- Tenk dykk at den sjølvutnemnde vinnaren ikkje fekk flest røyster, men vann valet på grunn av ein eller annan gammal kolonial skikk frå landet si før-demokratiske fortid (valmannsforsamling). - Tenk dykk at den sjølvutnemnde vinnaren sin "siger" kvilte på at omstridde røyster ikkje var godkjende i ein provins der hans eigen bror regjerte! - Tenk dykk at dårleg utforma røystesetlar i eit distrikt - eit distrikt der den sjølvutnemnde vinnaren sin konkurrent var mykje meir populær - førde til at tusenvis av veljarar røysta på feil kandidat. - Tenk dykk at medlemmer av den mest tilsidesette gruppa i staten var livredde eller redde for levevegen sin, men tok ut i rekordstore flokkar for å røyste på noko nær motsett av den sjølvutnemnde vinnaren sitt program.
|
- Tenk dykk at 6 millionar menneske røysta i den omstridde provinsen og at den sjølvutnemnde vinnaren si "leiing" berre var på 327 røyster. Visseleg færre enn feilmarginen til teljemaskinene. - Tenk dykk at den sjølvutnemnde vinnaren og partiet hans motsette seg eit meir nøyaktig ettersyn for hand og omatt-teljing av røystesetlane i den omstridde provinsen eller i det mest omstridde distriktet. - Tenk dykk at den sjølvutnemnde vinnaren - sjølv guvernør i ein stor provins - når det galdt menneskerettar hadde det verste rullebladet av alle provinsar i landet hans, og faktisk var leiande når det galdt avrettingar. - Tenk dykk at ein viktig vallovnad frå den sjølvutnemnde vinnaren var å peike ut likesinna menneskeretts-krenkarar til livstidsstillingar i høgsterett i landet.
Mari Aasen, |