Vitne til kroatiske massakrar på

serberar er myrda.



Den 28.08.00 vart Milan Levar drepen av ein eksplosjon i heimen sin i byenGospic i Kroatia.

Han var ingen kvensomhelst i heimlandet, for han var den einaste kroaten som har sagt seg villig til å vitne mot eigne landsmenn om tortur og drap overfor serbiske krigsfangar og sivile. Krigsforbrytardomstolen i Haag kallar han eit hovudvitne. Men dei har ingen ting gjort for å sikre han mot å bli truga på livet i heimlandet, og dei har heller ikkje krevd å få følgje den såkalla "etterforskinga" som kroatisk politi har innleidd, slik domstolen alltid har gjort når det gjeld vitne mot serberane.

Både Kroatia og domstolen i Haag kan dessutan ta det med ro: Mordet er knapt registrert av vestlege media. I Norden er det berre ein liten notis i dansk Information om saka. Det nye regimet i Kroatia har ekstremt velvillig presse i Vesten.

Men akkurat som både Arbeiderpartiet og Likud i Israel er beinharde sionistar, er det nye regimet i Zagreb like ekstremt nasjonalistisk som Tudjman. Dei brukar berre eit meir forsiktig språk, slik også det israelske Arbeiderpartiet har gjort når dei har bomba flyktningleirar og knust armane på palestinske barn som kastar stein. Eit regime må dømmast etter sine gjerningar, ikkje etter reklamen.

Vi veit at 9000 serberar i følgje FN vart drepne under Kroatias annektering av Krajina. Kor mange som vart drepne i Aust- og Vest-Slavonia, er ikkje oppgitt. Talet er sikkert ikkje mindre. Men ennå er ingen kroat dømt for mord på serberar i Haag, og ingen kroatisk politikar er innstemna til domstolen, trass i at fleire FN- instansar har innstilt på dette.

Konklusjon: Vesten oppfattar mord på serberar som "bagatellmessige". Det er knapt nokon skilnad på dette og Hitlers karakteristikk av serberane som "Untermenschen".



Hartvig Sætra,

NKP






    (KLIKK HER.)
    TIL MARXISTISK LITTERATUR.
    INNFØRINGSKURS I MARXISME.


    Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.