Finnmarksvidda:
Tragedie utan allmenning?



    Underskrivne kjenner godt til problema på Finnmarksvidda, både som vegetasjonskartleggar og inntil nyleg medlem av Rådet for Reisa Nasjonalpark. Eg kan derfor underskrive at situasjonen er kritisk, og at mange i reindrifta, spesielt blant dei store reineigarane, har ein tendens til å bagatellisere problema.

    Men eg får lus på ryggen når Dag Elgvin og Ole Gunnar Ballo tar på seg eigarmine overfor dei samiske kjerneområda, og vil ha den norske Staten til å gjere inngrep for å berge Vidda. Det skal skje uansett konsekvensar, etter det Ballo sjølv seier til Finnmark Dagblad: For min del kan reintallet reduseres om så til null. Altså slutt på all samisk reindrift.

    Dette er feil adresse og feil medisin.

    Mange kallar ubalansen på Finnmarksvidda ein allmenningstragedie. Men da ser dei heilt bort frå at det viktigaste kjennemerket på ein allmenning ikkje er til stades på Vidda: Den kollektive eigendomsretten til brukarane. Den har daza - nordmenn - stole frå dei.

    Når eg tenker på eigendomsstatusen til Finnmarksvidda i dag, kjenner eg meg som medskyldig i tjuveri. Det er ikkje berre eg og sameaktivistane som hevdar at norsk eigendomsrett er ulovleg. Slik blir situasjonen oppfatta også blant norske rettslærde og i FN. Den nåverande eigendomsstatusen på Finnmarksvidda er i strid med to menneskerettskonvensjonar: Konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og ILO-konvensjon 169 om urfolks status.

    Dette betyr at eventuelle politistats-metodar overfor reindrifta frå det norske storsamfunnet vil bli lagt merke til av verdsopinionen. Rett og slett fordi det er i pakt med dei slettaste tradisjonar frå imperialismens tidsalder.

    Det hjelper ikkje det grann om Elgvin og Ballo framstiller det slik at dette er til beste også for samane. Slik har kolonistar sagt til alle tider. Vi har eit namn på det: Paternalisme. Dei aller fleste stygge overgrep i koloniveldets historie er utført med paternalistiske grunngjevingar.

    Som vår nåverande konge har sagt: Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to folk Dette må vi ta konsekvensen av, elles klarer vi aldri å løyse konflikten om Finnmarksvidda utan bruk av politistatens kjenneteikn. For ingen kan vente at ein befolkning som er funnen uverdig til å eige det landet dei brukar, skal gjere store forsakingar for å berge det frå allmenningens tragedie. Ein norsk bonde som er fråtatt garden han driv, vil neppe vise stor entusiasme for å halde garden i hevd. Det vil derimot sjøleigande bønder gjere. Det vil også allmenningsbønder gjere.

    Men feilen ved Finnmarksvidda er altså at det ikkje er ein allmenning. I følgje status i dag er det heile den norske befolkninga som eig Vidda. Men ein tradisjonell norsk allmenning samsvarer med prinsippa i det samske siida-systemet: at det er dei som brukar allmenningen, som eig han. Går ein td. til Hadeland, er det grunneigarane i kommunen som eig allmenningen. Dei deler ikkje eigendomsretten med folkefleirtalet i byane i fylket. Etter Ballos (og Elgvins?) ønske skal det norske fleirtalet i Finnmark ha eigendomsretten til Finnmarksvidda, med eit absolutt norsk fleirtal i forvaltingsorganet. Dette er sjølvsagt i strid både med allmenningsretten og med internasjonale konvensjonar.

    Som medlem i Naturvernforbundet finn eg det skremmande at lokalorganisasjonen i Finnmark tydelegvis set Bern-konvensjonen om rovdyr over ILO-konvensjonen om urbefolkningar. Det må vere solospel frå ein ekstrem fløy i organisasjonen. Dei kan umuleg ha støtte frå NNV sentralt for eit menneskesyn der urbefolkningar står under rovdyra på prioritetslista. Kva seier leiaren i NNV, Erik Solheim, til dette? Finst det f.eks. landsmøtevedtak i NNV for eit slikt menneskesyn? Eg har aldri sett det i noko papir frå forbundet.

    Nå kan EØS komme til å lage overraskingar både for Elgvin, Ballo og fleirtalet i Finnmark fylkesting. Skal eit område innan EØS bli reservert for ei lokal befolkning, kan det truleg berre skje i ly av urfolksrettane. Dersom det er etniske nordmenn som eig og styrer Finnmarksvidda, vil EØS-reglane gjelde. Ein tyskar vil føre sak om dette for EØS-domstolane med det første.

    Resultatet av ei slik sak ser ganske opplagt ut: Eit område i EØS kan ikkje reserverast for etniske nordmenn. Dermed vil folk i Oslo og Frankfurt ha dei samme rettane som gode nordmenn i Finnmark. Det er berre urbefolkningar som kan få reserverte rettar innan EØS-området, seier juristar som underskrivne har rådspurt. Derfor er det mildt sagt lite lurt av Ballo & co å kreve at den norske kystbefolkninga skal herske over Finnmarksvidda.

    Det viktigaste poenget er likevel dette: Dersom vi skal hindre ein økologisk tragedie på Finnmarksvidda, må vi snarast råd innføre allmenningsprinsippet der oppe. Det kan vi berre gjere ved å gjennomføre mindretalsforslaget i Samerettsutvalet, slik Kong Harald antydar indirekte, og Høgsterettsjustitiarius seier svært direkte. Da vil det bli Sametinget og kommunestyra som har ansvar for å forvalte Vidda. I dag, under norsk overhøyhet, er det i realiteten dei store reineigarane som styrer utviklinga.

    Derfor er dei store reineigarane, dei som er problemet i denne samanhengen, hjertens einige med Ballo og Elgvin i at det fortsatt bør vere norsk styring av Vidda. Dei er redde for at Sametinget skal vengeklippe kaksane.

    Uansett kor mange lus dei to parhestane gir meg på ryggen: Den verste bøllen i denne samanhengen var likevel landbruksminister Hansen. Han gjorde Sametinget til ansvarleg for tragedien. Enda norske styresmakter har gjort alt for å fråta Sametinget all makt i saka. Hansen er tjuven som ropar stopp tjuven!

    Hartvig Sætra, NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.