Hartvig Sætra.
om
Valet i Serbia:



    Som ein kunne vente med Milosevic som partiformann.

    a. Valresultatet: Sosialistpartiet under grunnfjellet på grunn av Milosevic.

    Sosialistpartiet SPS ser ut til å få ca. 14 % av stemmene i Serbia. JUL og eit par andre parti som Milosevics parti har hatt koalisjon med, har gått enda meir tilbake enn SPS.

    SPS` nederlag er ikkje så stort som det kan sjå ut til: Det er lenge sidan dei hadde fleirtal i Serbia, og ved forrige val hadde dei litt over 20 %. Derfor har dei styrt ved hjelp av ein koalisjon. Denne koalisjonen får nå omlag 36% av stemmene, mens den før hadde så vidt over 50%.

    Nå er det berre i det jugoslaviske parlamentet at denne koalisjonen har fleirtal. Det fekk dei så seint som ved valet i september. Og derfor har både Kostunica og Montenegros Djukanovic lyst til å demontere Jugoslavia for å bli kvitt dette parlamentsfleirtalet.

    I delstaten Serbia får altså koalisjonen bak Kostunica absolutt fleirtal på 64%. Så stor overvekt treng koalisjonen når upopulære tiltak blir sett i verk; for det er mange av koalisjonspartia som i realiteten er mot dei tiltaka som Vestens yndling, statsminister Djindjic, gjerne vil sette i verk.

    Djindjics svake posisjon i befolkninga, som stammar frå hans vinglete posisjon i forhold til NATOs bombing, kan fort bli ei kjempebelastning for Kostunica. I dag er det derfor heilt soleklart slik, at det gode resultatet for koalisjonen har dei fått på grunn av Kostunica, og trass i Djindjic. Og valresultatet er ikkje eit teikn på at det serbiske folket har godtatt bombinga: Eit av Kostunicas mest populære utspel i valkampen var at han gjekk laus på domstolen i Haag med storslegga, og kravde at NATO skulle granskast for krigsbrotsverk.

    Dessutan har Kostunica fått indirekte hjelp av SPS, ved at dei stikk imot all logikk og forstand attvalde Milosevic som partiformann. Partiet har anslagsvis fått minst ti prosent mindre tilslutning enn dei ville fått med ein annan partileiar.

    b. Jugoslaviske media: Einsretting i gammalkommunistisk stil.

    Når ein veit kor sterk innverknad media, især TV, har på jugoslaviske val, var det trass i alt overraskande at det ikkje gjekk enda verre for SPS. Partiet var i praksis utestengt frå alle media.

    Dei vestleg-finansierte media førte sjølvsagt ein rabiat hat-kampanje mot Milosevic og SPS. Men slik har det også vore ved fleire tidlegare val. Det nye denne gongen var at også dei statlege media gjekk fram på samme måten. SPS vart trakassert både når det gjaldt sendetider og oppslag i TV-kanalane. Heile det statlege fjernsynet var fullt av hat-propaganda mot SPS, også i den perioden like før valet da Kostunicas folk hadde lovt vestlege valobservatørar at SPS skulle vere freda.

    Det er derfor årtier sidan jugoslavisk fjernsyn har vore så politisk einsretta som i dag. Dersom Milosevic under tidlegare val hadde forsøkt seg på noko tilnærmingvis like udemokratisk, ville ingen val etter Titos død blitt akseptert av Vesten. Men nå godtar val-observatørane den skeive medie-dekninga utan å blunke. Tvert om: Dei snakkar om det første frie valget i Jugoslavia . Det er sensasjonelt. Dersom samme målestokken skal leggast på begrepet frie val generelt, vil Honnecker og DDRs såkalla fleirpartisystem komme godt ut av samanlikninga.

    c. Milosevic og Bülent Ecevit.

    Milosevic har aldri vore kommunist i vanleg austeuropeisk forstand, heller ikkje sosialist slik dei venstresosialistiske partia forstår dette begrepet.
    Han har alltid først og fremst vore nasjonalist, men med vilje til å halde fast på ein del velferdsstrukturar som vart etablert under Tito. I så måte er han ein klar parallell til Tyrkias såkalla sosialdemokratiske statsminister Ecevit.
    Ein annan klar parallell mellom dei to er at dei har undertrykt eit etnisk fleirtal i ein del av landet.
    Men når det er sagt, har neppe Milosevic vore så brutal mot kosovo-albanarane som ulike tyrkiske regjeringar mot kurdarane. Det er berre å samanlikne dei to tilfella ut frå reine og kontrollerbare tal, så ser ein forskjellen.
    Det tredje likskapstrekket mellom Ecevit og Milosevic er at begge har alliert seg med klart fascistiske parti; Milosevic med Seselj, og Ecevit med dei grå ulvane ; begge parti har mange politiske mord på samvitet.
    Ecevit søttar fullt opp om det tyrkiske lovverket som gjer det straffbart å snakke kurdisk, og lange fengselsstraffer berre for å uttale at det finst eit kurdisk folk. Så langt har Milosevic aldri gått.

    Og Ecevit er stadig ein av NATOs gromgutar.....

    d. Kjem SPS tilbake?

    Den situasjonen ein nå har fått i Serbia, liknar det som har skjedd i resten av Aust-Europa. Dersom Vesten følgjer sine tilvande skjema med privatiseringar og nedbygging av alle velferdsordningar, slik dei har pressa fram i Russland, Ukraina og Bulgaria, vil folk få nok temmeleg snart. Dette har som kjent ført til at reform-kommunistane har gått kraftig fram i mange land, og til dels overtatt styringa, slik som i Polen og Romania.

    Den totalitære einsrettinga av media som vi nå ser konturane av, gjer det sjølvsagt vanskeleg for SPS å komme fram med sitt syn. På den andre sida er SPS det einaste partiet som har ein masseorganisasjon, og dei er organisert i alle delar av riket.
    Det kan fort slik at SPS organiserer ei grasrot- eller undergrunnsrørsle med aukande folkeleg oppbakking ettersom dei økonomiske tilstrammingane slår inn over folks kvardag.
    Og så vil både dei vest-finansierte og dei statlege TV-stasjonane miste truverde, fordi dei ikkje tar opp det som folk er opptekne av.
    Det kan ganske snart bli ei speilvending av mediesituasjonen under Milosevic, med det unntaket at det ikkje lenger eksisterer alternative media i forhold til maktahavarane.
    Men dess meir einsretta media blir i vestvennleg retning, dess sterkare kan reaksjonane bli.
    Dette er SPS og koalisjonspartnarane sin sjanse.

    Men skal partiet klare å komme tilbake, må dei finne ein ny leiar med andre vyer og annan stil enn Milosevic.




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.