Den talen som er gjengitt her, er omsett frå engelsk av underskrivne. Den vart halden i Vojvodinas hovudstad Novi Sad for 150 000 menneske som feira opninga av ei kombinert veg- og jernbanebru, den første som er bygd opp att etter krigen. Som i alle politikar-talar er det mykje sjølvskryt. Men talen er på den andre sida forsonleg og mild, spesielt mot den indre opposisjonen. Den raske gjenreisinga av landet, som forbausar politikarar og media i vest, har nok gjort at Milosevic opptrer mindre nevrotisk og panegyrisk enn han vanlegvis gjer.
For eit år sidan var vi inne i ein krig som var påført oss utanfrå. Det var NATOs aggresjon. Og det var eitt av dei mest brutale eksempel på vald mot eit folk som vi har sett i Europa etter andre verdskrigen. Det var på alle måtar ein uvanleg krig. Krigen vart påført oss av dei største og sterkaste maktene i Europa, under kommando av eit ikkje-europeisk land, USA. Det var dei sterkaste krigsmaktene i vår samtid som slo laus på eit relativt lite europeisk land, som på førehand var utmatta av økonomiske sanksjonar frå dei samme landa. Dei gjorde det fordi sanksjonane ikkje fekk folket vårt til å gjere som dei ville - å gi etter, miste kampviljen og gi avkall på fridomen. Korfor har Serbia blitt pålagt desse grufulle boikottaksjonane, og korfor er landet blitt utsett for ein enda meir brutal krig? Kriminelle og mordarar vil aldri klare å rettferdiggjere sine misgjerningar til noko intelligent og ærleg menneske. Når forklaringa går opp for folk rundt i verda, vil desse kriminelle bli historie. Men inntil da vil ugjerningane mot Serbia plage samvitet til ei heil verd. Det er faktisk ei lita trøyst for oss at vårt folks mordarar søv dårleg så lenge dei lever. Til og med dei verste folka får av og til eit lysglimt i delar av sitt samvit og sin forstand, slik at dei begrip at det dei gjorde var vondt. Ideologar og NATO-kommandantar, og til og med deira lydige armè, vil få vanskar med å unngå desse realitetane. Og vi, med vår slaviske natur, tenderer til å tilgi, spesielt dei som ikkje var direkte ansvarlege. Mange er dei som har halde seg vakne heile tida etter krigen. Ikkje på grunn av pang-opplevingar i samvitet, men på grunn av ei ærefull ansvarskjensle. I dette landet har det, frå den dagen krigen slutta til i dag, vore mange som ikkje har sove stort om natta fordi dei har arbeidd heile tida. På mindre enn eitt år har dette utbomba landet blitt gjenoppbygd så raskt at noko tilsvarande neppe er registrert tidlegare i det moderne Europa. Sjølvsagt har vi ikkje klart å bygge alt opp igjen; til det var øydeleggingane altfor omfattande. Det var store skadar på appartementshus, familiebustader, skolar, kyrkjer, kloster, hospital og helseinstitusjonar. Men det meste er nå reparert og modernisert i raskt tempo. Denne brua som vi opnar for allmenn bruk i dag, symboliserer derfor på beste måte den imponerande daglege gjenreisinga av landet. Så langt har ingen i heile verda klart å bygge denne typen prosjekt, som normalt tar to år, på 100 dagar. Og hugs at det er ei kombinert bru for landeveg og jernbane! Det var derfor vi kom hit med tog. Og ikkje kva som helst tog! Vi kom her i eit tog der vognene er av innanlandsk produksjon.. Dei er utforma og bygd i våre fabrikkar for å tåle ein fart på opptil 200 km/t. Det er ein stor siger for oss, da berre tre andre land i Europa kan produsere slike vogner.
|
Vi har overvelda fiendane våre, ikkje fordi vi er militært sterkare, men fordi vi er betre til å takle den sivile gjenoppbygginga. Det er ein kombinasjon som får verda rundt til å undrast. Vi i Jugoslavia, det mest europeiske landet av alle, bygger landet vårt med ein god del kjærleik og massevis av kunnskapar og arbeid. Er det noko som Europa skulle vere stolt av i året 2000, så er det gjenoppbygginga av Serbia. Og er det noko Europa burde skjemmast av i 1999, så er det raseringa av Serbia. Ingen skal fortelje oss kvar Europa er og ikkje er. Først og fremst er Europa å finne på kvar fot av jord som hører til det europeiske kontinentet. Å klassifisere europeiske land på den måten at nokon "er med i Europa", andre "ventar på å bli med", det er ei kynisk oppdeling av menneske og folkeslag i "overlegne" og "underlegne". Dersom Europa aksepterer dette, risikerer ein sjølv å komme i klemma seinare, dersom andre verdsdelar kjenner seg økonomisk og rasemessig overlegne. Der finst ikkje høgtståande eller lågtståande rasar og folkeslag. Men det finst bra og mindre bra menneske innafor alle rasar og alle folkeslag. Dei beste menneska er dei som har sjølvtillit, men som også respekterer andre; som bygger sitt og sitt eige lands omdømme på eigen dugleik og kapasitet, men også er villig til å hjelpe andre, spesielt dei som er vanskelegstilte. Dei elskar gode folk og trur på det gode. Og kven er dei vonde? Heile verda såg det for eit år sidan, da bruene i Novi Sad forsvann med eit brak. Dei verste menneska utanfor Jugoslavia øydela landet vårt. Dei verste menneska innanfor Jugoslavia går i dag i deira teneste. Dei som øydela bruene våre, og vi, som bygger dei opp att, kan lære Europa og verda utanfor ei lekse. La Europa - historisk viktig, men motlaus ved slutten av det 20. hundreåret - lære av det vesle Serbia, også gjennom denne brua, som symboliserer menneskeleg fridom og sjølvrespekt. På kva slags verdiar skal vi bygge ein ny æra for menneska? Skal det vere slik at kva som helst land i heile verda kan bli neste mål - "next target"? (Ordet "target" og "målskiva" vart som kjent symbolet for krigsmotstanden i 1999. hs.) Dersom verda ikkje ønskar det slik, må det byggast opp ein fast og resolutt motstand mot denne urettferdige verdsordninga, akkurat som det i fjor vart bygd opp ein samla motstand i det serbiske samfunnet mot brutaliteten og uretten frå krigsmaktene. Lenge leve dei heroiske og kreative folkeslaga i Serbia! Lenge leve det frie Jugoslavia! La det bli eit fritt Europa! Eg gratulerer bygningsfolka med det store suksessen som denne brua er eit teikn på, og takkar for deira bidrag til gjenreisinga av landet, og for deira store patriotisme. Eit land blir best elska av dei som verjar det, bygger det og utviklar det. Eg ønskar også familiane dykkar til lykke. Mitt ønske for innbyggarane i Vojvodina er at denne brua blir eit symbol for alle folka som bur i provinsen. Eg gir brua namn etter Bosko Perosevic, og ønskar hell og lykke for heile landet vårt." Hartvig Sætra |