Kommunistane på Nordkalotten går imot denne politikken og fremjar ein rettferdig, annan veg: - Vi krev at regjeringane i Finland, Noreg og Sverige endrar politikken sin slik at folk sine inntekter og levekår vert trygga. Vi seier NEI til privatisering av offentlege tenester og ressursar, og krev at grunnleggjande tenester framleis blir eit samfunnsansvar. - Vi vil motarbeide militarismen, til gagn for freden. Eit strakstiltak er å kutte militærbudsjetta til halvparten. |
- For å verne om dei nasjonale økonomiane og sikre folks utkomme, må kapitalflyten regulerast. Ut frå dette seier vi NEI til norsk medlemskap i EU og EU-tilpassing gjennom EØS; og svensk medlemskap i ØMU. Vi går inn for at Finland og Sverige forlet EU, og aksepterer ikkje unionens ny-koloniale politikk mot Nordvest-Russland, den såkalla "nordiske dimensjonen". - Utbyttet til kapitaleigarane må bli oreigna gjennom skattlegging og komme folket til gode. Grupper med høge inntekter må skattleggast til gagn for pensjonistar, studentar, arbeidslause og sjukmelde. Fagrørsla skal ha hovudrolla i fordelingspolitikken. Vi krev krafttiltak for fleire jobbar på Nordkalotten. Helsestell og eldreomsorg må få auka, ikkje mindre løyvingar. |