Førelesing i økofilosofi og økopolitikk ved Sjøkrigsskolen, Bergen.

av

Hartvig Sætra


Grunndisposisjon for førelesingar i økofilosofi tysdag 06.06.00.





I.Forsvaret sitt paradigme er - eller bør vere - tryggleik.


Kven ønskar vi å trygge, og kva verdigrunnlag skal dette skje på?


Skyteskår i bungalowen?

Nasjonal tryggleik?

Europeisk tryggleik?


Kvar er fienden?

Russland?

Serbia?

"Dei svoltne massane i sør"?


II Grunnlaget for ein global tryggleik.


A.Verdigrunnlaget.


1.FNs Menneskerettskonvensjonar.


CP-, ESC- og Barnekonvensjonen.


Norge har ratifisert alle tre konvensjonar, og frå og med 1999 er dei ein del av

norsk lovverk, men status nær opptil Grunnloven.


Ettersom verken USA eller Amnesty International aksepterer dei to siste

konvensjonane, og dei rike lands media stort sett følgjer USA og AI, vil eg

vektlegge desse sterkt, fordi eg meiner at dei rike lands ignorering av desse

rettane er det største trugsmålet mot freden i framtida.


2) FIAN - vår viktigaste menneskerettsorganisasjon?



1.Demokratiet.


Det største trugsmålet mot demokratiet er at det berre fungerer på statsnivå, mens dei

økonomiske kreftene styrer oss meir og meir på overnasjonalt nivå. Ettersom

nesten all maktutøving i siste instans er grunna på økonomisk makt, er også dei store

og aukande skilnadene på fattige og rike menneske eit overgrep mot dei demokratiske

rettane til det store fleirtalet av menneske på Jorda.


I 1960 disponerte dei 20 rikaste prosentane av Jordas befolkning 60% av ressursane.

I år 2000 har dei hand om 85%, og dette talet er stadig aukande. Situasjonen globalt

er i dag verre enn Sør-Afrika under Apartheid.


Den Overnasjonale Kapitalen er klodens utøvande makt. Men det finst inga

lovgjevande folkevalt forsamling og ingen global Høgsterett som kan sikre detfremste

kjenneteiknet ved eit demokrati:


Maktas tredeling.


Derfor er den globale maktstrukturen totalitær og anti-demokratisk.


A.Det vitskaplege grunnlaget for etikken.


1.Ressursteori.


Lager- og kretsløpsressursar, ekstraktiv og reproduktiv produksjonsmåte.


2.Vekst og jamvekt.


Matematiske og økologiske modellar.


Etiske modellkurvar, i samsvar med menneskerettane og demokratiet.


3.Ein framtidsvisjon.


Feltskjærens dilemma?



I.Den økonomiske marknadsliberalismen - Vestens fundamentalisme.


1.Cowboy-økonomien (Boulding), bygd på den ekstraktive produksjonsmåten.


Borgström: "Ta ut av banken".


Georgescu-Roegen: entropi og økonomi.


2.Marknadsmekanismen fungerer stikk i strid med dei økologiske realitetane og

undergrev den globale økologien.


GATT, WTO og MAI, - organisasjonar som skal grunnfeste det globale

diktaturet.


3. Marknadsliberalismen som mordar. Verdensbankens og Pengefondets

strukturreformar i u-landa. UNICEF-rapportane.


IV Korleis kan eit globalt berekraftig samfunn (jamvektssamfunn) organiserast?


1.Endringar av rammevilkåra for marknadskreftene. ("Global blandingsøkonomi").

– Kan hjelpe eit stykke på veg.

2.Globale planøkonomiske tiltak er uunngåelege.

3.Er EU ein gagnleg struktur i denne samanhengen?


V.Globalt demokrati?


1.Versailles-syndromet.

2.Odyssevs og sirenene.

3.Stemmeurna eller kassaapparatet som demokratisk handlingssymbol?

4.Framlegg til omstrukturering av FN.

5.Hanna Kvanmo som FN-guvernør i Wall Street?



Førelesingane er basert på å bruke to timar i første omgang. Deretter får studentane utlevert oppgaver som ein skal svare på. I fjerde time vil det bli plenumsdebatt, svar på spørsmål og avrunding av temaet.


Opplegget har vore brukt ved førebuande prøver i filosofi ved Univ. i Tromsø, og ved 40-timarskursa i miljølære for personalet i vidaregåande skolar.


Er fienden inne i oss?


Med "oss" meiner eg dei 20% rikaste menneska på Jorda, som dominerer 85% av ressursane, og stadig blir rikare.


Med "inne i" meiner eg på den eine sida den trongen vi har inne i oss til å opptre egoistisk - å søke eigen rikdom framfor vår nestes velferd. På den andre sida består heller ikkje dei 20% berre av egoistar. Det er eit bittelite mindretal av oss som dikterer retningen og farten.


Vi har valet mellom å lokalisere denne indre fienden, eller å utpeike dei fattigaste 80% av jordas befolkning til fiende.


Vi har altså ein fiende. Tør Sjøkrigsskolen ta han inn i pensum?



I. Det Norske Angrep?


Forsvarets paradigme er - eller bør vere - tryggleik. Det skal i utgangspunktet forsvare vår eigen nasjon og våre eigne verdiar. Det skal vere eit norsk forsvar - ikkje som Arild Nyquist kalla det. "Det norske angrep".


Men vi veit at akkurat desse formuleringane har blitt misbrukt til grove overgrep mot andre. Og seinast for eit år sidan braut Norge for første gong i moderne tid denne grunnsetninga.


Dette viser at det er viktig å bygge eit forsvar på eit meir allment etisk og filosofisk grunnlag. Det er slutt på den amerikanske pionèrtida med skyteskår i bungalowen. Og det som skjedde i forrige hundreår, bør ha lært oss at ein ikkje lenger kan bygge på fordommar mot verken hudfarge, ideologiar eller religionar. Like fullt har nettopp denne tankegangen halde fram med å dominere den alliansen som Norge er med i. Det førte i nittiåra til at "Kroatias Kosovo", Krajina og Slavonia, vart etnisk reinsa for serberar med NATOs - og dermed Norges -hjelp, mens vi førte ein brutal bombekrig mot serberane for å gjere Kosovo til ein sjølstendig stat.

Det har ført til at vi er allierte med verdas mest gjennomførte politistat, Tyrkia, som driv brutal undertrykking av den kurdiske nasjonen, og ikkje ein gong lar dei få snakke sitt eige språk "på offentlege plassar". Det har ført til at vi tilsynelatande støttar dei irakiske kurdarane mot Saddam Hussein, mens resultatet er nittiåras verste massakre på barn og sivilbefolkning.


Eg er redd at dei ganske utbreidde forestillingane på kontinentet om eit framtidig "Festung Europa" ligg til grunn både for Europahæren og NATO. Eg er redd for at den nye NATO-doktrinen skal bli eit vern mot dei veksande fattige massane i Sør, og at NATOs "out of area" – doktrine vil bli brukt til å sikre den rike delen av verda full kontroll over dei minkande ressursane på jorda. Eg er redd for at den forsvarsalliansen vi er med i, skal utvikle

seg til ein reiskap for Den overnasjonale kapitalen. Med andre ord: Eg fryktar at det norske forsvaret skal bli ein del av Vestens Angrep.


Mest fryktar eg korleis kombinasjonen av alt dette kan bli brukt av rike menneske som ikkje er villige til å dele med andre, og ikkje er villige til å begripe at det kan komme ein syndflod etter oss. Eg er redd for, som Harald Ofstad har sagt, at fienden er inne i oss.


I.Grunnlaget for global tryggleik.


A.Verdigrunnlaget.


Alle som vil bygge opp ein forvarsideologi, ser ut til å vere samde om at den bør bygge på "menneskerettane". Men dersom vi skrapar litt på dette begrepet, vil vi finne ut at det slett ikkje betyr det samme for alle. Ordet har ei tyding i FN og i den fattige verda, og ei ganske anna i USAs Kongress og Senat. USAs tolking blir delt av Amnesty International og norske media, mens norske stortingsvedtak og norsk lovverk følgjer FNs definisjon.


Menneskerettsbegrepet er fleire hundre år gammalt, men det var i 1948 at den første offisielle erklæringa kom i FN-regi. Den var sterkt prega av kolonimaktenes syn, og da FN skulle gjere erklæringa om til ein forpliktande konvensjon, krevde u-landa å få inn rettane for urbefolkningar til sitt eige land, rett til arbeid, jord, mat, klede, husvære, enkel medisinsk behandling, og rett til undervisning på morsmålet. Vestmaktene hadde store vanskar

med å akseptere dette. Av taktiske årsaker fekk dei laga to konvensjonar, ein om sivile og politiske rettar (CP), som var meir i stil med Vestens oppfatningar, og ein om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ESC), som var i samsvar med oppfatningane i koloniane, i alliansefrie land, i dei kommunistiske landa, og ikkje minst på venstresida i Vesten. Den 16.12.1966 vart begge konvensjonar vedtatt som sidestilte av FNs hovudforsamling,

og dei neste ti åra vart begge konvensjonane ratifisert av dei fleste land, blant dei alle skandinaviske.


Men USA og ein del av deira mest trufaste regime anerkjente ikkje ESC. Derfor praktiserte USA lenge den taktikken at dei ikkje ratifiserte nokon av konvensjonane, og sa at dei heldt seg til erklæringa av 1948. Så lenge Sovjet eksisterte, torde ikkje USA underkjenne ESC openlyst, for ikkje å komme i miskreditt i den tredje verda.

Men straks Sovjet var borte, i 1992, ratifiserte USA CP-konvensjonen, og underkjente både ESC-konvensjonen og Barnekonvensjonen av 1959, fordi begge desse rekna dei økonomiske og sosiale rettane som sentrale menneskerettar.


Eg går ut frå at dette er fakta som denne forsamlinga aldri har hørt om. Debatten om dette blir nemleg konsekvent undertrykt av norske media. Det er ikkje berre mediafolk som har skyld i dette. Også Amnesty International må ta eit tungt ansvar. Dei praktiserer nemleg i all hovudsak USAs syn på menneskerettane.


Kanskje det har med finansieringa av organisasjonen å gjere?


Uansett kva AI og norske media prøver å innbille oss, så har offisiell norsk politikk fram til denne dag vore at dei to konvensjonane er likestilte, og at også Barnekonvensjonen gjeld for oss. Dette blei til og med tatt inn i det norske lovverket ved eit stortingsvedtak i 1999. Eg går ut frå at det norske forsvaret dermed er sterkt bunde av både ESC og Barnekonvensjonen. Det vil ha store konsekvensar både for verdigrunnlaget og for utpeikinga av Fienden, som vi skal sjå seinare.


La meg ta litt statistikk frå UNICEF og frå Human Development Index (HDI), begge anerkjente FN-organ.


HDI fortel at i 1960 vart 60% av jordas ressursar brukt og kontrollert av dei 20% rikaste menneska på jorda.

Det var altså før koloniane formelt vart avvikla. Seinare vart det verre. I 1980 kontrollerte dei samme 20% heile 71% av ressursane. Men det var først etter Sovjetunionens avvikling at dette skaut fart for alvor. I nittiåra har prosenten auka sterkare enn i nokon annan historisk periode, og år 2000 kontrollerer dei rikaste 20% meir enn 85% av ressursane. Dersom Vesten trur at vi kan halde fram på denne måten utan at det trugar freden, er vi ikkje berre naive, vi er kyniske og brutale, ja, eg vil seie beint fram at det er her eg finn fienden.


UNICEF meldte i åra etter 1980, i sin årlege rapport om barnas situasjon globalt, at om lag 14 millionar barn døydde kvart år av svolt og svolt-relaterte sjukdommar. Av desse dødsfalla kunne minst 500 000 tilbakeførast til dei vedtak om strukturreformar som Verdsbanken (WB) og Pengefondet (IMF) påla dei gjeldstyngde u-landa, for eksempel nedskjeringar til mathjelp, helsestell og bustadhjelp.


Hør på dette talet: 500 000 døde barn! Det er litt av ein massakre, sett i verk av økonomar i WB og av regjeringane i NATO-landa. Pent kledde folk med stresskoffert og slips, til og med enkelte velkledde skandinaviske karrieredamer. Både i sin natur og sin storleiksorden kan det samanliknast med Stalins utsvelting av ukrainske kulakkar i tjueåra.


Derfor vart da også UNICEF pålagt gjennom amerikansk intervensjon å kutte ut denne delen av statistikken.


Men ingen trur vel at amerikansk sensur kan fjerne realitetane?


FIAN - vår viktigaste menneskerettsorganisasjon.


I den radikale perioden av forrige hundreår vart presset mot Amnesty for å akseptere ESC sterkare. Den sterkaste appellen om dette kom frå den brasilianske biskopen Dom Helder Camara, da han fekk den alternative Nobelprisen i 1974. På bakgrunn av hans appell var det ei gruppe som braut ut av AI og danna FIAN (FoodFirst International Action Network), for å påtale brot på ESC-konvensjonen. I forhold til AI er dette ein liten organisasjon i Vesten, og den er ignorert av styresmakter og media, enda dei fleste statar som før sagt har ratifisert ESC. Da den store norske TV-innsamlinga skulle gå til "menneskerettsarbeid", var det Amnesty som fekk heile potten. Det er eigentleg i strid med offisiell norsk menneskerettspolitikk og med norsk lov.


Vi kan spekulere på korfor norske politikarar og media er så panisk redde for FIAN. Kanskje det har noko å gjere med det gode, gamle bibelsitatet: "Det er lettare å sjå splinten i andre sine auge enn bjelken i sitt eige".


Demokratiet sjuknar bort under globaliseringa.


Ein annan grunnstein i den verdi-tufta vi gjerne vil bygge på, er demokratiet. Som kjent går det ut på at innbyggarane i eit land fritt får velje ei nasjonalforsamling, som deretter bestemmer innanrikspolitikken og forholdet til andre land og overnasjonale organ. Men vilkåret for at ei nasjonalforsamling skal kunna bestemme noko som helst, er at ein sit inne med maktmiddel til å få det realisert. Ettersom militære maktmiddel ikkje lenger er så populære, betyr det at nasjonalforsamlinga må bruke økonomiske styringsmåtar for å få gjort

jobben sin i samsvar med den demokratiske folkeviljen.


Men den såkalla "trenden" går for tida ut på å fjerne dei økonomiske styringsmidla frå Storting og regjering.

Uansett kor ivrig den demokratiske opinionen er etter å styrke skolen og helsevesenet, så har dei ikkje maktmiddel til å få det gjennomført. Bankane kan låne ut på fritt grunnlag, og dei rikaste blant oss kan haldefram med eit høgt forbruk som gjer økonomien "oppheita". Det hjelper ikkje kor stor demokratisk tilslutning ei styrking av skole og helse har, så lenge det stortingsfleirtalet vi har valt, ikkje vil eller kan auke skattane for dei rike, og har suspendert dei økonomiske styringsmidla som vi hadde før 1980.


Enda verre er det at den økonomiske styringa på globalt nivå blir overtatt av dei multinasjonale konserna og av pengeflyttarane på verdas børsar. Eg har valt å bruke von Wrights begrep "Den overnasjonale kapitalen" (DOK) om dette. Vi veit at mange av dei største einingane innan DOK, åleine overgår nasjonalproduktet i ei tylft u-land. Dei 225 rikaste personane på jorda har ein samla rikdom på over ein billion. Det er like mykje som den fattigaste halvdelen av Jordas befolkning. Og dei 3 - tre - rikaste personane på jorda har ein større personleg formue enn dei 48 fattigaste landa til saman. (Forbes Magazine/World Watch).


Det er derfor ein kronikør i det danske tidsskriftet Salt seier at "200 års demokratisk utvikling kan vise seg å vere ein forbigåande episode".


I eit demokratisk land er folkestyret grunnfesta gjennom ei tredeling: Den lovgjevande, den utøvande og den dømmande makta. På global basis eksisterer berre ei utøvande makt, nemleg Den overnasjonale kapitalens direksjonar - det som eg kallar "Den overnasjonale kapitalens sentralkomitè". Samanlikninga er ikkje heilt rett, for den sovjetiske sentralkomitèen hadde aldri så stor makt over sine undersåttar som desse folka er i ferd med å få.


Eg har tatt med i kompendiet ein artikkel av danske Hjalte Tin, ikkje fordi eg er samd med han i alt, men fordi den illustrerer risikoen ved å etablere eit totalitært markedsliberalistisk samfunn som berre tener ein liten elite på 20%.


I dag finst det ingen mekanismar for å etablere eit fungerande demokrati ut over statsnivå. Men det finst ei rørsle for å reformere FN, og eg skal seinare i førelesinga ta for meg ein visjon om globalt demokrati.



A.Det vitskaplege grunnlaget for den økofilosofiske etikken.


Eg skal nå forlate filosofien og etikken ei stund, og gå inn på det som er mine eigentlege fag - realfaga. Vi skal ta for oss dei fysiske, kjemiske og biologiske grensene for ressursane på jorda.


Først skal vi definere ressursane ut frå vår plass i økosystemet:


Med ressursar meiner vi materie og livsrom som mennesket gjer seg nytte av for å trygge si økologiske nisje og utvide denne.


Vi kan dele inn ressursane i ulike typar etter sine fysiske og kjemiske eigenskapar:


Kretsløpsressursane blir fornya innanfor eit bestemt, kortare tidsrom. Dei kan også kallast fornybare ressursar. Til desse hører balanserte avlingar i jordbruket, uttak av den årlege tilveksten i fiske- og viltstammar og i skogbruket. Viktige kretsløpsressursar elles er tidevatn, bølgjekraft, vindkraft og solenergi. Det er viktig å merke seg at vasskrafta er ein kretsløpsressurs, mens gasskraft ikkje er det. I siste instans er kretsløpsressursane basert

på innstrålt solenergi.


Lagerressursar er ikkje-fornybare, eller blir fornya så seint at det ikkje har nokon praktisk betydning. Typiske lagerressursar ar fossile brennstoff, alle slags malmar og metallar, og kjernefysisk materiale. I vidare forstand kan vi også nemne oksygenet i lufta, visse reservoar av grunnvatn, matjord og torv.


Etter bruksmåtane kan vi igjen dele ressursane inn i stoffspesifikke og energispesifikke ressursar. Av dei uorganiske ressursane er malmar og mineral stoffspesifikke, mens kjernefysisk materiale og vasskraft er energispesifikke. Av matvarene er protein og arvestoff og ein del av feittstoffa stoffspesifikke, mens resten av feittet og karbohydrata er energispesifikke.


Dei fossile brennstoffa står i ein unik mellomposisjon, da dei har stor verdi både som stoffspesifikke og energispesifikke ressursar. I dag blir over 90% brukt til utvinning av energi. Men utan dei stoffa som blir laga med dei resterande 10% som basis, er vår moderne sivilisasjon utenkeleg. Alle slags plastprodukt, smøremiddel, måling, tekstilar og husgeråd, og titusenvis andre produkt som vi ikkje kan tenke oss å vere forutan, er laga av olje og naturgass, spesielt det siste.


Ein viktig skilnad på stoffspesifikk og energispesifikk bruk er at dei ressursane vi tar energien ut av, kan vi ikkje resirkulere. Brenner vi gassen, er han for alltid blitt til vatn og CO2. Men dersom vi først brukar gassen til plastproduksjon, vil energien vere der framleis. Og vi kan ofte resirkulere plasten ein eller to gonger. Til slutt kan vi utvinne energien når plasten ikkje lenger kan brukast om igjen. Vi bør altså gå inn for plastkraftverk, ikkje gasskraftverk!


Menneskeleg produksjon kan i samsvar med kunnskapane om ressurstypane delast inn slik:


Ekstraktive produksjonsformer er energispesifikk bruk av lagerressursar, overbeskatning av kretsløpsressursar, og alle ikkje reparerbare endringar som svekkar livsmiljøet og/eller øyder produksjonsgrunnlaget for kretsløpsressursane.


Reproduktive produksjonsformer er uttak av ressursar som stadig blir fornya, og dessutan alt arbeid som blir gjort for å optimalisere denne utnyttinga eller for å reparere gamle skadar på livsmiljø og produksjonsgrunnlag.


Det fanst menneskesamfunn som var reproduktive i riktig gammal tid, og i enkelte tropiske regnskogar fram til i dag. Men uansett korleis vi ordnar det vi kallar eit berekraftig samfunn i dag, kjem vi aldri utanom ein viss ekstraksjon. Vi må berre prøve etter beste evne å minimalisere desse sidene ved samfunnet vårt. For det som er sikkert, er at å drive ekstraksjon er det samme som "å ta ut av banken", mens reproduktiv produksjon er "å

leve av rentene" (Borgström).


Vekst og jamvekt.


Deretter skal vi snakke litt matematikk, og det handlar om begrepet vekst. Her er tre kurvar som alle betyr vekst, på kvar sitt vis. La oss ta pengar og renter som utgangspunkt her; men i realiteten er prinsippa vidtfamnande og allmenne.


Den første kurven betyr "fast kronetillegg pr. år" (lineær vekst). Matematisk uttrykker vi den ved ein førstegradsfunksjon y = K + n.p, der n er den tidsvariable. Den andre svarer til "ein fast prosent pr. år", altså det gamle rekneprinsippet om "rente og n rentesrente". Formelen er y = K(1 + 0,01.p) . Den variable n er eksponent, derfor blir den kalla eksponentialfunksjonen. Denne funksjonen er det matematiske uttrykket for begrepet "økonomisk vekst". Som vi ser, vil denne funksjonen alltid ende med å stige nesten rett opp. Det er svært få politikarar og økonomar som har forstått denne matematiske sprengkrafta, om vi skal kalle det så, i eit kvart system med prosentvis vekst.


Den tredje kurven betyr at vekst-tillegget blir mindre kvart år, og til slutt nærmar seg null. Denne svarar til begrepet "nullvekst" og er ikkje så lett å lage formel for. Som vi ser, vil ikkje ein nullvekst bety nedgang, slik mange politikarar innbiller seg.


Kurve 4 viser tilpassing av ein populasjon til bære-evna i eit økosystem. Når populasjonen er liten, er det rikeleg med mat og vatn, og veksten er eksponentiell. Så oppstår det mangelsituasjonar, og veksten flatar ut, først til lineær vekst, seinare til nullvekst. Her er modellen brukt på ein gnagar-populasjon.


Dersom begrepet "berekraftig utvikling" i det heile tatt skal ha noka meining, må det bety ei utvikling for menneskesamfunnet som liknar på denne kurven. Men Brundtland-kommisjonen sitt ønske om "vekst i både rike og fattige land" kan aldri bli berekraftig. Det er i strid med naturlovane. .


Kurve 5 viser det som gjerne skjer i praksis: Nedbremsinga av veksten kjem for seint, populasjonen blir for stor, og det blir overbeiting og reduksjon av bereevna. Da vil ein stor del av populasjonen omkomme. Når populasjonstrykket blir mindre, kan bere-evna stabilisere seg, og populasjonen med den. Kurve 6 er ein lærebok-illustrasjon der denne modellen blir overført til menneskeætta, på ein klode der ressursane er begrensa.


Det andre sitatet frå "Gro-kommisjonen" går på byutviklinga. Det som står der, ser ut til å slå til ganske presis.

Men det betyr også at den mellomperioden vi opplever i dag, med ganske rikeleg og abnormt billeg mat i i-landa, vil vere slutt om kort tid. Mediekjøret om at "maten er så dyr", er eit kynisk spel for å eliminere den sjølveigande småbondestanden i rike land, og knuse produsentsamvirket. Legg merke til at matvaregiganten Orkla sine aviser driv grov hets mot bøndene og bondesamvirket her i landet. Vi har sterke parallellar i andre vestlege land, og New Internationalist har døypt fenomenet "The Rural Exodus".


Når dette er fullført, og den multinasjonale kapitalen har slått under seg verdas beste matjord og verdas mest effektive produksjons- og omsetningsorganisasjonar i verdas mest nedbørrike sonar, kjem nok prisen på mat til å stige dramatisk. Da vil Orkla-avisa Dagbladet bruke argumentet om at det er for lite mat på jorda, slik at prisane "må" stige!


Når det gjeld fiskeressursane langs norskekysten, kan vi også bruke kurve 6. Dersom investeringane og fangstinnsatsen ikkje blir tilpassa naturgrunnlaget, vil veksten i fangstane føre til at bere-evna blir overskriden og naturgrunnlaget svekka. Dei store havgåande båtane kan gå andre stader så snart den norsk-arktiske torskestammen er nedfiska. Kystbefolkninga kan ikkje gjere det. Dei må ta baksmellen, og fleire og fleire gir opp. Til slutt vil alle løyve til å fiske bli knytta til omsettelege konsesjonar, og den norske kystbefolkninga blir utestengt frå fisket. Det er dette som er i ferd med å skje akkurat nå. For dei store fiskeri-gigantane er det

ingen ting som tilseier at dei skal verne ressursane. Tvert om: Ved å fiske ned bestanden, kan ein lettare få knust ein fridomselskande og gjenstridig kystbefolkning. Vi har altså ikkje berre "Rural", men også ein "Coastal Exodus".


Veit dokker kva eg ser fram til når det gjeld Sjøforsvaret? Jo, at det blir totalforbod mot fabrikkskip og strenge trålrestriksjonar i Barentshavet, og at norske fregattar kjem slepande til Sortland og Ramsund med ein god del av desse ressurs-vandalane. Det vil vere verkeleg god forsvarspolitikk for vårt land!



Lager-ressursane.


La det med ein gong vere sagt: Det finst ikkje noko "berekraftig nivå" for bruk av lagerressursar. I staden kan vi snakke om minimalisering av forbruket.


Vi ser på nokre kurvar som gjeld bruken av lagerressursar:


Kurve nr. 1 gir ein vanleg brukt modell for bruken av verdas oljeressursar. Denne kurven vart teikna for om lag ti år sidan, og vi er komne eit stykke høgare i forbruk, men også nærmare den ubønnhørlege kulminasjonen og nedgangen i kurven.


Arealet under kurven, det såkalla integralet, er eit matematisk uttrykk for tilgjengeleg olje ut frå dagens kunnskapar og teknologi. Det kan vere muleg å auke dette, men ikkje mykje. Skal vi forlenge levetida for oljealderen, må vi senke forbruket, slik at arealet under kurvetoppen i staden blir forflytta lenger fram i tid.


Ved å bygge gasskraftverk i Norge nå, går vi andre vegen: Vi stel frå framtidige slekter dei ressursane dei skal bruke til plastproduksjon, og hevar og innsnevrar kurvetoppen.


Kurve nr.2 og 3 viser to mulege forbruksstrategiar for dei fossile brennstoffa. Den første kurven viser at dersom vi klarer å hindre dei fattige landa i å auke sitt (svært låge) forbruk, kan vi kose oss med olje og gass eit godt stykke fram mot 2100. Men dersom dei fattige får sin rettmessige del, vil ressursane bli oppbrukt veldig snart.i dette hundreåret. Denne siste modellen følgjer logisk av Brundtland-kommisjonens ønske om vekst både i rike

og fattige land.


(Kurve 1, 2 og 3)


Økologisk rom og kvote. Økologisk fotspor.


Mange vitskaplege institusjonar har i tiåret etter Brundtland-kommisjonen forsøkt å konkretisere og kvantifisere det presset som kvar einskild av oss utøver på det globale miljøet, både sett ut frå ein samtidig målestokk og ikkje minst med sikte på den framtida som barna og barnebarna våre skal arve. Det gjeld både v. Weiszäckers Wupperthal-institutt i Tyskland, og University of British Columbia, Canada. Dei har skapt begrepet "økologisk

rom", "økologisk kvote" og "økologisk fotspor". Som pedagogiske begrep overfor opinionen burde desse vere ganske klargjerande og treffande. Problemet er at media ikkje vil (eller tør?) bruke dei. Og da er vi like langt.


Det hjelper ikkje å vere god pedagog dersom nokon låser skolestua for deg.


Ressursane er begrensa til nokre få kilometer opp i høgda og ned i bakken. Einaste unntaket er solinnstrålinga.

Frå jordskorpa utvinnar vi dei minerala og metalla vi treng; frå jord, skog og hav haustar vi dei biologiske ressursane. Jord, luft og vatn må dessutan ta imot det avfallet vi etterlet oss.


Den ressursmengda verda kan ta ut kvart år utan å tære på eksistensgrunnlaget for kommande generasjonar, kallar vi det økologiske rommet.


I og med at alt uttak av lagerressursar er ekstraktivt, blir det ikkje rom for slikt forbruk innafor vårt økologiske rom. Det er ein opplagt veikskap ved begrepet.



Det vil vere eit økologisk rom for kvar ressurs. Teknologi-optimistar og vekst-kritikarar vil vere usamde om kor stort det økologiske rommet er. Men ingen seriøse teknologi-optimistar er usamde i sjølve det prinsipielle grunnlaget.


Den økologiske kvoten er den delen av det økologiske rommet som er stilt til rådvelde for kvar person på jorda innan eit år. Den økologiske kvoten = Det økologiske rommet for kvar ressurs dividert på jordas folketal. Det finst i dag veldig gode og pålitelege tal for vår økologiske kvote, både utrekna på den måten som står framfor, eller ut frå ei fordeling med framtidige slekter. Den siste måten å rekne på er sjølvsagt mest ufordelaktig for vår tids vestlege forbrukar. Derfor får vi aldri diskusjonar om desse sentrale vitskaplege fakta i våre store media. Det ville bekymre annonsørane sterkt dersom trongen vekst og høgare forbruk blir sett under tvil i media som elles overlever ved å annonsere for eit forbruk som er ti gonger vår økologiske kvote.


Dette reelle forbruket blir kalla "vårt økologiske fotspor".(Mathis Wackernagel, Columbia University). Han resonnerer slik: Ettersom solstrålinga og fotosyntesen er grunnlaget for alt liv, må det bioproduktive arealet kunna brukast som målestokk for vårt reelle forbruk, så vel i samtid som i framtid. Alle dyreartar har sitt revir, men menneskearten er spesiell fordi den er i stand til å bruke ressursar som ein finn langt unna. Derfor må reknestykket for menneska lagast med globalt utgangspunkt. For dei fleste forbruksartiklar er det lett å finne eit areal-mål, jamfør Georg Borgstrøms "skyggeareal" frå sekstiåra. Det springande punktet er den fossile energien. Anten kan ein rekne kor stort areal som må til for å binde ein biomasse med tilsvarande energi, eller ein kan finne kor stort areal som må til for å binde tilsvarande mengde CO2. (Det siste er eit tvilsamt reknestykke, på linje med å "kjøpe" utsleppskvotar for gasskraftverk i Uganda, Da skogen etter eit par mannsaldrar vil vere utvaksen og begynne å gi frå seg dette overskotet av CO2 igjen).


Det økologiske fotsporet globalt er verdas reelle arealforbruk dividert med verdas folketal. Det talet vi da får, kan samanliknast med den økologiske kvoten, og på den måten finn vi ut om verdas samla forbruk er berekraftig. Alle utrekningar viser at så ikkje er tilfellet. Vi bør i den samanhengen minnast om at i det forrige hundreåret minka det biologisk produktive arealet pr person globalt frå 5,6 hektar til 1,5 hektar, både på grunnlag av folketilveksten, erosjonen og nedbygginga av jordareal.


Altså har kvar av oss15 mål, eller den grensa vår regjering vil sette for å omgjere norske småbruk til investeringsobjekt for eliten. Vi bør også merke oss at mens verdas produktive areal minkar dramatisk, og verdas matvareproduksjon pr. innbyggar har begynt å gå ned alt frå omkring 1990, så går dagens norske landbrukspolitikk ut på å legge ned storparten av dei norske produktive landbruksareala. Og det er ikkje snakk om skrotjord: Trass i klimaet er norsk jord svært produktiv på grunn av den rikelege tilgangen på vatn. Mens det meste av verdas "billeg-produserande" landbruksareal skrik etter vatn, går det norske regnvatnet etter

kvart ubrukt frå hei til hav. Og i motsetning til "billeg-landa" får Norge meir og meir nedbør ettersom drivhuseffekten slår inn. Derfor vil dagens norske jordbrukspolitikk fortone seg som like sinnsvak for framtidige generasjonar som vi ser på heksebrenning og slavehandel i dag. Mitt forslag er at norske økologar ber om riksrett for landbruksministrane Gunhild Øyangen og Bjarne Håkon Hansen.


For det er når ein slik rekneskap blir sett opp for eit enkelt land, at det for alvor blir skremmande. Det har blitt gjort for Canada og Nederland. Dersom alle folk på jorda levde som canadiarane, ville vi trenge tre jordklodar. Nederlands befolkning lever i eit svært fruktbart land. Like fullt legg Nederlands befolkning beslag på 15 - femten - gonger landets areal! Korleis reknestykket ville falle ut for Norge, tør verken Stoltenberg eller Hansen

eller dei fleste norske media tenke på. Derfor er det fantastisk at Sjøkrigsskolen har tort å la meg få låne denne talarstolen. Er ikkje skolen redd for å bli stempla som "oppsetsig"?


Tre dystre kurvar til slutt.


Kurve nr 1 er laga ut frå vanlege økologiske kriteriar i samsvar med Brundtland-kommisjonens ønske om økonomisk vekst både i fattige og rike land. Her er brukt "bere-evne" om det som v. Weiszäcker og andre kallar "global økologisk kvote". Vi ser at Gros oppskrift for å berge verda vil vere dømt til å mislykkast, da dei rike land, som allereie har passert sin kvote, vil fjerne seg enda lenger frå jamvekt. Dersom dette var muleg - noko det heilt sikkert ikkje er - ville også u-landa med tida passere grensa. Desto fortare vil dermed

samanbrotet komme, jfr. kurve 3 i forrige seksjon. Uansett kor mykje sant og godt som vart sagt av Gro-kommisjonen, tryna den med ein konklusjon som nærmast er før-ptolemeisk: Jorda er flat og utan ende.


Kurve nr 2 er eit forsøk på å følgje opp både menneskerettskonvensjonane og kravet om eit berekraftig globalt samfunn. Vi ser at ressursforbruket i dei rike landa må ned dersom vi skal opptre i pakt med det verdigrunnlaget vi hevdar å stå på, anten vi er humanistar, kristne eller muslimar.


Eg går ut frå at eg ikkje treng kommentere korfor vi som i det politiske liv står for slike løysingar, ikkje blir valt som representantar i Det norske storting, og normalt ikkje får komme til orde i offentlege fora. Denne institusjonen kan rose seg av å vere unntaket som stadfestar regelen.


Kurve nr 3 er eit rimeleg truverdig forsøk på å ekstrapolere (framskrive) den utviklinga vi er inne i akkurat nå. Eit rikt land som USA har økonomisk vekst for tida, det fattige India likeså, om den er svak. Men av det føregåande har vi sett at dette knapt er noko anna enn ein galgenfrist før vi får stagnasjon og nedgang på grunn av ressursmangel og sterkt stigande mat- og råvareprisar. For enkelte u-land kan dette likevel gi vekst.


Stagnasjonen blir ikkje følgt av ein tilsvarande stagnasjon eller nedgang i folketilveksten. Derfor vil talet på menneske som "berre så vidt overlever" i følgje World Watch 2000 kunna auke frå 1,4 mrd i dag til 3 mrd om ti år. Dette i kontrast til at fedme har blitt ein nærmast epidemisk sjukdom i rike land.


Dei fattige, folkerike og stagnerte samfunna vil føre til at milliardar av menneske så vidt overlever, og at dei frå tid til annan blir ramma av hungersnaud, og nokså konstant av aids. Det er dette eg har kalla "overlevingssamfunn".


Feltskjærens dilemma - triagismen.


Det er klart at dei aukande forskjellane på folk og den meir og meir synlege globale fattigdommen til slutt blir eit tøft dilemma for mange menneske i rike land. Dei fleste av oss ønskar antakelig å slåst for å oppnå større utjamning på global basis, men vi ser at vi står overfor krefter som vi ikkje rår med - ikkje berre kapitalkrefter, men også vonde tendensar til egoisme som vi truleg drar med oss frå den tida menneskesamfunnet berre kunne overleve gjennom den sterkaste sin rett. Ein del av problemet er makt kontra maktesløyse, den andre

sida ved det er motsetnaden mellom ein evolusjonært utvikla egoisme og ein kulturbetinga etikk og altruisme.

For tida er det egoismen som vinn, og vi er kanskje tilbake til eit tidlegare evolusjonsstadium akkurat nå? Er det tilfeldig av filosofar som v. Wright og Luc Ferry, historikarar som Kåre Lunden og sosiologar som Pierre Bourdieu snakkar om "ein ny middelalder"?


Dermed oppstår også ein trong til å rettferdiggjere den brutale utskillingsprosessen som foregår akkurat nå.

Og dermed får vi gjenoppliva triagismen, ein brutal, mellomaldersk tenkemåte.


Første gongen eg fekk kjennskap til denne tankegangen, var da eg fekk besøk i 1984 av Hans Magnus Enzensberger, som skulle finne "ein norsk utkant-idealist og utopist" som han skulle henge ut i "Norsk utakt". I vår samtale ei sein nattestund og etter litt drikkevarer kom E. inn på tyskaren v. Dithfurths idear, som gjekk ut på dette: "Dersom vi bergar alle dei 40 000 barna som døyr kvar dag i u-land, vil dei i neste generasjon produsere enda fleire barn, slik at katastrofen aldri har nokon ende". Og, føydde E. til, "dersom vi gjer dette, vil vi ikkje få tid og ressursar til å ta vare på vår europeiske kultur".


Eg vart forbanna, og sa at han som tyskar burde halde seg unna slike brune teoriar. "Når du snakkar om "europeisk", høyrest det for meg ut som "arisk", sa eg. Vi skildest sjølvsagt som uvenner, og E. laga eit grovt injurierande portrett av meg i boka. Hadde det gjeldt ein annan og meir sentralt busett person, ville forlaget ha stoppa sjikanen. Eg fekk ei side i Dagbladet for å forsvare meg, og eg fortalde da kva E. sa, med vitne til stades, i Nordreisa i 1984. Men ingen på norsk såkalla "venstreside" trudde meg. E. svarte ikkje på min artikkel.


Men så kom 1992. Da gav E. ut essayet "Med udsigt til borgerkrigen" (dansk oms.) Der lanserer han desse ideane på nytt, under begrepet "triagisme". Han forestiller seg at dei rike vestlege landa i framtida må gjere som feltskjærane under Trettiårskrigen: Samle dei såra til sortering i tre kategoriar. Av det kjem ordet triagisme.


1.Dei som var så lite skadd at dei på eitt eller anna vis kunne klare seg sjølve, vart skyssa

vekk med det samme.

2.Dei som var hardt skadd, men som likevel kunne tenkast å gå ut i felten på nytt, fekk all

den behandlinga som var til rådvelde.

3.Dei som var så hardt skadde at dei aldri kunne bli stridsdyktige på nytt, vart lagt til side

for å omkomme.


Enzensberger drar i tvil om vi europearar kan vere moralsk ansvarlege for korleis folk lever - og døyr - rundt på kloden. Han går ut frå det bibelske begrepet "vår neste", og vil avgrense dette til å gjelde vår eigen kulturkrins.

Som så mange andre i nittiåra set han grensa ved Sarajevo. Dei som er bortanfor der, er ikkje "vår neste", anten dei er serberar eller kurderar. (Albanarar sa han ingen ting om).


Sjølvsagt er dette eit menneskesyn som er nær i slekt med nazismen. Men reaksjonane i Norge har vore få, berre Morgenbladet (konservativt!) og Hans Rossinè i Dagbladet fann tankegangen betenkeleg. I dansk debatt har derimot E. fått så øra flagrar. Men dei har mindre husmannsånd overfor guruane frå Kontinentet enn norske intellektuelle har.


Nordmannen Arne Martin Klausen er redd for ei utvikling mot kynisme og triagisme. Han ser for seg at det må oppstå ein ny, altruistisk mennesketype, "kulturater", som kan overta hegemoniet blant primatane og gjennomføre ein storstilt, humanistisk utjamningsprosjekt på jorda. – Kunne han berre få rett! Men eg fryktar at det er Enzensbergers lysebrune teoriar vi vil ende opp med.


Del II. (Ikkje framført på grunn av tidsramma).



I.Den økonomiske marknadsliberalismen - Vestens fundamentalisme.


1.Cowboy-økonomien.


Den kanadiske sosiologen Kenneth Boulding kalla i syttiåra marknadsøkonomien for

"cowboy-økonomi".

Cowboyane jaga vekk indianarane, overbelasta miljøet med overbeiting og skograsering, -

og når det var gjort, kunne dei finne nytt land i vest. Heile tida var poenget å bli rikare,

dvs. vekst.


Nå går ikkje dette lenger, seier Boulding. Ein dag sto cowboyane ved Stillehavsstranda.

Der står også vi i dag, i overført tyding. Hans samtidige, svensk-amerikanaren Georg

Borgström, kalla vår økonomi "å leve av bankkontoen".


Den eksil-rumenske fysikaren og økonomen Georgescu-Roegen klarla at økonomisk

vekst ikkje kan skje utan endringar i energiforholda, det vi med eit litt vanskeleg begrep

kallar entropiske endringar. Hans fysisk funderte og strengt vitskaplege argumentasjon har

rive grunnen under påstanden om at vekstsamfunnet og marknadsøkonomien kan overleve

gjennom "ikkje-materiell vekst".


2) GATT, WTO, MAI, - WB og IMF: "Vestens sentralkomitè".


Dei nemnde instansane skvisar ut det nasjonale demokratiet og blokkerer for utviklinga av

globale demokratiske institusjonar. Eg har ikkje tid her til å gå ytterlegare inn på kva desse

forkortingane står for, men seier meg svært glad og tilfreds med at det førekjem veksande

demontrasjonar mot dette globale diktaturet. Skal eg personleg peike ut "fienden", sett ut

frå mitt syn på vitskaplege fakta og etiske grunnsetningar, er alle desse institusjonane

kandidatar til å stå på lista.


Eg er også glad for å legge ved i kompendiet den erklæringa vår økonomiske

nobelprisvinnar Trygve Haavelmo kom med før han døydde. Les den artikkelen og få

forstand!


1.Marknadsliberalismen som massemordar.


Eg har før vore inne på dette temaet i avsnittet om menneskerettane. Her vil eg berre

understreke at WBs og IMFs handlingar, med stillteiande aksept av Norge, i praksis vil

seie at triagismen allereie er i funksjon, og er ein viktig del av den globale

marknadsliberalistiske politikken.


Her vil eg nemne eit tilleggsmoment, som blir aktualisert gjennom den vedlagte annonsen

frå Redd Barna i 1992: "Ta heller og skyt ham".


Dei siktar til to episodar, den eine frå Bosnia, den andre frå Brasil. Der vart to-tre

barn skotne, og "hele verden stoppet opp", seier annonsen. Men når førti tusen barn døyr av

svoltsjukdomar dagleg, og hundretusenvis ligg for døden i Somalia, reagerer ingen. Enda

døden ved skyting er langt meir human enn sveltedøden. Den amerikanske sjukepleiaren og

antropologen Nancy Scheper-Hughes har klarlagt for verda at sveltedøden er omtrent like

smertefull og langvarig som ein av dei sjukdommane folk fryktar mest:


Rabies - hundegalskap.


Så Redd Barnas annonse sette fingeren på noko svært viktig og riktig. Men da skjer alltid

noko særeigent her i Norge, seier Ivar Eskeland: Det er fingeren og ikkje saka som blir

diskusjonstemaet. Redd Barna måtte be om orsaking for at dei avslørt ein brutalitet som

våre media og politikarar veit om, men ikkje vil at publikum skal kjenne til.


I Serbia ville vi kalla slikt sensur.



I.Korleis skal eit globalt berekraftig samfunn (jamvektssamfunn) organiserast?


1.Endringar av rammevilkåra for marknadskreftene.


Av tidsomsyn vil eg berre presentere ei opprekning av tiltak her. Mange av dei vil vere sjølvforklarande, andre vil trenge meir forklaring. Dei som vil ha slike forklaringar, kan gå til sakspapira framfor Rio-toppmøtet, til artiklar i World Watch-årbøkene og til eit utal av kjelder for den slags litteratur.


Dei fleste endringane går ut på såkalla "grønn skattlegging", det vil seie at skatten blir lagt på ressursbruk, utslepp og kapital i staden for på arbeid. Visse typar økologisk reparasjonsarbeid skal vere heilt fritatt.


Slike tiltak har til denne tid hatt liten marknadsverdi. For det første er det ikkje lett å få GATT og WTO til å akseptere slike omleggingar, som dei gjerne kallar "handelshindringar". Derfor er det nesten umuleg å legge toll på produksjon som ein har bevis for er svært miljøskadeleg, og som ikkje blir møtt med "grønn skattlegging" i produksjonslandet. Derfor er det bortimot anarki på dette området, og inntil skikkelege internasjonalt forpliktande avtalar er komne i stand, er det lite dei mest økologisk bevisste nasjonane kan gjere, utan å svekke konkurranseevna for sin eigen eksportindustri.


Det er ikkje for ingen ting at den meste ressursøydande trafikken, flytransporten, ikkje er pålagt slike CO2-avgifter som andre transportformer har.


Fordelen med "grønne skattar og avgifter" er at dei ikkje grip så fundamentalt inn i marknadsmekanismen. Ein kan framleis halde på illusjonen om "fri marknad med visse tillagte eksternkostnader". Vi kunne seie at dette er "planlagt marknad".


Mykje tyder på at til og med svært høge "grønne" skattar på privatbilisme, Syden-turar med meire, ikkje vil vere til særleg nytte. Dei fleste reiser og kjører likevel, fordi dei har så helvetes god råd!


2. Dermed ender vi med planøkonomien.


Det betyr at råvaretilgang, energi og omsetning blir regulert med kvotar. Innanfor fiske og fangst er dette allereie godtatt. Det er vanskelegare å få aksept når det blir eit allment prinsipp.


Dei økopolitiske marknadsreguleringane må nødvendigvis bli strengare og meir omfattande enn dagens. Og ikkje minst må dei ramme dei rike landa hardast.


Dette kan nok føre til det eg har kalla "Versailles-syndromet": At dersom det hadde vore separate val i Versailles i 1789, ville Ludvik 16. vunne det. "Frie" val separat i rike og fattige land endrar ingen ting, så lenge ikkje forholdet mellom rike og fattige statar blir regulert av eit demokrati av overordna karakter.


Ludvik 16. ville vel aldri vunne eit heilfransk val i 1789, vel?


3. Er EU svaret?


Mange hevdar at EU er eit riktig forum for å skape ein planøkologisk maktbasis. Det er berre det at det ikkje er dette som er EUs mål. EUs mål er mest muleg vekst, frihandel og marknadsliberalisme. EUs mål er dei samme som USAs, som dei konkurrerer med.


Ein kommande EU-storstat, slik Joschka Fischer vil ha, er eit tysk framhald av andre verdskrigen med økonomiske midlar, for å snu litt på Machiavelli. Stor-Tyskland blir kjernen i Neuropa, med det slaviske området splitta: Slovenar, kroatar og bosniske muslimar er "innanfor". Dei vart også karakterisert som "ariske" av Hitler. Gjett kva han sa om serberane!


Det er dette Kåre Lunden og Georg Henrik von Wright kallar "reføydalisering": Vi får ei tid med nedbygging av velferdsstatane, egoisering og primitivisering av menneskelivet, og ein sluttkamp om jordas ressursar.

Den overnasjonale kapitalen (DOK) sørgar for å avvikle dei velordna velferdsstatane i Vest, for å avløyse

dei med privatiserte stor-regioner som har ein overnasjonal kapitalistisk kommandoøkonomi, og overnasjonale, kapitalstyrte media. Dei siste restane av økonomisk demokrati, som vi finn i småbedrifter og sjølveigande gardsbruk, skal også slukast, likeså produsent- og omsetningssamvirket. Da vil kontrollen vere total, og samfunnet totalitært.


Slik er reføydaliseringa i sin anatomi. Det heile er gammalt og kjent: Den Heilage Alliansen, denne gongen utforma med meir børs og mindre katedral.


4. Det økopolitiske alternativet.


Det er EU-motstandarane i Norge som står på linje med WTO-, WB-og MAI-motstanden verda rundt.

Denne motstanden står for dei tradisjonelle verdiane i arbeidar- og småbrukarrørslene, - for ein internasjonal solidaritet med dei fattige på heile jorda, mot den kapitalen som dei maktberande politikarane nå vil la flyte fritt. Det er vi som er ekte internasjonalistar og demokratar. Vi kan tenke oss langt meir omfattande og mektigare internasjonale organ enn dei EU bygger opp. Men dei måtte ha nesten motsette mål av EUs:


regulerte kapitalrørsler,

regulerte råvareprisar,

regulert vareutveksling i samsvar med økologisk riktige produksjonar,

regulerte tenester som ikkje trugar velferdsstaten i noko land,

regulering av ressursbruk, spesielt av lagerressursar, fiskestammer og matjord,

regulering av utslepp av CO2, KFK, hormon-hermarar og andre miljøgifter,

regulert innvandring, der også menneske frå andre verdsdelar får tilgjenge.


Alle slike reguleringar ville måtta grunngjevast ut frå økologiske kriteria, overordna all trong til økonomisk vekst.


Så vil mange seie at "dette er jo sosialisme, og det er mot menneskenaturen".


Dei som seier at slike tiltak er mot menneskenaturen, kan godt tenkast å ha rett. Men akkurat det burde få det til å gå kaldt nedover ryggen på oss alle - Høgre-folk medrekna. For da vil det berekraftige samfunnet, jamvektssamfunnet, vere "mot menneskenaturen". Konsekvensane av noko slikt må overskygge all form for prestisje-strid mellom ideologiar og religionar.


I.Globalt demokrati?


1.Dei rike land må "bindast til masta" for å oppnå globalt demokrati.


Amerikanarane har eit ordtak: "Ein kan ikkje både ha kaka og ete ho". Dersom ein ser bort frå at amerikanarane både har og et andre sine kaker, så er dette godt sagt. Vi kan ikkje både utfalde vårt nåverande forbruk og vårt konkurranse- og marknadspotensiale, og samtidig dele med dei fattige og med kommande generasjonar.


Akkurat nå går all utvikling gale vegen. Makta ligg fullt og heilt hos DOK, og det draumesamfunnet han utviklar for dei få, drar på oss alle som ein magnet. Skal vi ikkje feile, må vi gjere eit val om lag som Odyssevs mellom Scylla og Charybdis: Han stappa voks i øyra på sjøfolka, og let seg sjølv binde til masta, for at dei ikkje skulle bli lokka i døden. Dette var eit viktig poeng allereie hos filosofen Baruch de Spinoza (Tractatus Politicus 1677). Og det gjeld i høgaste grad i dag, dersom ein skal unngå Versailles-effekten.


Eit økologisk demokrati er poenget.


Det er altså ikkje snakk om å innføre eit "økologisk diktatur", men tvert om å bygge ned det diktaturet som dei rikaste 20% av jordas befolkning utøver mot dei fattigaste 80%, som er detstore fleirtalet. Det overnasjoinale kapitaldiktaturet må erstattast av eit overnasjonalt demokrati, der siktemålet ikkje lenger er å gjere dei rike enda rikare, slik dagens "kapitalistiske sentralkomitè" - Den overnasjonale kapitalen (DOK) - har som målsetting.


Eg vil også vi skal lytte til Kåre Lundens kloke ord om at vi bør sende våre utviklingshjelparar til Washington og Wall Street - utstyrt med etisk ansvar og reell makt. Ingen stad på jorda har meir akutt bruk for utviklingshjelp.


Eg veit at Hanna Kvanmo har tatt ei fortent kvil etter sin lange arbeidsdag, så når eg brukar hennes namn, er det meir som eit symbol. Men eg synest det er velgjerande for sjelen å tenke seg Hanna som sjef for eit internasjonalt guvernørkorps i Wall Street, som administratorar på vegne av Verdsparlamentet!


2.Stemmeurna eller kassa-apparatet som basis for demokratiet?


Problemet for eit globalt demokrati, har Susan George sagt, "is to force The American President and General Motors to obey democratic laws".



Den danske liberalistiske undervisningsministeren Bertel Haarder sa i 1989: På det frie markedet træder kassaapparatet og billettlugen i stedet for valgurnen".


Dette er overraskande openhjertig sagt, fordi det avslører at dei marknadsliberale vil bryte med demokratiets mest heilage prinsipp: Ein person - ei stemme. Ved valurna stiller rik og fattig likt. Det gjer vi sjølvsagt ikkje framfor kassa-apparatet. Og det er forbausande og skremmande at ein mann med slike synsmåtar kan bli statsråd i eit skandinavisk velferdsdemokrati. Dei som har stemt på han, kan ikkje ha tatt han på alvor.


Mange har kanskje undra seg over at kapitalismens nikkedokker i de sørlege Afrika og Latin-Amerika plutseleg har blitt så gode "demokratar". Årsaka er sjølvsagt at DOK ikkje lenger fryktar veljarane i dei enkelte nasjonalstatane. Folkevalte politikarar må likevel gjere akkurat som WB, IMF og WTO bestemmer.

Den dagen dei tar plass i presidentstolen, kjem representanten for desse institusjonane inn bakvegen med sin stresskoffert og legg vilkåra på bordet: Gløm det du sa til veljarane, gjer som vi bestemmer!


Når folkevalte presidentar automatisk blir nikkedokker for kapitalen, kva skal ein da med gorillaer i prangande uniformar? Dei er ei belastning for Vestens "demokratiske immitsj" - vekk med dei!



3.Riktige, men urealistiske framlegg til global demokratisk reform.


Denne skissa av ei demokratisk verdsordning er berre meint som eit diskusjonsgrunnlag.


a. Institusjonar som Verdensbanken, IMF, WTO og andre økonomiske institusjonar med vestleg dominans, blir erstatta av eit Globalt Utviklings- og Utjamningsfond (GDEF). Både EU, NAFTA og andre regionale handelsorganisasjonar må bli kontrollert av dette organet.

b. Til å administrere GDEF, og elles for å utvikle ein global grunnlov, må det veljast ei Økologisk Hovudforsamling, (Ecological Parliament, EP), ved frie og forholdsvise val. Dei landa som saboterer valprosessen, mistar retten til å vere representert.

Tilsette i multinasjonale konsern er ikkje valbare til EP, da EP skal vere eit kontrollorgan overfor desse..

FNs Hovudforsamling går over til å bli eit "andrekammer" i systemet, med ansvar først og fremst for fredspolitiske spørsmål.

c. EP kan avgjere visse saker ved simpelt og andre saker ved kvalifisert fleirtal. Det skal ikkje eksistere noko Tryggingsråd med veto, men gruppa av dei 77 fattigaste statane kan i visse saker få eit utsettande veto.

d. Til Hovudforsamlingas to kammer er det knytta eit Økologisk og Utjamningspolitisk Råd (Ecological and Egalitarian Council, EEC). Dette er ei ekspertforsamling med relativt stor makt, men berre med utsettande veto. Rådsmedlemmene skal ha vitskapleg kompetanse, helst på forskarnivå, i biologi, økologi, økonomi, juss, sosialantropologi og freds-og menneskerettsfag. Men det skal også vere muleg å knytte til seg ressurs-personar frå kulturliv, naturvernorganisasjonar, humanitære og religiøse organisasjonar. Dei kan gjerne ha politisk erfaring, men må ikkje vere tilknytta multinasjonale konsern.

e. Multinasjonale kapitalgrupper får etablere eit rådgjevande organ ved hovudkvarteret for

verdsorganisasjonen, som bør flyttast frå New York til Pnom Penh (for å rette opp att dei krigsbrotsverka FN gjorde seg skuld i mellom 1979 og 1993, sa dei anerkjente og støtta Pol Pots eksilregjering). f.Samme status får EU, NAFTA og andre organisasjonar av samme slag. Dei blir oppfatta som interesseorganisasjonar med talerett i Rådet. Lobbyverksemd ut over dette skal oppfattast som korrupsjon og bli forbode.

g. Hovudforsamlinga skal ha rett til å pålegge enkeltland å innføre grønne skattar og eit minimum av inntektsskattar. Dersom landet ikkje gjer dette, og/eller lar skattesystemet legge forstore bører på dei fattige, skal det møte internasjonale sanksjonar. Generelt må alle former for "skatteparadis" og hemmeleghald av formuer kriminaliserast. Hovudforsamlinga må få fullmakt til konfiskasjon av slike lands formuer i andre land, likeså inn- og utgåande pengetransaksjonar.

h. Kapitaloverføring frå fattige til rike land må i prinsippet vere forbode, og kan berre aksepterast etter vedtak i Hovudforsamlinga. "Frie kapitalrørsler" må få samme status internasjonalt som "fri fart" og "fri promille" i dei siviliserte lands vegtrafikklovar: Konsekvensane i form av lidingar og tapte menneskeliv er for store til at ein kan akseptere det.

i. Råvareprisane blir bestemt av Rådet i form av minimumsprisar. Dersom eit land kjøper råvarer til underpris, har andre land rett til å ta igjen denne underprisinga ved å legge toll på landet sine eksportvarer. Slike avgifter skal tilfalle Utviklingsfondet. Foredla varer frå i-land, bygd på u-landsråvarer, skal også bli belasta med toll.

j. Det blir forbode å ta patentar på biologiske varer og medisinar som u-landa har bruk for .

k. Teknologivarer frå i-land kan bli pålagt maksimalprisar. Det blir forbod mot å nekte sal av ny teknologi til u-land.

l.Utviklingsfondet skal elles finansierast ved ei generell avgift på luksusvarer og

tenester, som flytrafikk,leskedrikkar, alkohol, tobakk og liknande.

m. Det blir oppretta ein verdensvaluta under namnet "global". Valutasystemet står under oppsyn av eit eige råd tilknytta EP.

n. Alle land betaler 1% av BNP til drifta av det demokratiske FN-systemet. Dei fattigaste landa vil få ein god del tilbake i form av u-hjelp, som heretter skal vere multilateral.

o. Hovudforsamlinga har utsendt guvernørar i alle land. Guvernøren er "verdensstatens representant i landet", og har omfattande kontrollfuksjonar. Ho skal kommentere den økologiske og økonomiske politikken som landet fører, nasjonalt såvel som internasjonalt, og komme med råd til Hovudforsamlinga om eventuelle sanksjonar. Guvernørane må ikkje rekrutterast frå maktberande lag i rike land. Det bør vere ein kvalifikasjon dersom dei politisk hører til venstresida eller til konsekvente verdikonservative grupper. Jappar og karrierefolk får berre lov til å bere tebrett i guvernørbustaden.



Til slutt vil eg få takke for at eg har fått komme til orde ved Sjøkrigsskolen. Eg er ikkje bortskjemt å få ytringsrett, verken i aviser eller andre media. Eg reknar ikkje med noka masseomvending av forsamlinga. Men kanskje er ikkje det offisielle og politisk korrekte bildet av verda like sjølvsagt som før. Dersom nokre få begynner å tenke nytt etter dette, er eg nøgd. Takk for at de hørte på meg!