Ubalanserte reportasjer.



Eg har i tidlegare kommentar påvist kor ubalansert Tveits reportasje frå Tyrkia var. Nå er han komen til Kososvo. Og der lagar han slike reportasjer som han burde ha gjort frå Tyrkia: Han stiller seg klart på albanarane si side, ut fra den tankegangen at "folk må få bestemme sjøl kva stat dei vil høre til."

Det er partiske reportasjer, men i og for seg akseptable, sjølv om dei einaste sivile serberane som kom til orde - eit par nonner - vart dårleg behandla.

Men dei to reportasjene - frå Tyrkia til Kosovo - dannar til samen ein heilskap som ikkje er akseptabel journalistikk. I Tyrkia vart broren til ein soldat i undertrykkar-hæren gitt heltestatus, mens frigjeringsstyrkane vart omtala nærmast som "terroristar" i det tyrkiske regimets ånd.

Den enorme forskjellen kjem likevel best fram ved at Tveit og Dagsrevyen får lov av det serbiske styret til å drive ubegrensa med reportasjer frå geriljakontrollert område, på serbisk jord. Noko slikt er fullstendig utenkeleg i Tyrkia. Derfor har det skjedd dusinvis av massakrar av langt verre type enn Racak i Tyrkia, utan at ein einaste moralsk forarga reporter frå Dagsrevyen har fått lov å drive reportasjer på staden.

Kanskje dei ikkje ein gong har prøvd å komme til dei 3000 landsbyane som er rasert i Kurdistan? Kanskje Dagsrevyen helst ser at massakrer og etnisk utrensing i Kurdistan blir dyssa ned? Eg veit dette er ein provokasjon. Men det kan virke som det er tilfellet.

Den paralelle behandlinga i NRK og andre norske media av Kurdistan og Kosovo er eit lærebokeksempel på dobbeltmoral og partisk propagandistisk journalistikk. Mi erfaring er at forbausande mange nordmenn gjennomskodar dette. Som ein av dei ytterst få kommentatorer i Norge som prøver å gå media i saumene på frilans-basis, er eg overvelda av kor mange som reagerer posistivt på mine kommentarar.

Så sant dei kjem på trykk, da. For dess betre bakgrunnsmateriale ein har for kritikken av media, dess vanskelegare ser det ut til å vere å komme til orde. Denne tendensen er enda sterkare i dag enn under den kalde krigen. Da var det meir risikabelt å undertrykke kritiske røyster, fordi partiet SF/SV fungerte som eit korrektiv.

I dag er det ikkje slik, - nærmast tvert imot, - og det legitimerar ei sterkare undertrykking av kritiske kommentatorer enn det vi opplevde både under Algerie-krigen, Vietnam-krigen og Palestina-konfliktens første periode.

Det er sagt at sanninga er det første offeret i ein krig. Og krigen mot Serbia var tydeligvis i gang den 20.02.

Kva kan ein vente av NRK/Tveit for å kunne frikjenne dei for å vere propagandister for ein krig mot Serbia?

At dei i det minste ser paralellen mellom Tyrkia og Serbia. At ei samanlikning ut frå fakta logisk sett vil stille sistnemnte i betre lys, kan vi neppe vente å få framført i NRK. Men mange vil kjenne det som eit enormt framsteg dersom vi slepp den pinlege dobbeltmoralen i desse sakene. Ein dobbeltmoral som lett kan få rasistiske overtonar.

Personleg ser eg fram til den dagen da alle folkeslag og etniske grupper blir likebehandla i NRK og andre store norske media. Etter at palestinarane har sluppe unna rasismen frå 50-, 60 og 70-talet, hadde mange av oss eit håp. Men i dagens situasjon kan vi visst glømme det. Og SVs svik er eit komfortabelt alibi for dobbeltmoralen.

Hartvig Sætra



TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.