EØS stoppar Noreg!



    Eit nytt hotellbygg i Molde vart nesten stoppa etter at gravinga hadde starta. Andre byggeprosjekt i fylket blir lagt på is. Flyplassen i Ørsta/Volda kan bli lagt ned, og den i Molde må i beste fall vente lenge på utbetringar som trengst sårt. Forresten blir det så dyrt å reise med fly neste år at endå færre får råd til det.

    Alt dette heng saman med eit statsbudsjett som er distriktsfiendtleg, men bakom lurer Den europeiske unionen. EU har reglar som forbyr såkalla konkurransevridande støtte til næringslivet. Som ulovleg støtte blir det også rekna at skattar og avgifter varierer frå stad til stad i landet.

    Altså: Norske styresmakter ønskjer å innføre ei avgift på næringsbygg. Det er kanskje gode grunnar til det i Oslo-området, for å dempe presset i økonomien der. EU tillet i prinsippet Noreg å ha ei slik avgift, men ho må vere lik overalt. Skal det vere avgift i Oslo, seier EU, så må det også vere det i Molde, på Sunndalsøra og i resten av landet. Elles meiner EU at utkantane får ein konkurransefordel!

    Mange hugsar korleis det gjekk med arbeidsgjevaravgifta. Eit system med ulike avgiftssatsar gjorde arbeidskraft billegare i utkantane. Dette styrkte næringslivet der og dempa presset i Oslo, nettopp slik det var meint. Denne ordninga vart fjerna etter krav frå EU.

    På same måten er det med flyreiser. Flyseteavgifta vart innført for å vri noko av trafikken over på tog. Derfor vart det avgift på strekningar der fly og tog konkurrerer, slik som mellom Oslo og Bergen. Dessutan fekk trafikken mot utlandet høgare avgifter enn innalands, der folk flest reiser. Ulovleg, sa EU, for ei avgift skal vere lik overalt. Så no blir billettane dyrare også frå og til utkantflyplassane.

    Men kor lenge vil det komme fly til utkantane? Før kunne Luftfartsverket tene godt på dei travlaste flyplassane og la noko av pengane sildre ut over dei andre. Resultatet vart mange små og mellomstore flyplassar og eit tett rutenett. No forbyr EU slike overføringar, Luftfartsverket manglar pengar til vedlikehald og utbygging, og framtida for små flyplassar er uviss.

    Kvifor har vi EU-reglar i Noreg, som ikkje er medlem? Jau, Noreg og nokre andre land (EFTA) gjorde i 1992-93 ein avtale med EU. Den såkalla EØS-avtalen gav svært lite til Noreg, men EU fekk rett til å bestemme reglane for handel og produksjon her. Dette blir tolka så vidt at det også gjeld delar av skatte- og avgiftssystemet.

    EU innfører heile tida nye reglar som Noreg må godta på grunn av EØS. Noreg har ein viss rett til å nekte, men den såkalla vetoretten har ikkje vore brukt enno. Til og med direktiva om matsminke, som tillet helseskadelege tilsettingsstoff i maten, har norske styresmakter no godteke.

    Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsmelding om Europa-politikken. Der står det mykje rart, men ikkje eit ord om at distrikta lir under konkurransereglane i EU. Heller ikkje stortingsrepresentant Petter Løvik (H) ser ut til å ha fått med seg det poenget. I ein avisartikkel nyleg legg han skulda på EFTA, som er motparten til EU i EØS-avtalen!

    EØS-avtalen er dårleg for Noreg. Det er på tide å sjå etter noko betre. Både Ap-leiinga og partiet til Løvik ønskjer fullt medlemskap i EU, men det er endå verre. Då vil EU-reglar gjelde automatisk i Noreg, heilt utan vetorett. Dessutan må Noreg innføre euroen i staden for krona, leggje seg inn under den europeiske sentralbanken og bli heilt ute av stand til å styre eigen økonomi.

    Sveits sa nei til EØS i ei folkerøysting i 1992, og har seinare greidd seg svært godt med ein vanleg handelsavtale med EU. Tidlegare i år vart denne avtalen utvida, men utan dei overnasjonale ordningane som finst i EØS. Dette viser at EU faktisk er open for ein betre avtale enn Noreg har no. Det er oppsiktsvekkjande at regjeringa ikkje nemner dette alternativet i Europa-meldinga. Stortinget bør sende meldinga i retur og krevje at regjeringa gjer skikkeleg arbeid!

    Lars Staurset




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.