringa to problem:
1) Å finne eit materiale som kan brukast
til panserbryting, og
2) bli kvitt problematisk, høg-radioaktivt materiale.
Dersom ikkje dette er eit krigsbrotsverk, har det aldri skjedd slike
brotsverk verken i Irak eller på Balkan. Kravet nå må vere at både USAs
nåverande utanriksminster Colin Powell og den forrige, Madeleine Albright,
må møte for ein krigsforbrytardomstol
|
. Det samme må skje med alle som er
ansvarlege for bruken av dette materialet, såvel i Gulfen som på Balkan.
Med avsløringa av at kjernefysisk problemavfall frå atom-reaktorar er brukt
i uran-prosjektil, begynner altså nettet å snøre seg saman omkring NATOs
krigsforbrytarar på Balkan. Samtidig blir dei politikarane som støtta
krigen, meir og meir avkledd som ynkelege medløparar.
Vil dei som er avslørt, vedgå at dei tok feil?
For det serbiske folket utgjer desse to sakene ei oppreising av store
dimensjonar og uventa rekkevidde. Diskusjonen om krigane på Balkan i
nittiåra er ikkje lenger den samme etter dette. Dette reiser to viktige
presse-etiske spørsmål:
1. Vil mediafolk som bevisleg vurderte og rapporterte feil, nå be den
serbiske befolkninga om orsaking - slik faktisk Der Spiegel gjorde etter
avsløringa av TV-bløffen om Trnopolje?
Spørsmålet går til alle større norske media, men først og fremst til
Dagbladet, VG, Dagsavisen og Dagsrevyen.
2. Vil mediafolk og politikarar i Norge stå ærleg fram og vedgå: Vi tok
feil! Eller vil dei tvihalde på dei standpunkta som nå er avslørt som
pinlege mistak?
Utfordringa går til alle større norske aviser, og til leiarane i dei
politiske partia som sto bak krigen i 1999. Spesielt er denne utfordringa
retta til Kjell Magne Bondevik, Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen.
Hartvig Sætra, NKP
|