Bildet er nokså eintydig: Mange seier at Kristin Halvorsen må ta kraftig sjølvkritikk etter desse avsløringane, eller ho må gå av. Dei som stemte for krigen, må ikkje bli renominert utan ein tilsvarande prosess. Blant desse er eit medlem av nominasjonskomiteen i Oslo. Hans syn har støtte blant mange, også i Troms fylke, mens andre ikkje tør ta standpunkt før dei har drøfta det i partiet. Lyder det kjent? Dei fleste av dei spurte tør likevel meine noko. Og hovedtendensen i svara er at leiaren og fleirtalet i stortingsgruppa ikkje kan komme frå denne saka utan kraftig avbikt. Dette seier også ein person som opphavleg støtta krigen, men som nå sjølv angrar bittert. Han orsakar sine eigne bommertar slik: Vi trudde Erik og Kristin var i stand til å vurdere denne vanskelege saka på riktig måte. Der tok vi feil. Erik Solheim kan vere glad at han er ute av bildet. Som ein av dei mest entusiastiske tilhengarane av krigen kunne han aldri blitt renominert. Kristin må ta sjølvkritikk. Djupedal på TV: Ikkje uran.
Ein av dei to som ringte meg, var svært forbanna på Øystein Djupedal, som
var ein av dei representantane som sterkast talte for NATOs krig i 1999. Men
på Dagsrevyen den 6. januar sto Djupedal fram og var tilsynelatande svært
forarga fordi det under denne krigen vart brukt våpen som han ikkje likte
. |
Tenk kor sterkt SV ville stått akkurat nå, dersom vi hadde vore mot krigen! To av dei spurte forsto reaksjonane på Djupedals TV- framferd, og sukka tungt: Tenk kor sterkt SV hadde stått nå, dersom vi aldri hadde støtta denne krigen, eller dersom det hadde blitt skikkeleg oppvask på forrige landsmøte. Det var vanskelegare å få dei spurte til å vedgå at partiet greip Jugoslavia-saka feil an frå første stund. Men også der er folk på gli. Opplysningane om at DU vart brukt også mot dei bosniske serberane i 1995 etter TV-falskneriet med konsentrasjonsleiren i Trnopolje, gjer inntrykk på folk når dei må svare på den saka direkte, og ikkje kan komme med forbisnakk. SV har eit spesielt ansvar.
Det var også eit samstemmig tema at SV har eit spesielt ansvar i slike
saker. Ved å gå inn for høgresidas politikk, legitimerer vi den overfor
heile sentrum-venstre og overfor ein usikker og lite informert opinion.
Hartvig Sætra |