Men saka er ufullstendig og uferdig i denne versjonen. Og visse delar er direkte misvisande. Det var nemleg ikkje slik, som ein ukyndig observatør vil få inntrykk av, at "alle kommunistar var for Pol Pot". Tvert om: Dei einaste som konsekvent og sterkt har tatt avstand frå denne massemordaren, frå tidleg i året 1978 og heilt til i dag, er NKP og avisa Friheten. I tillegg kjem ein del SV-folk som Finn Gustavsen og andre frå "SF-generasjonen". Resten av SV aksepterte eit nært samarbeid med RV/AKP gjennom åttiåra, trass i deira sterke støtte til slaktaren Pol Pot. Dessutan stilte mange SV-folk opp i støtteannonsar for Europas einaste "pro-PolPot- dagsavis", Klassekampen. Personleg meldte eg meg ut av SV i 1983 på grunn av dette. Men det er ikkje SV som har dei verste svina på skogen i denne saka. Alle norske regjeringar mellom 1979 og 1993 støtta USA og Kina i FN, og stemte for at Pol Pots eksilregjering var "Kambodsjas rette regjering", som skulle inneha sete i FN på vegne av det folket dei hadde massakrert. Og ikkje berre det: Kambodsja vart utsett for internasjonal boikott av liknande slag som Irak og Jugoslavia i seinare år. FN kanaliserte all humanitær hjelp til flyktningleirane ved Thailands grense. Men alle visste at der hadde Pol Pot full kontroll, slik at både mat og medisinar kom det blodige Røde Khmer til nytte. Ein av dei som var ansvarlege for desse leirane, var den seinare leiaren for Verdikommisjonen, Hanne Sophie Greve. Det hjelpte ikkje at Frihetens reporter Lise Winther trassa boikotten av Kambodsjas befolkning og tok seg inn i landet, og laga nokon av dei mest glitrande og harmdirrande reportasjar i norsk presse i siste del av 1900-talet. I staden for å få journalistpris vart ho tagd ned. Det hjelpte heller ikkje at Frits Nilsen var i Kambodsja og blottla Røde Khmers massakrar. Han vart truga med yrkesforbod av både Klassekampen og Aftenposten! Dette samspelet mellom dei såkala "kommunistane" i AKP/RV og den norske høgresida er meir ein regel enn eit unntak i denne perioden. Det starta alt få dagar etter at Vietnam gjekk inn i landet og slutta seg saman med Heng Samrins opprørsstyrke. La oss sjå på eit tankevekkande dokument: Den 14. januar 1979 sto det ein merkverdig annonse på andre sida i Dagbladet. Det var heilt klart AKP som sto bak, men annonsen var underteikna av folk frå alle parti unntatt NKP. Fleire av underskrivarane var markert langt ute på høgresida. Annonsen fordømte Vietnam; her var altså kontaktpunktet mellom AKP og ytre høgre. Blant underskrivarane var stortingsrepresentantar frå A, SP, V og KRF, og representantar frå Unge Venstre og Unge Høyre.VGs utanriksjournalist Erling Bø, journalist Kåre Verpe (Morgenbladet), direktør Alf R. Bjercke og general Odd Bull. Resten var AKP/RV-folk pluss ein markert SV-forfattar. |
For å avverje ein sterk folkeopinion mot Kambodsja-politikken vart alle forsøk på å kritisere regjeringa og stortingsfleirtalet barbert bort frå norsk presse, i alle fall fram til 1982, da John Pilgers avslørande reportasjar kom i Observer og BBC. Etter dette var det muleg å komme til, spesielt i Arbeiderbladet. Men dei politikarane som vart utfordra, tagde systematisk ned saka. Personleg sendte eg omlag 85 innlegg til norske aviser frå 1979 til 1990. Dei fleste vart kasta utan svar tilbake frå avisredaksjonane, og dei som vart trykt, vart bevisst ignorert av dei politikarane som dei sikta mot. Det var gjerne statsministrane og utanriksministrane. Tre av dei aktuelle utanriksministrane er døde, og to av statsministrane. Men Kåre Willoch, Gro Harlem Brundtland, Kjell Magne Bondevik og hans statssekretær Knut Vollebæk lever. Dei har eit langt større moralsk ansvar for støtta dei gav Pol Pot enn ravgalne folk frå AKP/RV og notoriske løgnhalsar om Kambodsja i Klassekampen. Ved skjebnens ironi kom seinare både Bondevik og Vollebæk til å bruke nøyaktig samme argumentasjon for krigen mot Jugoslavia som Vietnam brukte for innmarsjen i Kambodsja. Men Vietnam skulle stoppe eit blodbad på 1,7 millionar. Dei massakrane dei to herrane skulle stoppe i Kosovo, gjaldt færre enn 500, i følgje John Pilger. Året 1998 var eit gjennombrotsår for oss få som hadde stått i opposisjon til norsk Kambodsja-politikk i meir enn femten år. Da kom Ørjan Østviks historiske hovudoppgåve ved Universitetet i Tromsø: "Norge og Kambodsja - en studie i bakgrunnen for Røde Khmer-regimet, og norske holdninger til Kambodsja i årene 1975-1991". Oppgava , som vart godt mottatt i fagmiljøet, er på objektivt grunnlag blitt ein knusande dom over både presse og politikarar i Norge, med dei få unntaka eg har nemnt før. Da denne oppgava kom, var det ei veritabel utfordring til norske politikarar og norsk presse. Men berre to aviser har hatt stoff om oppgava: Friheten (som kunne triumfere) og Nye Troms. Nordlys og Dag og Tid har fleire gonger lovt å skrive om oppgava, men har droppa det av uvisse grunnar. Resten av norsk presse, inkludert bladet Journalisten, har bevisst tagd oppgava ned. Den "passa ikkje". Spørsmålet er om Gerhard Helskog vil nøye seg med halvgjort arbeid, eller om han vil ta hol på den enorme verkebyllen som ligg gøymt i det norske politiske miljøet. Det krev mot av ein journalist å ta fatt på denne saka. Har Gerhard Helskog dette motet? Og får han lov av TV2 å granske denne saka til botnar? |