La oss ta ein titt på dei nakne realitetane når det gjeld valet i Jugoslavia og etterspelet etter dette. For realitetane viste seg snart: Milosevic var i Beograd. Det vart heller ikkje sendt tanks mot folket, slik ein del vestlege journalistar sikla etter. Og Milosevic gratulerte Kostunica på eit litt slukøra norsk NRK-TV. Det vart juksa med valet frå begge sider. Milosevics parti vedgår at Kostunica fekk vel 50% i første valomgang. Der hadde altså opposisjonen rett. Men den opposisjonelle Djukanovic i Montenegro prøvde å hindre folk i å ta del i valet, både delstatens eigne borgarar og dei serbiske flyktningane frå Kosovo. Dette var det alvorlegaste overgrepet på sjølve valdagen, meldte dei internasjonale observatørane, (210 stk. frå 54 land). Milosevic-fløya sitt fusk kom under opptellinga. Men det alvorlegaste jukset var likevel den massive utanlandske innblandinga i valet. Vestlege regjeringar og institusjonar pøste inn pengar i opposisjonen, samtidig som dei lovte oppheving av sanksjonane dersom Kostunica vann. Dessutan sendte NATO krigsskip til Adriaterhavet og soldatar til Bulgaria. Alt dette er klart i strid med alle normale internasjonale konstitusjonelle og demokratiske reglar. Vi kan tenke oss reaksjonane frå Vesten og FN dersom Serbia hadde gjort noko slikt overfor eit val i Makedonia. For FN er det nokså pinleg at organisasjonen ikkje har tort å reagere mot innblandinga i det jugoslaviske valet. Trass i det massive presset utanfrå, sto Kostunica svakt i meiningsmålingane i første omgang. Det var, i følgje tyske aviser, først da han klart og tydeleg fordømte NATOs bombing, og like klart og tydeleg sa at han aldri ville utlevere Milosevic og andre til domstolen i Haag, at opinionstala begynte å stige. Det vi kan slå fast om sjølve valet, synest å vere dette: Kostunica fekk ein stad i overkant av 50% i første valomgang. Samtidig vann Milosevics parti ganske sensasjonelt fleirtal i det føderale parlamentet. Det kan tyde på at dersom Sosialistpartiet hadde stilt ein annan kandidat enn Milosevic, kunna han vunne.
|
Dette betyr at opposisjonens ønske om å innføre ein liberalistiske økonomi i landet, ikkje har blitt akseptert av veljarane. Det er ein demokratisk majoritet mot omfattande privatisering og jugoslavisk underkasting under Verdensbanken (WB) og Det internasjonale pengefondet (IMF). Dette er ikkje så rart, for jugoslavane har smakt WBs og IMFs medisin før: I perioden mellom 1989 og 1991, da det føderale parlamentet omfatta også Bosnia , Slovenia og Kroatia, og det var borgarleg fleirtal. Da vart 50% av den serbiske industrien planlagt nedlagt, og 650 000 arbeidarar skulle miste jobben; prisane på nødvendigheitsvarer gjekk kraftig opp, samtidig som landbruket fekk lågare betalt og gjekk mot omfattande konkursar. Alt dette førte til at Milosevics parti vann ein braksiger ved valet i 1991. Den forhatte privatiseringsministeren frå den tida, Veselin Vukotic, står klar til å rykke inn i sin gamle jobb dersom opposisjonen får bestemme kursen framover. Dette var nok ei viktig årsak til den svært overraskande sigeren for Sosialistpartiet også ved dette parlamentsvalet. Kostunica har til denne tid ikkje sett spørsmålsteikn ved at resultatet er riktig. Det er muleg at ein del av hans allianse vil prøve å fikse parlamentsvalet etter at dei kjem til makta, på samme måten som Milosevics folk fiksa presidentvalet. Men dette er tydelegvis ikkje Kostunicas strategi. Han har tvert imot prøvd å alliere seg med fienden, i form av den montenegrinske greina av sosialistpartiet, under den nåverande føderale statsministeren Momir Bulatovic. I forhold til Milosevic er Bulatovic forsiktig og viser samarbeidsvilje. Dersom han vil, kan han halde fram som statsminister. Da må Kostunicas koalisjon sjå langt etter utsiktene til omfattande privatisering og underkasting under WB og IMF. Kanskje Kostunica eigentleg ikkje misliker dette, sjølv om Djindjic sjølvsagt vil rase over parkameratens svik? For det jugoslaviske folket vil ein slik allianse vere langt å foretrekke framfor Kostunica i spann med Djindjic og Vukotic, og like langt framfor eit nytt Milosevic-styre. Slik sett kan resultatet av valet vere svært lovande. Og det er ein stor fordel også for jugoslavisk venstreside at Milosevic-epoken nå er slutt.
Hartvig Sætra, |