Kva gjer vi her i Norge for Mumia Abu-Jamai?



Nordmenn elskar svart amerikansk musikk og svarte idrettsfolk som scorar poeng for ein feit og foreten kvit nasjon. Og vi er nostalgiske over Martin Luther King. Ut over dette innbiller vi oss at USA "har løyst negerproblemet", så det treng vi ikkje lenger bry oss om.

Men dei sosiale problema i det svarte USA tårnar seg opp, og ettersom inntektsskilnadene aukar, søkk fleirtalet av den svarte befolkninga stadig lenger ned i sosial misere og kriminalitet. Tretti år etter at King sa: I have a dream", har nok eit lite mindretal av svarte gjort karriere. Men fleirtalet er der dei var - eller lenger nede.

Den einaste skilnaden frå sekstiåra er at Europa ikkje lenger bryr seg om afro- amerikanarane, som dei bevisste blant dei gjerne kallar seg. Urettar som for tretti år sidan ville fått norsk og europeisk ungdom til å marsjere i gatene, blir nå så vidt registrert i halvsøvnige partiorganisasjonar, som er meir opptatt av å støtte USAs globale bombestrategi mot såkalla "uskikkelege statar" enn å tenke på levekåra for afro-amerikanarar.

Håkon Lies fotspor er store og veltrødde, og sikre å halde seg til. Som det står hos Bjørnson i hans radikale ungdomstid: "Der Godtfolk gaar, der er Guds Veje". Og i dag går den såkalla "venstresida" i tog berre for å støtte NATO-bombing av Serbia. Abu-Jamal er "yt".

Kven er Abu-Jamai?

Trass i namnet er han innfødd arnerikanar, og namnet har han tatt som ei politisk markering av sitt afro-amerikanske opphav. Som politisk aktivist og journalist arbeidde han for å dokumentere korleis politiet i staten Pennsylvania overreagerte mot svart ungdom, og dreiv ein provoserande og rasistisk praksis. Han oppnådde i fleire tilfelle å få politifolk på anklagebenken, og var derfor ein forhatt person i politiet.

Gjennom sine stadige granskingsoppdrag vart han innblanda i ein skyteepisode mellom kvite politifolk og ei gruppe svarte. Ein kvit politimann vart drepen, og ettersom Abu-Jamal var blant dei arresterte, vart han den hovedanklaga for drapet. Politiets motiv for akkurat å velje han, ligg jo i dagen.

Denne episoden skjedde i 1981, og året etter vart han dødsdømd. Men i den tida vart alle dødsdommar utsett, og etter kvart vart også internasjonal opinion merksam på at det her var meir enn sannsynleg at det var begått eit justismord, for at politiet i Pennsylvania skulle få hemn.

Korfor skal han avrettast etter så mange år?

Motiva bak er gjennområtne frå begge dei store partia i USA. Da senator Bob Dole utfordra Clinton i 1996, var eit av hans "gullkanta" valkamptema at Clinton var "soft on criminals", og spesielt at han bøygde av for internasjonale protestar frå "USAs fiendar".

For å motverke Doles framgangar i valkampen underteikna Clinton 24. april 1996 ein ny lov som heitte "The Federal Death-Penalty AcC, som gav delstatane uavgrensa l›yve til sjølve å bestemme om ein dødsdømt skulle avrettast. (Tidlegare kunne presidenten omgjere ein dom, - og det hadde skjedd i enkelte høve). Clinton fekk klar beskjed av dei som hadde foreslått loven, at den sikta spesielt mot Mumia Abu-Jamal. l praksis underteikna altså Clinton på den rasistiske dødsdommen over Jamal, ut frå det motivet at han skulle bli gjenvalt som president!

Den 30. oktober i fjor vedtok Pennsylvanias høgsterett at Abu-Jamal skulle avrettst. Dette vil truleg bli gjennomf›rt våren 1999.

Kan vi hindre avrettinga?

Det foregår nå omfattande organisering av solidaritetsarbeid og protestaksjonar over heile Europa. l Tyskland var det aksjonar i alle store byar den 20. februar. Og det internasjonale nettverket arbeider med å få til enda meir omfattande demontrasjonar seinare på våren, under merkelappen "millionar for Mumia". Ettersom avrettinga er lagt til mai, vil denne store protesten bli halden den 24. april, på treårsdagen for Clintons forræderi mot sentrale lovprinsipp i eit demokratisk samfunn. Ironisk nok er dette også Mumias fødselsdag!

Ein representant for nettverket seier at "kvar einaste dag teller1 - Vi veit jo at ein del stortingsfolk har underteikna protest, og at statsråd Meltveit Kleppa (SP) har trassa Bondevik og Vollebæk og blitt medunderskrivar. Men det er ikkje nok. I praksis er vi avhengige av at fagorganisasjonane, Noregs Ungdomslag, Bonde- og småbrukarlaget og andre viktige venstregrupperingar er med. det beste ville vere om sentrale parti som DNA og SP ville bryte si tradisjonelle audmjuke rolle overfor USA.

Hartvig Sætra



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.