Nye stjernesmellar for dei som forsvarte Balkan-krigen.



    Dei som forsvarte NATOs krig på Balkan, har det ekstremt vanskeleg for tida. Og det er vel fortent.
    Vi som var motstandarar, vart anten sjikanert som Milosevic-fans, eller oftast ignorert. Nå viser det seg at svært mykje av det som vi sa, blir motvillig vedgått av både militære og sivile kjelder.
    Det blir også vedgått at det har vore ei systematisk forvrenging og nedteiing av fakta, både frå NATO, regjeringane Bondevik og Stoltenberg, og ikkje minst leiinga i SV.

    Racak var kosovo-albansk bløff.

    Eg skal vere den første til å vedgå at eg frå først av trudde det var eit snev av realitetar i den såkalla Racak-massakren. Ein innsendar i Friheten gjorde meg merksam på at franske journalistar hadde reist tvil om saka.

    Etter at også dei kviterussiske legane hadde dokumentert juks, var det sjølvsagt for underskrivne å ta sjølvkritikk og gi vedkommande honnør for at han hadde rett.

    Dette var på ettervinteren 1999, før Rambouillet og krigen. Vestlege media ignorerte det kviterussiske legeteamet, eller dei avviste dei som partiske .
    Dei stolte på at det finske teamet, som var der samtidig, ville komme til andre resultater.

    Men allereie for eit år sidan kom det ut opplysningar om at også dei finske legane ville komme ut med fakta som Vesten ikkje ville like. .
    Nå har altså dei finske legane hamna på samme konklusjonar som dei kviterussiske.

    I følgje Aftenposten 18.01 reknar den finske kommisjonen at dei serbiske styresmaktene er frikjent.
    Men NRK held fram med å desorientere. I morgonsendinga 18.01. hevda dei at den finske kommisjonen finner det ikke bevist at serberne sto bak massakren i Racak.

    Det er grovt usant. Kommisjonen uttalte at dei hadde bevis for at serberane ikkje sto bak. Og det er noko ganske anna.
    Dei sa også at lika på utstillinga i Racak var manipulert med, og at fleire av dei ikkje var frå Racak.
    Det var kosovo-albanske opprørs-soldatar som hadde falle i trefningar i fleire byar, og som var samla i hop i Racak og sminka for at det skulle sjå ut som om dei var avretta på nært hald.

    Likskapen med den kjente media-svindelen frå den rumenske byen Timisoara i 1991 slår alle. Der var det til og med utstilt lik som var gravne opp på kyrkjegarden for å diskreditere Ceaucescu. (Utan at dette fritar Ceaucescu for dei brotsverka han utførte).

    Det er interessant at Aftenposten nå lar oss få alle sine artiklar frå våren1999 på IT.
    Riktig nok viser dette at Aftenposten, i motsetning til alle andre større aviser i Norge, trykte det franske AFPs tvil om massakren.
    Men alle redaksjonelle kommentarar gjekk likevel ut på at avisa trudde på bløffen. Og språkbruken overfor serbiske styresmakter var rabiat.
    Språkbruken var enda meir rabiat i andre aviser, som Dagbladet og Dagsavisen.
    Og dei underslo til alt overmål det franske byråets tvil. Det må vere all grunn til å spørje om den journalistiske integriteten til journalistar som Dagbladets Morten Strand og Håkon Lund. For å gjenopprette tilliten bør Dagbladet frita dei for framtidige oppdrag på Balkan.
    Det samme bør NTB gjere med sine ekstremistar.

    Hartvig Sætra,
    NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.